søndag, desember 04, 2005



Christmas caroling i thaistil
Christmas caroling er vorte ein tradisjon i den lutherske kyrkja her i Thailand. Kvar kyrkjelyd reiser rundt og "syng jula inn" til sine medlemmer. I går kveld var det vår tur: Ungdomsgruppa i kyrkja hadde i god tid sendt ut brev og bedt om å få kome og ynskje oss god jul. Bangkok er sein stor by, og det er vanleg at denne caroling-turneen tek heile natta. Me var difor budde på å vente... Men, kl. 23 høyrde me julesong ute i hagen. Der stod 13 ungdomar med gitar, kubbelys og store smil. Thai-versjonen av "Bjelleklang" var jo ei oppleving! Etterpå var det inn i stova til meir roleg sang og bøn for familien og heimen vår. Ein liten pakke fekk me òg. Enkel servering vert forventa, og våre julevener var svoltne! NMS kollegar (og naboar) Merete og Knut var med, og gjorde sitt til at stemningen var upåklageleg. Etter litt måtte ungdomane vidare, det var enno mange som venta. Det vart nok ei lang natts ferd mot dag... Me vinka dei vel avgarde (13 stk stua inn i ein Toyota pickup) og rusla inn att. Det kjendes godt å vera i Bangkok og få vera del av det kristne fellesskapet her. Måtte desse unge, sprudlande kristne verta rikleg velsigna slik dei i går velsigna oss andre!

Ingen kommentarer: