torsdag, desember 29, 2005

3 dagar julefeiring i Santikham

22.desember:
Tante og onkel kom i går. I dag var det julegåveinnkjøp før roen senka seg og me kunne opna eska med julepynten. Juletreet vart pakka ut, 200 lys hengt på og alle var med på pynting. Jenny var mest med som heia-gjeng...

23.desember:
På kvelden kom kyrkjelyden vår, Santitham,på Cristmas caroling. Ca. 30 stk stod utanfor huset vår og sang jula inn... Nydeleg. Etterpå var det frukt, kaker, sjokolade og norske kakemenner.





Då me sat og åt restar etter før-julsbesøket, fann me ut det var på tide med den siste finish'en på julepyntinga; eit skikkeleg vintervindu! Ut for å kjøpa snø på boks (døgnopne butikkar er ein fin ting...) og tape opp plastfolie på vinduet, det får fram frosteffekten. Eit fantastisk resultat!


24.desember
Signe synes det var litt nifst med nissen som skulle kome om natta, og ville helst ikkje hengje opp sokk i det heile... Det var derimot gløymt morgonen etter då ho fann sokken full med "lørdagssnop", nisselue og engel...


Her er mine tre nissar samla julafta morgon.




Etter skandinavisk julegudsteneste var me samla 15 stk for julegraut m/mandel og ursyning av "3 nøtter til Askepott" (nett fått DVD frå Noreg).


Etter at halvparten av grauten var ete (mykje att til riskrem...), og Askepott fått sin prins, var det tid for juletregang. Her i heimen hadd me øvd mest på O, jul med din glede og Rundt om en enebærbusk. Så, me fekk trimma litt før julemiddagen.

Endeleg tid for julepakkane. Onkel Odd Olav las og Signe delte ut.
Det gjekk stort sett i to haugar...

Då våre to minste nissar var vel i seng, sette me vaksne oss til bordet. Pinnekjøtet var akkurat slik det skulle vera, og me åt oss akkurat litt for mette for dessert, slik me plar gjera. Etterpå var det Tufte IL. Me lo oss langt inn i dei små timar....

1 kommentar:

Anonym sa...

GOD JUL til dere også!!! ser dere har hatt ein hyggeleg julefeiring med god mat og godt lag. Ha ein fortsatt god romjulstid. Mange klemmer frå oss på Hamre=)