mandag, desember 19, 2005


Engler daler ned...

Preiketeksten for 4.søndag i advent her i Thailand var om engelen Gabriel som kom til Maria med bodskapen om Jesusbarnet. I vår kyrkjelyd, Santitham, set dei opp liste over kven som får lov til å preike. Eg (Anne Brit) var sett opp to søndagar denne hausten, og i går var det på ny min tur. Må innrømma at eg framleis skuldar på at eg er jo så ny, og får såleis lov til å bruka engelsk... I går prøvde eg iherdig å formidla noko om Guds nåde til oss og at ingenting er umogleg for Gud.



Sidan òg ein engel var sentral i teksten, og det nærmar seg veldig jul, hadde me ein bitteliten juleverkstad etter gudstenesta. Arne hadde kjøpt inn pappatallerkar og glitter, og alle fekk i oppdrag å laga englar. Dette slo verkeleg an! Store og små teikna og limte. Òg biskopen sette seg på golvet og laga sin glitterengel. Tips til kyrkjekaffi-aktivitet heime? Vart ikkje englane kjempefine?

Ingen kommentarer: