torsdag, november 24, 2005



Signe skulejente

Her er Signe fyrste skuledag, på veg til Nursery på St. Andrews. Kjempekry! Skuledagen er frå 8 - 12 kvar dag, køyrer skulebuss til og frå, det er stas. Ho får allereie masse ros av læraren som seier at "Signe is an independent girl", og det veit jo me foreldre alt om...Engelsk er visst ikkje så vanskeleg heller, no går det i "please", "good morning" og mamma er no "mummy" (for det seier Sophie i klassen til si mamma). Så, det er berre å innsjå; Signe har vorte stor jente, eller lita dame som ho seier sjølv...

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei. Kjekt å sjå at dere og har fått dere blogg. No kan vi følge meir med på kva som skjer i Bangkok og. Fint at Signe har funne seg til rette på skulen. Filip går i barnehage og trives der. Hilsen misjonærer i Norge