fredag, november 24, 2006

Bakover-salto (utan skru)

Her er det liv ved frukostbordet! Det er til tider mykje lyd og (altfor) mykje aktivitet når 4 born i alderen 9 mnd til 4 år + foreldre skal få i seg litt mat ein sein morgon.

Signe skulle berre gå frå bordet på sin eigen måte då heile stolen vippa bakover og ho krasjlandet i glasskap-reolen rett bak. Då me såg at håret hennar plutseleg skifta farge til raudt, skjøna me at her var det meir enn ein liten kul. Godt at me har sjukepleiar-Annette her!

Avgarde til sjukehuset og inn på akutten. Ein heller traumatisk oppleving både for Signe og mamma’n, med ein lege som ikkje var særleg interessert i å venta til bedøvinga virka og heller satsa på sterke sjukepleiarar til å halda ein skrikande unge…

No er det 3 blå sting i hovudet på vesle-jenta vår, og kontroll på sjukehuset kvar dag. Det er vel ein merkedag for alle foreldre fyrste gong ein av dei små må til legen for å sy, ikkje sant?

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hei Anne Brit og Arne, og takk for sist. No har eg kost meg med bloggen dykkar. Eg sit og oppdaterer meg litt om arbeidet i Thailand. me skal ha misjonssøndag i Odda i morgon.
Håpar Signe kjem frå det med skrekken!
Ha ei fin førjulstid!

Maria og Espen Tveten sa...

Fy søren. Stakkers Signe og stakkars mamma. Har forferdelig dårlige minner fra da Henrik måtte sy noen sting på sykehus i Bangkok. Får helt vondt i meg når jeg tenker på det. "Så derfor tenker vi ikke mer på det", som Turte i Blåfjell sier (vi har tjuvstartet).
God bedring og brake a leg.

Maria