Signe var i grunnen fornøgd med å kome heim att sidan me for tida har besøk av Sverre (4 år). Sverre ferierer saman med lillebror Åsmund, mamma Annette og pappa Lars Petter. I dag hadde dei tenkt seg ein tur i krokodille-parken, og grunna skulefri fekk Signe vera med!
Utstyrt med rosa veske, solhatt, solbriller og ny solkjole var ho klar for tur! Stas å reise sånn utan mamma og pappa! Vel heime att kunne ho fortelje om små krokodiller og store krokodiller og at ho hadde fått is.No satsar me på at ei eventuell smitte har prella av Signe og at me om ikkje lenge er attende i normale rutinar att.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar