lørdag, mars 10, 2007

Feiring 4 dager til endes....


Her er det fortsatt 4 år som gjelder, og i dag kan me rapportera om vel blåst bursdagsfeiring med kindergarten-klassen frå St.Andrews. Oppmøtet var heller labert, kun 6 små kom, men det la ingen dempar på feiringa! No i kveld er me foreldre ganske så letta over at ikkje alle 13 kunne koma...

På menyen var spaghetti og pizza og masse, masse brus! I pausen før kakene hadde me leigd inn Caja og Talette (Vidnes) til å underhalda gjestene. Det var kjempesuksess!!!! Små og store lot seg riva med i pakkeleik og bro-bro-brille og lo seg nesten skakke.

Bursdagskaka var sjølvsagt prinsessekake (Ole Brumm perioden er definitivt over), og takka vere Cathrine kunne me by på heimelaga sjokoladekake (hadde så lyst til å ta ære for den kaka sjølv...).

No er det leggetid i heimen, 2 trøytte og oppsøta jenter er klare for senga. Me vaksne skal bare siga ned i sofaen, eta kakerester og kjenna på at det er leeeenge til 5-års feiring, heldigvis!

1 kommentar:

Kjartan, Eirin, Kaja og Mathea Sørheim sa...

Kjære Signe!

Gratulere så masse med dagen på itteskudd. Du e ei kjempeflotte jenta som me e glae for å kjenna. Godt at du e friske igjen.

Klem fra oss på landsbygdå