Heldig for oss hadde fleire vore inne på same tanken, og me traff både nabofamilien Hallen og nabofamilien Laulainen (misjonærkollegar frå Finland) opptil fleire gonger. Ein av dagane tok me med oss Signe og venninnene Line og
Amanda for litt "neglepynting". Jenny hang med som ho alltid gjer når noko spanade skjer.
Amanda for litt "neglepynting". Jenny hang med som ho alltid gjer når noko spanade skjer.Å gå i Hua Hins gater me 4 blonde små-jenter var ei oppleving. "Alle" snudde seg, smilte, telte og peika på magen min: "Oi, 4 jenter og enno ei i magen....". Så produktive har me altså ikkje vore, men at det var eit nydeleg skue - det var det!
Jentene sat fint på rekke og rad og fekk neglelakk på hender og føter, den eine meir rosa enn den andre. Jenny, som jo berre var med for turen, fekk den beste servicen av alle. 3 damer ordna ulik farge på kvar lita negl. Treng vel ikkje seie at vår vesle dame var stornøgd etterpå!Det er godt å få lov å vera turist i Thailand!


Vi bestilte buss med avgang kl 9. Innen den tid var det kommet 30 stk, alle med lapp hjemmefra om at de fekk lov til å være med. Noen stilte dessverre uten lov, og noen var under aldersgrensa på 7 år, så de måtte gå hjem med store tårer nedover kinnet...










