Godgutten vår har bursdag i dag. Takk for eit flott år, Gabriel!
Lucia-feiring i Fantasia. Det har no vorte ein tradisjon at jentene våre går Lucia i nabolaget 13.desember. Saknet av Line (Hallen) var stort i år, sidan Signe brått vart ansvarleg for det meste av synginga, noko som kan Lucia-sangen på engelsk? Amanda frå Finland vart med i år, som i fjor. Nye av året var Pearle og Ploy, men sidan heller ikkje dei kan eit ord norsk, tok me med dvd-spelaren i bakgrunnen. Små, kvitkledde Luciaèr med lys og småkaker er uansett en suksess, og ingen svidde klede eller hårtustar i år heller, heldigvis.
Veka etter fekk me reisa på juleverkstad i Mukdahan. Heile familien storkoste seg, og fekk verkeleg utfordringar i fleng med julepyntlaging. Fletta hjertekorger er framleis eit stort mysterium. På gruppa vår var fam Heggernes som må seiast kanskje streva like mykje som oss. Men frykteleg gøy var det! Til slutt fekk jentene våre vera med på julespel, "Når nettene er lange", som bilete syner; Mykje moro det òg! Takk Kari, Kine og Ann for ein julevarm kveld!
Julekvelden vår var koseleg, varm, kaotisk og livlig. Akkurat slik det skal vera når 5 born under 6 år skal vente på pakkar, ete rar mat, gå rundt juletreet og opne pakkar. Det vart barnas kveld.
Eittåringane våre; Mari, Mads og Ragnhild + Haldstudent Else var med og gjorde kvelden ekstra fin for både born og oss vaksne. At Mads handvispa ein liter fløyte til riskrem og
waldorfsalat fortener å nemnast, bra jobba! Mari har i grunnen oppsummert julekvelden på sin blogg, sjekk den ut her.
Heilt sidan i vår då Cherry spurde om Signe og Jenny kunne vera rose-jenter i bryllupet. Som erfaren bryllupsgjest visste Signe godt kva det innebar:
Fin kjole, pynt i håret og nye sko. Selvfølgeleg ville jentene det!!! Gabriel skulle vera brudesvenn, men ombestemte seg i siste liten og snudde seg for å gå ut heller...
Me klarte til og med å få våre 3 små til å sitje i ro på kyrkjetrappa i akkurat 30 sekund, slik at me fekk eit bilete (takk til deg, Silje!).
Demonstrasjonar, gule og røde t-skjorter, demokrati eller ikkje er samtaleemnene overalt. Mange er redde for rykte til Thailand som eit "smilets land". Det spekuleres vilt i ulike teoriar, men dei fleste (inkl avisene) vedgår at dei rett og slett ikkje forstår heilt kva som skjer, og ikkje aner kva utfallet vil verta.
Sist søndag var det vigsling av ny kyrkje. Det er ikkje kvardagskost i ELCT, og invitasjonar var sendt ut til dei fleste. Tomtene i storbyen Bangkok vert ikkje selde på billigsal, slik at ei kyrkjetomt innanfor eit rimeleg budsjett må ein dessverre finna litt utanfor sentrum. Vegen var både kronglete og smal (slik seg hør og bør!) før me kom fram til nye Ruampraporn/Blessing Church. Eit flott bygg var det, med klokketårn og greier.
Før kollekt-posane vart sendt rundt fortale evangelisten historia om pengesetlane som snakka saman om kva dei fekk oppleva. 1000 baht setelen fekk sjå seg rundt på dei dyre kjøpesentra, 100 baht setelen var ofte på Lotus og andre marknader, medan den grøne 20 baht pengen var den einaste som vitja kyrkja. Me vart sterkt oppmoda om å introdusera 1000 baht til kyrkjelivet...
skulen hadde dei ei lita markering med borna, alle fekk lage kvar sin krathong (blome-oppstats) og satte den ut i bassenget. Etterpå laga
dei enno ein ny saman med Phi Noy, og dei vart så fine at Signe vil spare sin til neste år. Er redd bananblada vert ganske så visne før den tid.
Veka etter var det samling på Strandleiren og møter på HA. Gode dagar. Mange fang å sitje på for ein som gjerne ville delta i diskusjonen...
Også i år, som i fjor, fikk vi hjelp fra Hald-teamet som tok fri fra språkskolen og ble med som voksenledere,
Mange satt hele turen i setene sine og bare så på alt de kjørte forbi: Rismarker, saltmarker, skog, åser og til slutt - havet. Mye nytt å se på for barna som er vokst opp under en motorvei i Bangkok.
Vel fremme gikk det ikke lenge før de første var i vannet, sikret med både en og to baderinger! Dette var en opplevelse for mange, og det var noen triste fjes da de måtte gi seg og starte på hjemreisen. Men, gjett om de koste seg så lenge det varte!
Det var salmer og lovsong i den Evangelisk Lutherske Kyrkja i Thailand i går kveld. 14 år etter at kyrkja vart grunnlagt kunne medlemmene feira at dei hadde fått si eiga salmebok. Ei salmebok med bidrag frå eigne musikarar og med nylaga salmer til dåp, bryllup, gravferd etc.
8 teologistudentar på praktikum har vore eit særs hyggjeleg og interessant bekjentskap! God-orda har hagla frå alle som har møtt dei i kyrkja, og familiens jenter her
vart sjarmert ganske i senk av nydeleg sang og barnetekke... Studentane har dessverre måtte tåle noko vaklande oversetjingshjelp frå ein stakkars samfunnsvitar som ikkje aner kva som ligg i "pastoral identitet" eller "kontekstuell gudsteneste" verken på norsk eller thai...
Onsdag var det usedvanleg fullt heime i Fantasia-huset vårt. I tillegg til misjonærar og eittåringar var det 12 jenter på interkulturell forståelse- studie (+ sjef Rune) samla. Dei deltek på gjesteforelesingar ved eit universitet her i byen, så me ser kanskje meir til dei framover. Dei fekk litt "sticky rice" og nudler av oss og me fekk sjokolade og kaviar i retur, ein perfekt byttehandel!
Så til sist; Årets Hald-team er på plass! Silje, Hanne, Cecilie og Else skal jobbe her i kyrkja fram til april, to stk i Mukdahan og to her på Lovsangshjemmet i Bangkok. 
Me har hatt gode dagar heime i Bangkok og late, solrike dagar i Hua Hin. I tillegg har me hatt frøken Norge på besøk (masse lukke til i Ukraina, Lene! Du vert neste Miss World!), kjøpt oss grill og Jenny har lært å svømme!
Fyrste helga i august kom Besto, onkel Trond, tante Torhild, Kristin og Elin på sin tredje Thailand-tur. Det var absolutt sommarens høgdepunkt! Saman kjørte me langt, og lengre enn langt, til Chiang Mai og Chiang Rai.
Etter fem år her i landet var det på tide at me fekk oppleva nord-Thailand! Flott natur, fjell, svingar og regn - nesten som sommar i Noreg med andre ord! Bilete til høgre seier vel det meste, mykje flott som suser forbi i bilvinduet, treng vel ikkje stoppe, vel?
Før jobb-og skulestart reiste Gabriel og mamma`n til Stavanger for å læra meir om NMS. Mammapermisjonen vart brått avslutta i juni og no jobbes det for fullt, iallfall til utpå nyåret.
Alt var ikkje berre jobbing
i Noreg, me fekk òg tid til å møta både tanter, onklar, søskenbarn og vener. I tillegg kom ein splitter ny fetter Jonas ut av magen til tante Laila akkurat i rett tid så me fekk helsa på.