onsdag, februar 06, 2008

Fahrang og fastelaven

Det var tett i tett med fahrangar på gudstenesta søndag. 5 nordmenn (på tur med Ravinala reiser) og 6 finnar + 5 misjonærar og barn fyller ganske godt opp i eit lite rom. I ekte thai-stil vart det sjølvsagt tatt bilete. Så, her er me, alle saman!
Evangelisten vår var kjempeglad og hadde førebudd 2 runder med offer-posane sidan me hadde sånt fint besøk. "Takk Gud", sa alle i kyrkjelyden og gjorde sitt beste for at utlendingane skulle få ein fin søndag føremiddag.

Og ei minnerik oppleving vart det. Då me avslutta gudstenesta syngjande, i ein stor ring rundt heile rommet for å ta imot nattverden, var det flott!

Vel heime vart me invitert på kaffe til våre gode kollegar og naboar, Heidi og Jari. Dei serverte boller med krem. Ein finsk tradisjon søndag før fastetida, forklarte Heidi.

Ååå, er det fastelaven i dag?? sa me. Og det var det visst... Sånn går det når me ikkje eig ein einaste norsk kalender!

Inspirert av fotoseansen tidlegare på dagen tok me eit fint og oppstilt bilete av våre finske vener, Gabriel og dei før omtalte fastelavensbollene.

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei og hopp=)

dokke glemte nå ei helsing t BIKEY den 5 Februar...off a meg...

Jaja, ser ut så dokke har det bra uansitt:):)

HA ei fine helg.