Gabriel er blitt stor, og vil bestemme alt sjølv og gjere alt sjølv.
Det han likar aller best er
å sjå på film. Barney (denne store lilla amerikanske dinosauren) og Kipper (søt liten engelsk hund) er klare favorittar, trass i at han ikkje skjøner eit ord av kva som blir sagt. Gabriel kan sitje heile dagen å sjå film, godt tilbakelent i godstolen, med eit glass vatn og fjernkontrollen innan rekkevidde (så han slepp å gå ut av stolen). Ikkje bra.
Me snakka med læraren i nursery på skulen til Jenny; Er det mogleg at Gabriel kan tjuvstarte litt no i vår? Ms Minke var veldig grei, og tok godt imot Gabriel mandag sist veke. Det var
ein kjempestolt liten gutt i uniform som kravla inn i skulebussen. 2. dagen var det så vidt han hadde tid til å vinke "ha-det" til mamma og pappa...
Sjølv om han er eit år yngre enn klassekameratane ser det ut til at det går fint. Fyrste engelske
ord er òg på plass: "Tidy up", seier han no med myndig stemme.
Denne veka er det verdas bokveke, og s
kulen inviterte ungane til å ta med bamse, yndlingsbok og
pyjamas i dag. Gabriel stilte med Barney-bamsen (sjølvsagt!) og las Molly-bok. På morgensamlinga gjekk han fram med storesøster, og brydde seg lite om eit publikum på over 100 voksne og barn.
Skuledagen for dei minste i nursery varer bare til lunsj, og då er det ein sliten Gabriel som kjem heim.
Barney, Kipper og dvd-spelaren har fått ein fortent pause og me har fått ein glad "skulegutt".
Det han likar aller best er

Me snakka med læraren i nursery på skulen til Jenny; Er det mogleg at Gabriel kan tjuvstarte litt no i vår? Ms Minke var veldig grei, og tok godt imot Gabriel mandag sist veke. Det var

Sjølv om han er eit år yngre enn klassekameratane ser det ut til at det går fint. Fyrste engelske

Denne veka er det verdas bokveke, og s

pyjamas i dag. Gabriel stilte med Barney-bamsen (sjølvsagt!) og las Molly-bok. På morgensamlinga gjekk han fram med storesøster, og brydde seg lite om eit publikum på over 100 voksne og barn.
Skuledagen for dei minste i nursery varer bare til lunsj, og då er det ein sliten Gabriel som kjem heim.
Barney, Kipper og dvd-spelaren har fått ein fortent pause og me har fått ein glad "skulegutt".
2 kommentarer:
Kjekt å høre fra Gabriel. Blir godt å treffe dere igjen.
Så hærlige i uniform:) Vil hatt dæ i Norge ao æg! Kan tenka mæg han klarte seg godt ja:)
BK
Legg inn en kommentar