Påskefeiringa er over i Bangkok òg. Det vart familiefeiring (me har fått tante Torhild, onkel Trond og Kristin og Elin på besøk) heime i Bangkok, med masse norsk påskesnop :=).
I kyrkja vår hadde dei lagt opp eit kjempeprogram for påskeveka.
Skjærtorsdag kom 25 stk til oss for gudsteneste med fotvask og nattverd.
Ein fin kveld, som varte nesten til natta.Langfredag var det ganske så mørkt og svart i kyrkja. Ungdomane hadde laga
Påskeafta var det felles feiring for alle kyrkjelydane i Bangkok. Jentene likar desse fellessamlingane sidan det då kryr av ungar å leike med og det ofte vankar snop i massevis...
No er det jobb ei veke før det neste veke er thai-nyttårferie. Me ser fram til late dagar og vannkrig i Hua Hin saman med Hamre-folket. Elles kan me melde at det er er stille og roleg i vår kant av byen, ikkje så mykje som ei einaste rødskjorte er observert rundt husene her på fleire veker.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar