mandag, april 26, 2010

Welcome to Thailand- We just want democracy

- Dette er henta frå banneret over scenen i rødskjorte-leiren midt i Bangkok. Det er no snart 7 veker sidan rødskjortene frå landsbygda kom til byen, og dei har verkeleg sett spor etter seg. Dei største (og dyraste!) kjøpesentra i byen er stengt fordi dei har valgt å setje leir utanfor dørene der (neppe tilfeldig), og det vart innført unntakstilstand i byrjinga av april.

Det er no forbode å samlast meir enn 5 personar til politiske møter.
Det er ulovleg å rapportera nyhende i radio, aviser, TV eller via internett som kan oppfattast som støtte til demonstrasjonar.
Og, myndigheitene har lov å halde personar arrestert/fengsla i inntil 30 dagar utan å informere nokon eller gje dei rett til juridisk hjelp.
Vår kvardag går sin vante gong; Ungane går på skule og me reiser på jobb.

Eller, det er kanskje ikkje heilt sant: Sjølvsagt ligg situasjonen i minnet heile tida, så me held oss heime på kveldstid, og reiser ikkje ned til sentrum utan at det er heilt naudsynt. Me er stadig inne og sjekker nyhende og aviser, og kjenner klumpen i magen på at dette kan ende heilt galt for Thailand.
Eg var nede i leiren til rødskjortene i sist veke, og bileta er henta frå besøket mitt der.

2 kommentarer:

Drømmen om en fremtid sa...

Jeg synest du beskriver veldig godt hvordan hverdagen vår er nå, for situasjonen preger oss selv om vi lever som "normalt".

Mari sa...

Tenker på dere, og på situasjonen i Thailand.