sjukdomar, mest grunna myggen som trives i vått vær. Influensa kjem ikkje med myggen, men sprer seg overraskande fort likevel i desse dagar. Hjå oss er det Jenny og Gabriel som har hatt kvar si veke med feber, hoste og snørr. Gabriel er no i gang med 2.runde, for å ha gjort det skikkeleg.Heldigvis er det berre vanleg influensa. Både på skule og barnehage har det vore tilfeller av svineinfluensa no i haust, og 2 av Signe sine venninner (+ ei mamma) har vore innlagt på sjukehus med viruset. Avisene melder om at talet på smitta er aukande, og dei fleste er raske på
sjukehuset for prøver om ein vert dårleg.No i den siste tida har svineinfluensavaksinen vorte tilgjengeleg for alle her i Thailand, òg for dei som må bruke offentleg helsevesen. Er ikkje det sånn ca 1 1/2 år etter Noreg? Det er skilnad på fattig og rik, som me alle veit.
Tysdag reiste tilsette og studentar i kyrkja på legekontoret for å ta sprøyte. Eg sende med kamera, og fekk attende masse bilete frå masse-vaksineringa.
Ynskjer alle ein god og influensa-fri haust!

Hanna inviterte til jenteselskap og smykke-verksted. Kanskje ikke så uvanlig, tenker du. Men, arrangøren for selskapet var en organisasasjon som heter Helping Hands som (i likhet med NMS og Lovsangshjemmet) jobb
er blant fattige i Klong Tøy slummen.
