
Heldigvis er det berre vanleg influensa. Både på skule og barnehage har det vore tilfeller av svineinfluensa no i haust, og 2 av Signe sine venninner (+ ei mamma) har vore innlagt på sjukehus med viruset. Avisene melder om at talet på smitta er aukande, og dei fleste er raske på

No i den siste tida har svineinfluensavaksinen vorte tilgjengeleg for alle her i Thailand, òg for dei som må bruke offentleg helsevesen. Er ikkje det sånn ca 1 1/2 år etter Noreg? Det er skilnad på fattig og rik, som me alle veit.
Tysdag reiste tilsette og studentar i kyrkja på legekontoret for å ta sprøyte. Eg sende med kamera, og fekk attende masse bilete frå masse-vaksineringa.
Ynskjer alle ein god og influensa-fri haust!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar