
"Dette kan dåkk ha på bloggen", sa Signe og knipsa familien rundt bordet med kveldsmaten. (Ante ikkje at ho visste noko som helst om blogg...)
Så, her er altså bilete!

Ein finn alt på Chatuchak - verdas største helgemarkand.
varme og svette, og litt væske-påfyll må til.
krokete over puta då Tulliball sin tryllestav gjekk i stykker enno ein gong. Då han trakk opp fargar frå magen var augene kjempestore, og smilet likeså då ho tilslutt fekk ein diger ballong-sykkel av klovnen.

Lukas: Vårt fadderbarn. Døypt i Åsane kyrkje 4,juni. Lukas såg Thailand frå inni magen til mamma Heidi då dei vitja oss i oktober i fjor, og han kan difor seiast å vera bittelitt thai… Me ser fram til å fylgja Lukas vidare i livet, saman med Adam, Rakel, Heidi og Kristian. Til sommaren vert det hyttetur, då spring nok Lukas rundt saman med resten av gjengen, og Jenny har ein heilt ny leikekamerat.
Døypt i Pattaya 15.juli. Det var mange som venta spent på når Marte hadde lyst til å verta fødd. Me var heldige og fekk låna storebror Henrik og mamma’n og pappa’n til naboar i ventetida. Dei er alle flotte personar, og det er me sikre på at Marte òg vert! Fint å få vera med på dåpsdagen.
Even: Vår nevø og Arne sitt fadderbarn. Even likar sjakk, skiskyting, fotball og spelar i tillegg piano. Han imponerer med det meste! Arne har sidan Even var ganske liten prøvd å overtyde han om at Brann er Laget, men utan suksess. Even er trufast mot Bryne. Då Even og familien feira jul i Thailand i 2004, lærte han Signe ”klappe søte…”.
No er ho lik seg sjølv; Ei fin jente med eit stort hjarte for sine næraste. Janne er glad i å reise på hytta, og var nydeleg i sin nye Hardanger-bunad. I konfirmasjonen sin haldt Janne tale. Rørande og flott å høyra på, og gjorde oss alle veldig stolte.
Bettina: Me traff Bettina og familien då me kom hit til Bangkok i 2003, Bettina har stor omsorg for sine medmenneske, og syner det kanskje oftare i handling enn med store ord. Ho er ein kjempeflink dansar, og brukar av fritida si til å undervise dans til barna i slummen. Me er takksame for å kjenne Bettina.

orske eleven stilte me sjølvsagt opp for å representera. Signe og mamma i bunad og pappa'n med stort norsk flagg på brystet, her skulle ingen vera i tvil om våre røter.
Arne steikte vafler for harde livet, og jentene i bunad vart varmare og varmare... "For ein fantastisk ost! Kor er den å få kjøpt?" "Geitost?" "Kvifor er osten brun?" og "Kan eg få litt til?" kunne me høyra etterkvart som vaflene forsvann. Og brunosten, stakkar, sleit i sola utan at det la nokon dempar på lovorda.
a i slummen har, med sine oppvekstvilkår og ofte vanskelige familieforhold, ikke det beste utgangspunktet for en lysende skolekarriere. På Lovsangshjemmet har de nå mulighet til opplæring i aktiviteter som kan komme skolegangen til nytte; eks engelsk og musikkundervisning, og nå altså i tillegg bruk av data.
Dette er en populær aktivitet. Det er i gjennomsnitt 25 unger innom PC-rommet på ettermiddagen. Da blir det varmt og støyende, men også ufattelig gøy og inspirerende!

Til deg, kjære blogg-lesar, anten du er bergensar eller ei, nyt utsikta(frå vår tidl altan) til tre av dei sju fjell, Fløyen, Rundemannen og Ulrikken. Sjølvsagt i strålande sol!