torsdag, juli 06, 2006


Yes, we are from Norway

I går var det Internasjonal dag på St. Andrews, og som foreldre til den einaste norske eleven stilte me sjølvsagt opp for å representera. Signe og mamma i bunad og pappa'n med stort norsk flagg på brystet, her skulle ingen vera i tvil om våre røter.

Me fekk eit bord nede i matsalen, og pynta med plakatar, bøker frå Osterøy og Ryfylke, flagg, elgbamsar i lusekofte og eit svært vaffeljern sentralt plassert (med brunosten på sida). Då elevane kom til "snack-time", hadde vaffellukta spreidd seg over skuleområdet og "Norway" var klar for storbesøk. Alle skulle få norsk flagg og fiske-stempel i passet sitt.

Arne steikte vafler for harde livet, og jentene i bunad vart varmare og varmare... "For ein fantastisk ost! Kor er den å få kjøpt?" "Geitost?" "Kvifor er osten brun?" og "Kan eg få litt til?" kunne me høyra etterkvart som vaflene forsvann. Og brunosten, stakkar, sleit i sola utan at det la nokon dempar på lovorda.

Turen frå land til land gjekk som følgjer:

Nydeleg thai-musikk i Thailand. Smykker av pasta i Italia. Te-smaking i Kina. Lage masker i Egypt. Sport i England. Eksotikse lukter, smaker og blomar i Nepal og Bhutan. Kastemerke i pannen frå India. Lime papir-sau i New- Zealand. Og altså vafler og brunost i lille Noreg.

Men, aller kjekkast for Signe var likevel å leike med Chiku, som var nydeleg i sin indiske sari, og Fay, i søt rosa thaidrakt. Ingenting er som bestevenninner!

1 kommentar:

ane marie sa...

Ååå nå fikk jeg også lyst på vafler! Det hørtes kjekt ut å få vise fram en bit av Norge;)

Jeg skal ha jordbær og fløte i kveld da... hihi