tirsdag, juli 25, 2006


Det er ca 400 000 menneske innom Chatuchak marknaden i løpet av ei helg. Her finn ein absolutt alt ein treng: Mat, klede og sko, souvenir, møbler, koppar og kar, verktøy, blomar, lampar etc etc. Kanskje på utkikk etter eit kjæledyr? Dei søtaste hundane står i bura sine, bittesmå kattungar, fiskar i alle fargar, eksotiske fuglar, eller kanskje ein slange fristar mest? Ein finn alt på Chatuchak - verdas største helgemarkand.

Fordelt på 15 000 boder er det varer så langt auga kan sjå. Det er lett å gå seg vill i folkevrimmelen. Varmen kan verta ganske intens, så for ein uerfaren markands-kjøpar kan Chatuchak vera ganske overveldande. For ikkje å seie eit lite mareritt.

Etter 3 år i Bangkok har me enno ikkje kome over meir enn ein liten del av heile markanden. Me har funne vårt hjørna, kunstseksjonen, der me trives veldig godt. Etter ein god tur innom bodene med malerier, keramikk og anna designkunst, set me oss utanfor, klare for ei stort glas lime-shake. Då er me varme og svette, og litt væske-påfyll må til.

Så, litt nedkjøla og klare for ein ny runde, går me vidare nedover til alt som venter. Mykje flott, og billig!!! Litt her og litt der, vert fort til ganske mykje....

Chatuchak markanden er stor, både i areal og i opplevingar!

Ingen kommentarer: