søndag, august 06, 2006


Khristadjak Santitham (Peace Lutheran Church)

Santitham er ein av dei eldste kyrkjelydane i den Lutherske Evangeliske Kyrkja (1977) og er vår kyrkjelyd i Bangkok. Me vart plassert her av kyrkjestyret etter endt språkstudie. Anne Brit har ansvaret for preika der ca 2 gonger i semesteret, elles har me ingen andre oppgåver utan å vera medsøsken i kyrkjebenkene.

Sang og musikk (gjerne høg musikk) er sentralt i gudstenesta i Santitham, og skal me vera heilt ærlege så har lovsongen har meir enn ein gong redda gudstenesta for vår del. Bibelspråket på thai er framleis ganske "gresk" for oss, og når me i tillegg spring etter ungar er det dessverre ikkje mykje me får med oss av det som skjer elles. Men, det er viktig å vera ein del av eit kristent fellesskap og det hender ofte at Signe spør når me skal gå i kyrkja att (ho har funne sine vener på søndagsskulen).

Medlemmene i kyrkjelyden bur spreidd over heile byen, og dei tek difor i bruk SMS for kontakt mellom gudstenestene. I går fekk me denne tekstmelding frå evanglisten:

Rop til meg, så vil eg svara deg og fortelja deg store, uskjønelege ting, som du ikkje kjenner til. Jer. 33,3.

Me sender helsinga vidare til deg, kjære blogglesar, og ynskjer ei velsigna god veke vidare!!

Ingen kommentarer: