mandag, august 28, 2006


Phibun - del 1

Phibun Mangsahan er ein liten by med ca 10 000 innbyggjerar i Ubonprovinsen, nord-aust Thailand. Her er det masse flott natur, god mat og småkryp i alle fargar og fasongar (merk bilete til høgre…).

NMS har vore involvert i evangeliserings- og diakonalt arbeid i Ubon-området over 25 år Det kanskje mest kjende NMS-støtta prosjektet i Phibun er Immanuelhjemmet, som gjev ungdomar frå fattige jordbruksfamiliar ein moglegheit til utdanning.

No har NMS tre familiar busette i Phibun. Familiane Sørheim, Tveten og Ngamchalad. Sist veke fekk me det påskòtet me trengde for å ta ei skikkeleg langhelg i Nord-aust; Kyrkjestyret la augustmøtet sitt til Ubon (næraste storby og provinshovudstad), og når me fyrst måtte reisa så langt kunne me like godt gjera turen til ein kjekk familieoppleving i eksotiske omgjevnadar!

Det vart det! Me har storkost oss saman med våre flotte kollegar, og fått kjenna litt på korleis det er å vera misjonær på landsbygda. Me er fulle av beundring over den innsats, pågangsmot og glede dei syner i arbeidet. Fantastisk!

Signe og Jenny fekk lov å gjesta barnehagen til NMS i to dagar. Dei hadde det kjempeflott saman med Kaja (snart 3 år), Henrik(2 år), Ingeborg Anna (3 år)og Hanna Olise (8 mnd). Ingen teikn til at dei sakna foreldrene…

Meir av våre opplevingar i eksotiske Phibun kjem i neste blogg.
Kan allereie røpa at det vert innslag frå fisketur i rismark, fotballkamp og glimt frå gudsteneste. Så, følg med, følg med!

2 kommentarer:

ane marie sa...

Ja Phibun er en god plass:)

Bare lurer på en ting.. Åssen får dere til sånn at man kan trykke på et ord/navn etc i teksten, og så ligger det en link under..? Kronglete formulert... men skjønner? :)

Ha en fin uke!

Kjartan, Eirin, Kaja og Mathea Sørheim sa...

Tusen takk for besøket! Det var en sann fornøyelse å ha dere her.

Velkommen igjen!