
Phibun - del 1
Phibun Mangsahan er ein liten by med ca 10 000 innbyggjerar i Ubonprovinsen, nord-aust Thailand. Her er det masse flott natur, god mat og småkryp i alle fargar og fasongar (merk bilete til høgre…).

No har NMS tre familiar busette i Phibun. Familiane Sørheim, Tveten og Ngamchalad. Sist veke fekk me det påskòtet me trengde for å ta ei skikkeleg langhelg i Nord-aust; Kyrkjestyret la augustmøtet sitt til Ubon (næraste storby og provinshovudstad), og når me fyrst måtte reisa så langt kunne me like godt gjera turen til ein kjekk familieoppleving i eksotiske omgjevnadar!
Det vart det! Me har storkost oss saman med våre flotte kollegar, og fått kjenna litt på korleis det er å vera misjonær på landsbygda. Me er fulle av beundring over den innsats, pågangsmot og glede dei syner i arbeidet. Fantastisk!

Meir av våre opplevingar i eksotiske Phibun kjem i neste blogg.
Kan allereie røpa at det vert innslag frå fisketur i rismark, fotballkamp og glimt frå gudsteneste. Så, følg med, følg med!
2 kommentarer:
Ja Phibun er en god plass:)
Bare lurer på en ting.. Åssen får dere til sånn at man kan trykke på et ord/navn etc i teksten, og så ligger det en link under..? Kronglete formulert... men skjønner? :)
Ha en fin uke!
Tusen takk for besøket! Det var en sann fornøyelse å ha dere her.
Velkommen igjen!
Legg inn en kommentar