torsdag, august 17, 2006


Med naboane på ferie…

Vår gode nabo, Sigve (Vidnes), er vikarprest i sjømannskyrkja i Pattaya i sommar. Han og familien pendlar no i august mellom Bangkok og Pattaya. Sist veke var me så heldige å få vera med Sigve, Cathrine, Talette og Caja sørover, og dei delte raust av både husrom og hjarterom.

Me hadde gode dagar ved bassenget, kjempestor sjokoladekaka i kjøleskapet, barnesamling og graut på sjømannskyrkja, kjøtkaker på Lindas kafè, shopping på nattmarknaden og tur til ”under-water-world” (det synte seg at Jenny er ein stor fiske-fan).

Saman med gode vener vert det fort seine kveldar, noko som jo er nærast livsfarleg for småbarnsforeldre. Men, Talette var entusiastisk barnevakt, ho stilte klokka kvar morgon kl 6, og henta våre to som då var beinklare for ein ny dag. Me sov lenge og kom skikkeleg i feriemodus.


4 ½ dag med sol og sjøbris var akkurat det me trengte no. Takk for oss, kjære naboar, neste ferietur tar me til Hua Hin!

1 kommentar:

ane marie sa...

Så kjekt å se at dere koser dere så masse! :) Gøy å følge med! Blog er en bra ting altså!