tirsdag, april 20, 2010

Happy Songkran!

Det er sommar og varmt i Thailand! Me har feira thai-nyttår, i år som i fjor, i Hua Hin. Deilig med ferie og sjanse til å reise ut av varme, klamme og politisk spente Bangkok.

Siste dag før skuleferien var det både songkran-markering og påskepynting på skulane. Eg melde meg til mamma-teneste på skulen til Signe, og fortalte om kvifor me feirer påske (som ikkje er fordi Jesus vart fødd). Etterpå var det påskehare, påskepynt og muffins.

På skulen til Jenny og Gabriel starta dagen med høgtidsam sermoni for lærarane. I songkran-høgtida er vatn sentralt, noko som jo passar bra i varmen! Ein velsignar forfedrene (i tempelet), foreldre/besteforeldre ved å dynke dei litt med vatn.

Elles er jo denne skikken overført til vill leik og vannkrig i gatene overalt i nyårsdagane (13. - 15. april). Men, altså denne fredagen fekk skuleungane velsigne lærarane sine ved å gi dei litt vatn på hendene. Gabriel tok oppgåva veldig alvorleg.

I Hua Hin arrangerte kjøpesenteret utekonsert og skum/såpe-party. Våre tre heiv seg inn i såpeskummet og nytta høvet til å leike seg klissblaute.


Me har no hatt fleire veker saman med tante, onkel, Kristin og Elin. Gode dagar for oss.

Ser ut til at det vert enno nokre dagar til avskjeden sidan dei framleis er stranda i Bangkok på 5.dagen. Takk til moder jord og ein uregjerleg vulkan!

onsdag, april 07, 2010

Påske

Påskefeiringa er over i Bangkok òg. Det vart familiefeiring (me har fått tante Torhild, onkel Trond og Kristin og Elin på besøk) heime i Bangkok, med masse norsk påskesnop :=).

I kyrkja vår hadde dei lagt opp eit kjempeprogram for påskeveka.
Skjærtorsdag kom 25 stk til oss for gudsteneste med fotvask og nattverd. Ein fin kveld, som varte nesten til natta.

Langfredag var det ganske så mørkt og svart i kyrkja. Ungdomane hadde laga eit dramstykke rundt korsfestinga, og med stokkeslag, sinte soldatar og blod som rant vart det både høglytt og skremande for Signe.

Påskeafta var det felles feiring for alle kyrkjelydane i Bangkok. Jentene likar desse fellessamlingane sidan det då kryr av ungar å leike med og det ofte vankar snop i massevis...

Påskedagsgudstenesta var ei gledessamling med mykje lovsong. Kvitt var fargen og me stilte alle i kvitt frå topp til tå (ikkje like fine då me reiste heim på ettermiddagen). Etter lunsj var det egge-jakt og rebus. Men, då ein 60 minutts prøve om påsken vart utdelt, samla me oss saman og tusla heim til tante og onkel.

No er det jobb ei veke før det neste veke er thai-nyttårferie. Me ser fram til late dagar og vannkrig i Hua Hin saman med Hamre-folket. Elles kan me melde at det er er stille og roleg i vår kant av byen, ikkje så mykje som ei einaste rødskjorte er observert rundt husene her på fleire veker.

fredag, mars 26, 2010

Saras - Indian fast food feast


I går var det opning av ny indisk restuarant i byen vår. Midt i sentrum har våre gode vener Deepali og Gaurav opna dørene til ein "fast food feast".

Me kom litt seint opningskvelden (grunna møte i Rayong), men det var stor stemning og mykje mat. Mykje mat og veldig god mat! Kjende meg både litt ulekker og fargelaus blant alle dei flotte sari-kledde damene. Det var nesten som eit bittelite India inne på Saras, og det var vel kanskje meininga?

Sjekk web-sida deira her, og stikk innom restauranten i Sukhumvit 20 neste gong du er i Bangkok!

fredag, mars 12, 2010

Amazing Thailand

Me er så glade i Thailand! Flotte menneske, flott natur, deilig klima (34.8 i skyggen i dag) og så annleis og eksotisk! Her er nokre glimt frå mobilen min, tatt i kvardagen:


Me har fått oss dameparkering! 2.etasje på vårt næraste kjøpesenter har pussa opp parkeringen, i rosa sjølvsagt, og reservert til Ladies only. Veldig, veldig bra! Det er jo me damer som shopper!



Dette bilete må eg berre dela! Kinesiske lykter hengt opp til feiringa av kinesisk nyttår. Nydeleg! Elles så har me jo heile byen vår fylt opp av rødkledde folk for tida, men det er ei anna historie...


Asias store flyselskap Air Asia har 6 års jubileum, og eg fann desse reklamebannerane ute på flyplassen. Ingen grunn til å seie meir.



Eg var ganske så stolt då eg kom over denne informasjonsplakaten. Kontoret til ombudsmannen i Thailand. Vesle Noreg har sett sine spor i verda.


Til slutt eit nydeleg juletre. For jula varer heilt til påske.

mandag, mars 08, 2010

Signe 7 år

Hugsar de den tida då me gledde oss sånn til bursdagen vår? Denne eine dagen i året då me var midtpunktet? Når stoppa me å telje dagar til me vart eit år eldre? Rundt midten av tjueåra? Synd, for etter å ha observert Signe dei siste vekene, ser eg jo at det ligg mykje god glede og spenning i å vente, vente på bursdagen.

Sjølve Dagen vart som vanleg starta med sjokoladekake og pakkar på senga (ein tradisjon me har lært av tante Britt og onkel Egil). Etterpå var det ein varm og svett tur til weekendmarkedet, me måtte jo ha premiar og diverse småting til selskapet. På kvelden var pinataen ferdig mala, brus og snop kjøpt inn, og me kunne slappa av i sofaen med mango og sticky rice + "Linus i Svingen" på dvd.

Så var det tid for selskap!! Vanskeleg å vite kor mange som kjem. Men, ved siste opptelling hadde me over 30 ungar rundt omkring, og minst like mange vaksne. Det var ei fint kaos. Men, bursdagsjenta strålte og koste seg! Og då er foreldra fornøgde!

Me hadde lånt inn ekstra hjelp på kjøkkenet + 4 fantastiske voluntører/Hald team til badevakt og assistanse. Så god hjelp! Me booker dei allereie no for neste selskap i juni (ja, Jenny har starta nedtellinga til sin 5 årsdag allereie...)!


Takk til alle som har sendt helsing, pakkar, telefonar etc. Det har vore ei flott helg for Signe 7 år!

fredag, mars 05, 2010

Tid for Nursery

Gabriel er blitt stor, og vil bestemme alt sjølv og gjere alt sjølv.
Det han likar aller best er å sjå på film. Barney (denne store lilla amerikanske dinosauren) og Kipper (søt liten engelsk hund) er klare favorittar, trass i at han ikkje skjøner eit ord av kva som blir sagt. Gabriel kan sitje heile dagen å sjå film, godt tilbakelent i godstolen, med eit glass vatn og fjernkontrollen innan rekkevidde (så han slepp å gå ut av stolen). Ikkje bra.

Me snakka med læraren i nursery på skulen til Jenny; Er det mogleg at Gabriel kan tjuvstarte litt no i vår? Ms Minke var veldig grei, og tok godt imot Gabriel mandag sist veke. Det var ein kjempestolt liten gutt i uniform som kravla inn i skulebussen. 2. dagen var det så vidt han hadde tid til å vinke "ha-det" til mamma og pappa...

Sjølv om han er eit år yngre enn klassekameratane ser det ut til at det går fint. Fyrste engelske ord er òg på plass: "Tidy up", seier han no med myndig stemme.

Denne veka er det verdas bokveke, og skulen inviterte ungane til å ta med bamse, yndlingsbok og
pyjamas i dag. Gabriel stilte med Barney-bamsen (sjølvsagt!) og las Molly-bok. På morgensamlinga gjekk han fram med storesøster, og brydde seg lite om eit publikum på over 100 voksne og barn.

Skuledagen for dei minste i nursery varer bare til lunsj, og då er det ein sliten Gabriel som kjem heim.

Barney, Kipper og dvd-spelaren har fått ein fortent pause og me har fått ein glad "skulegutt".

søndag, februar 21, 2010

Askeonsdag


Etter at me flytta til Thailand har me vorte litt kjent med Askeonsdag, den siste dagen før inngongen til fastetida. Kan liksom ikkje hugse at me har markert denne dagen i kyrkja heime?
I år var Messe for askeonsdag eit felles arrangement for "prosti" Bangkok og Det teologiske seminar (LST) i ei ny-renovert kyrkje i soi 50. Grunna massiv innvasjon av influensavirus i heimen, var det atter ein gong Signe og mamma som representerte familien.

Det vart ein nydelig gudsteneste, med fin liturgi og flott musikk. Høgdepunktet var då me alle fekke teikna et askekors i pannen som teikn på "mennesket sin forgjengelighet og kall til omvendelse".

mandag, februar 01, 2010

Bryllup, fjelltur og Hmong-folket

Signe og mamma'n har vore på tur. Langt oppe i fjellene i nord-Thailand. Tidleg i desember fortalte ei av evangelistane i kyrkja vår at han skulle gifte seg i slutten av januar. Då eg spurde kor bryllupet skulle haldast svara han "oppe i Chiang Rai". De som har reist litt i Thailand veit at nord-Thailand er eit av dei finaste stadene i landet, så me takka med glede ja til invitasjonen.

Entusiasmen bleikna noko når me høyrde rykter om minst 14 timars biltur opp + retur i løpet av ei helg. Med bilsjuke ungar vart det ikkje så fristane lenger. Men, me ville jo gjerne syne litt ære på brudeparet, slik at iallefall nokon frå Bangkok reiste, så laurdag morgon samla me oss 6 stk i Chiang Mai klare for siste bilturen oppover i fjellene. Signe storkoste seg back på pick-up'en i lag med gutta-boys, og bilen kraup sakte oppover og oppover. Til slutt stoppa me i ein liten landsby med ei overraskande stor og fin kyrkje. Me var framme og klare for bryllupsfeiring!

Det var rart å sjå at Bangkok-folket kjende seg like framande som meg. For dette var eit anna Thailand enn me er vant til. Me var kome til Hmong-folket. Hmong er ei folkegruppe som lever i fjellene i Thailand, Burma, Vietnam og Laos. I dag reknar ein med at det bur ca 8000 Hmong i Thailand. Dei har sitt eige språk, klesdrakt og sin eigen kultur på tvers av landegrenser. Heile bryllupssermonien var på Hmnong-språket, og dei song salmene så nydelig at eg fekk heilt frysningar.Dessverre er det fleire og fleire som går over til thai og "gløymer" kulturarven sin når dei flytter til byen.

Brudeparet var nydelige og lukkelege, men frykteleg nervøse og litt sjenerte over alt oppstyret. Etter vigselen skifta dei til Hmong-drakt som var gåve frå foreldrene i høve dagen. Etter at alle bilete var tatt og me var klare for middagen kom pastoren bort og spurde om ikkje misjonæren ville sei nokre ord under maten?? "Berre litt, altså, sånn 5 - 10 minutt". At eg enno ikkje har lært at det vert sånn! Mine reisevener frå kyrkja prøvde å hjelpe: "Du berre seier så glad du er for å være her og Gud velsigne dykk alle, eit par gonger, så går du ned og set deg...". Hmm... Over 500 bryllupsgjester, høg scene og min kvardagsthai? Ingen god kombinasjon.

Signe vart redninga. Etter at eg hadde sagt, som tilrådd; "Så fantastisk å vera her, fin natur, hyggjeleg menneske etc, etc, og "Gud velsigne brudepar og alle" kom Signe opp, og me song "Herren velsigne deg" til brudeparet. Vårt lille eksotiske norsk-innslag i eit Hmnong bryllup. Takk og lov for søte Signe!!!!

Dagen etter vart det litt sightseeing og så nattoget heim att til Bangkok. No drøymer me om kyrkjelydstur til fjellene!

torsdag, januar 28, 2010

Barnas dag - òg i kyrkja!

Me har hatt barnegudsteneste i kyrkja vår!! Ein gudsteneste for barn, av barn og med barn. Det var litt lobbying for å få evangelisten vår med på tanken om at barna faktisk kan bidra med meir enn berre ein liten sang før preika.
I veka før hadde me planleggingsmøte heime hjå oss med innlagt badebasseng-pause. Ungane var skikkelig flinke!! Me hadde preike-verkstad, øvde på song, skreiv bøner og laga papp-brød og papp-fiskar. For tema var sjølvsagt guten som kom til Jesus med 5 brød og 2 fiskar og fekk sjå Jesus mette over 5ooo menneske. Kollega Mildred (Heggernes) hadde sendt meg gode tips og råd som var til stor hjelp, tusen takk!

Det var spente (og litt nervøse) ungar som gjekk inn i prosesjonen. Dei tok oppgåvene sine seriøst, og sjølv om det til tider var reine pressekorpset framme for å knipse bilete, gjekk det meste som planlagt.
Eg var ekstra stolt over Signe. Ho kan ikkje lese thai og kunne derfor ikkje bruke jukselapp slik me andre gjorde. Utruleg kva ho klarte å hugse!! Jenny vart litt for nervøs då ho skulle fram til mikrofonen og måtte få litt hjelp av mamma, men så var ho òg den aller yngste.

Etter gudsteneste kom evangelisten bort og sa at no hadde me starta ein god tradisjon som kyrkja ville halda på kvart år. Også lurte han på om eg ville ta ansvaret for barneleiren i sommar? Eg kunne tenke litt på det, altså. Ehh... Kor mykje skal eigentleg misjonærar gjera som dei ikkje kan????

søndag, januar 17, 2010

Minstemann har blitt stor

Gabriel har blitt 2 år - og babytida er for lengst over. Han har fått stor seng å sove i, og sykler snart på to hjul.

Sjølve dagen vart feira med grilling i Hua Hin, medan barneselskapet måtte vente til ferien var over. No i veka kom 10 små 1-2-3-åringar til bursdagsfest.

Gabriel hadde lært pakkeopning i jula og syntes det var kjekt med enno ein runde pakkar. Brann- politi- og sykebil med sirener vart opna opp fyrst og skapte liv i stova. Tusen takk, Chalom og Thanan! Bilete over er frå sjølve Dagen med pakkar og frokost på senga.

Under finn de små glimt frå feiringa, og heilt nederst ein filmsnutt av 2- åringen vår på sykkel (ganske så fryktlaus):

mandag, januar 04, 2010

Godt nytt år - og takk for det gamle

- og plutselig var det nytt år!

Me feira inngangen til 2010 i Hua Hin. "Halve" Bangkok var reist til sjøen, så rusleturar i sentrum frista lite. Me var saman med gode vener og hadde fine dagar på stranda og ved bassengkanten. Godt nytt år, alle saman!

Julafta vart svært hyggjeleg feira saman med familien Johannessen og Home of Praise-voluntørane May Liss og Iselin. Med lånt bord fekk me plass til alle 12 rundt julemiddag med pinnekjøtt og ribbe. Det lukta skikkelig norsk jul!!! Heller ingen problem med juletregang når me var så mange!

Pakkeopninga vart som vanleg eit fantastisk kaos. Alt skulle prøvast så snart det var pakka opp, og etter eit par pakkar sa Gabriel rett og slett "NEI!", no ville han ikkje opne meir! Han hadde det fint allereie med eit lite tog, fjernstyrt bil og pysj. Jentene var jo meir rutinerte og jubla lukkeleg for kvar pakke.
Dag fekk kveldens største pakke, av kona Solveig.
Utpå kvelden fekk me besøk av nissejenta. Ho kjem kvar jul, men stakkars Signe er utE kvart år - og får aldri truffet henne...


1.juledag var me på julebesøk hjå familien Heggset. Veldig, veldig kjekt! Kalkun, heimelaga sjokoladepudding og pepperkakehus. 6 jenter og Gabriel - mykje liv og latter!

2.juledag inviterte me kollegar til norsk julemat. Pinnekjøt var visst ikkje så aller verst, og toro kålrabistappe vart ein stor hit!

No er det kvardag att, og om ikkje lenge skal juletreet pakkast saman att. Neste desember finn me det att i boden, like stort og grønt.

torsdag, desember 24, 2009

Dette er ein av desse laaaaaange blogginnlegga

Det er tidleg julafta morgon, og mange timar til ein ringer jula inn i Noreg. Her i Bangkok har me hatt ein travel desember. Me har hatt julefeiringar i kyrkja kvar helg, og i vekene har me sprunge på diverse konsertar og show på skulane til ungane.
Så, me er godt "julefeira" allereie!

4.desember fekk me ei gruppe ungdomar på besøk. Dei var på caroling (syng julesongar) og me tok imot dei, heller trøtte, rundt midnatt. Mykje liv og røre. Gabriel vakna sjølvsagt og sat med store auge og såg på alle som åt mat og snop midt på natta.

Helga etter var det felles julegudsteneste for alle lutherske kyrkjelydane i Bangkok. Den store kyrkja til presteseminaret var stappfull! Det var julesang, julespel og juleevangeliet. Det eksotiske innslaget var thai-dansen etterpå (som de ser var det to linselus som sat bak scenen). "Give Thanks" var tema for årets julefeiring, og dåpen som kom litt utanfor programmet var ei fin påminning om nådens gave.

Gudstenesta vart avslutta med norske, finske og asiatiske misjonærane i Luciatog. Søtare Lucia'ar har vel knapt vore sett på dei kantar før...

Helga etterpå var det endeleg vår tur til å gå caroling. Fredag kveld reiste me jentene inn til byen. Etter å ha sunge, bedt og velsigna 9 heimar enda me opp heime hjå oss klokka 2 på natta. Då var alle klare for mat! Plutseleg hadde me 2 damer sovane på sofaen, ei bestemor i stolen og 3 ungdomar på golvet. Det er slitsomt å ha det gøy!

Innimellom her har Jenny hatt juleshow påskulen, der klassen hennar var Norway.





Og me har hatt norsk kveld med grøt-med-mandel og 3 nøtter til Askepott.

Sjølvsagt må me heller ikkje gløyme Den store Julefesten på Home of Praise. Eit par dagar før var Arne og presten å handla julegåver til 300 ungar, alt frå babyar til ungdomar. Og borna kom, saman med foreldre eller besteforeldre. Det var julesong, dans, gitar og fiolin. Like stor suksess som i fjor og åra før der. Ingen i slummen bør vera i tvil om at det har vore jul!

Søndag 20. var julefeiring i kyrkja. Folk strøymde på og festen varte og rakk. Me reiste heim då Gabriel kom og bad om å få sove... I Thailand er juledagane vanlege arbeidsdagar, så for våre vener i kyrkja vart julefeiringa avslutta denne dagen.

Hjå oss kom Maria, Josef og Jesusbarnet på plass i julekrybba i går. Me er no klare for høgtida!