Helga etter var det felles julegudsteneste for alle lutherske kyrkjelydane i Bangkok. Den store kyrkja til presteseminaret var stappfull! Det var julesang, julespel og juleevangeliet.
Det eksotiske innslaget var thai-dansen etterpå (som de ser var det to linselus som sat bak scenen). "Give Thanks" var tema for årets julefeiring, og dåpen som kom litt utanfor programmet var ei fin påminning om nådens gave.
Gudstenesta vart avslutta med norske, finske og asiatiske misjonærane i Luciatog. Søtare Lucia'ar har vel knapt vore sett på dei kantar før...Helga etterpå var det endeleg vår tur til å gå caroling. Fredag kveld reiste me jentene inn til byen. Etter å ha sunge, bedt og velsigna 9 heimar enda me opp heime hjå oss klokka 2 på natta. Då var alle klare for mat! Plutseleg hadde me 2 damer sovane på sofaen, ei bestemor i stolen og 3 ungdomar på golvet. Det er slitsomt å ha det gøy!
Sjølvsagt må me heller ikkje gløyme Den store Julefesten på Home of Praise.
Eit par dagar før var Arne og presten å handla julegåver til 300 ungar, alt frå babyar til ungdomar. Og borna kom, saman med foreldre eller besteforeldre. Det var julesong, dans, gitar og fiolin. Like stor suksess som i fjor og åra før der. Ingen i slummen bør vera i tvil om at det har vore jul! 




Det er lite thaiane er meir glade i enn å reise på tur (bay thiew). Og då køyrer ein ikkje frå A til B, men stopper på alle moglege rasteplasser og tar alle avstikkarar som er å finne. Køyreturen som me (Arne) normalt ville gjort unna på 2 -3 timar tar ofte minst det dobbelte når me reiser saman med våre kristne thai-søsken. Det kan vera ei utfordring med 3 små i baksetet... Vel framme hadde me opptelling: Over 60 stk var med, dei aller fleste ungdomar! Veldig bra og halleluja for vekst i kyrkja!
Særleg Signe hadde gledd seg til leiren, og fekk mange nye vener blant ungdomane. Eg hadde ansvar for barneopplegget, der våre 3 utgjorde 50% av barneflokken....


Gevinsten var ikkje stor, ca 160 kr, men sanuk var det iallefall!









Dagen før me måtte ta avskjed hadde ville jentene ta masse bilete, så då gjorde me det! Gabriel var linselus og hang med.





















