mandag, juni 13, 2011

1 år eldre

Prinsesseperioden er definitivt over; Jenny er blitt 6 år og rosa er ikkje like fantastisk som det ein gong var. No er det "cowgirl", pirat og andre liknande heltar som gjeld.

Jenta vår har feira med to selskap; eit saman med venninna Lily og klassen, og 1 selskap for naboar og vener. Slitne foreldre er glade for at selskapssesongen er over for denne gong - sjøl skal eg ikkje blåsa ein einaste ballong før laaaangt uti desember og ein 4 årsdag venter.

Gratulerer med dine 6 år, Jenny! Måtte det bli et fantastisk år framover!!!

torsdag, juni 02, 2011

Tusen takk, biskop Visanukorn!

Etter 8 år som biskop i ELCT skal Visanukorn no bli student i Hong Kong. Før sommarferien var det avskjedsfest og takketalane var mange, og til dels rørande.

Lite er meir populært på ein fest i Thailand enn ein "open" mikrofon. Denne kvelden var det fritt fram - og mange nytta høvet: Evangelistane kom fram med sjølvskrevne tekstar, på tradisjonelle folkeviser (som våre norske stev) og biskopen heiv seg på dansegolvet. "Alle" tok seg ein liten thaidans til slutt, t.o.m vår nye generalsekretær Jeffery og hans kollega i den finske misjonen (til stor glede for medlemmene i kyrkja). Er det andre enn meg i NMS som har bydd opp generalen til dans, kanskje???

Biskop Visanukorn vart innsett fyrste hausten vår i Thailand, og er liksom "vår biskop". Han er veldig avslappa på formalitetar, noko som har vore godt for nye misjonærar som verken hugsar rett tiltale eller "wai" i starten. Visanukorn er kjent for godt humør og smil. Men, det har vore krevjande 8 år som biskop i ELCT, og det var difor kjekt å sjå ein glad biskop motta takk og godord frå alle som er glade i han.

Frå Bangkok prosti var takkegåva eit digert portrett, innrama som seg hør og bør. Reknar med at det får heidersplassen i stova framover....

søndag, mai 15, 2011

"Når jeg gror opp", som Jenny ville ha sagt det

Ved frokostbordet tidleg søndag morgon; 3 stk born i pyjamas et skive med nutella og presser ned eit glas melk.

På Gabriel sin pysj står det: "When I grow up I want to be like my daddy", Jenny leser og leser. Trøtte-mamma vert litt lei, og ynskjer ein litt mindre monton samtale:

Mamma: Ka vil dåkk ble når dåkk bler store då? Ka vil dåkk ha t jobb?
Signe: Hmmm, jeg vil bli syngar

Mamma: Ååå
Jenny: Jeg vil ikke ha någen jobb!
Mamma: Hæ? Ska du ikkje ha jo
bb?
Signe: Hu vil bli lærar, mamma
Mamma: Er ikkje lærar ein jobb, Jenny??
Jenny: Neeeeiiii, å bare sitte med ungane å lese med di, ha di til å gjøre maths og sånn, det er ikke jobb. Det er gøy!

tirsdag, mai 03, 2011

I desse dagar...

"I mourn the loss of thousands of precious lives, but I will not rejoice in the death of one, not even an enemy. Returning hate for hate multiplies hate, adding deeper darkness to a night already devoid of stars. Darkness cannot drive out darkness: only light can do that. Hate cannot drive out hate: only love can do that."

- Fritt etter Martin Luther King

fredag, april 29, 2011

Fotballsesongen har startet!


Fritidsklubben på Lovsangshjemmet er nå klar for ny fotballsesong i Bangkok. Med nystiftet fotballlag har fritidsklubben fått enda en populær aktivitet.
Thai barn er som norske barn; Fotball er topp!

Vi har hatt noen treningskamper mot andre barn fra menighetene her i Bangkok, med vekslende resultat. Men, på lørdag var det alvor, med bydels kamp på bortebane på en annen kant av Klong toey-slummen. Vi hadde med egen heiagjeng og “cheer-leeders”! Det var en optimistisk og ivrig gjeng som entret banen, men som desverre raskt ble sett på plass av motstander laget som hadde en del større gutter på laget... Vi må nok bare innrømme at vi ennå har en del å hente på takktikk og samspill.

Det viktigste er fotballgleden - og den var til stede i rikelig monn!!

Da jeg kom på jobb i går fant jeg 10-15 gutter på fotballplassen, ivrig opptatt med pasninger og triksing. Gleden var stor da jeg fortalde at vi hadde gjester fra Norge som hadde med seg to store poser med fotballdrakter, så nå skulle alle få egen drakt. Skal vi dømme ut fra interessen for keeperhanskenene, kommer det til å bli kamp om keeper- plassen.

Så, tusen takk til voluntør Ingebjørg sin mor og far som overrakte draktene fra Skjold fotballklubb!

Nå er spillerene og draktene på plass, da gjenstår bare navn på laget. Tar gjerne imot forslag!

Selv foreslår jeg “HoP United”.

Hilsen Arne

mandag, april 25, 2011

Påskehøgtid

Vår gode kollega, Jyrki Markkanen, var fotograf på påskeaften - og fanga nydelig inn høgtida, varmen og lyset frå gudstenesta i ELCT, soi 50.

Nyt flotte bilete - og fortsatt god påske!



(trykk på bilete - så kjem du vidare til neste. Trykk så på "slideshow" i venstre hjørne :=)

fredag, april 08, 2011

Jenta vår er blitt stor - og kan tenke sjøl

Eldstejenta vår har runda 8 år. Inspirert av eit par andre venninner ville òg Signe tenke alternativt med bursdagsgåvene, og då pappa fortalte at borna på Lovsongsheimen trengde engelske spel var valet ganske klart: Signe bad om gåver som kunne brukast til engelskundervisningen på Lovsangsheimen. Alle mamma'ene vart kjempe-engasjert og ville veldig gjerne ha ein felles tur til Home of Praise.

Då selskapet var over, og 10-15 jenter drog heim etter pizzabaking og sleep-over, kunne Signe samla 4 bæreposar med puslespel, lotto, kort, bordspel etc som skulle overleverast veka etter. I tilegg tok fleire av naboane ein skikkeleg opprydding på leikerommet og fylte på med sekk etter sekk med leiker. Bursdagsprinsessa sjølv var storfornøgd med feiringa + gåvene ho fekk frå besteforeldre, tantar, onklar i Noreg og NMS-gjengen.

Så, under ser de bilete frå den ettermiddagen då Signe tok med seg Celine, Hanna, Rayna, Menam og Mary Lou til slummen (og jobben til pappa):



torsdag, mars 17, 2011

Et lite stykke Norge

Det vart brått mars, og thai-skulane har starta sommarferie. Men, i dag tidleg var det mest som å vakna opp til ein haustmorgon i Noreg: Det var vind og kaldt, kaldt, kaldt...

Eit lite filmklipp av frysande jenter på veg til skulen:

mandag, februar 21, 2011

Et rom står avlåst

Jeg lengter etter deg.
Et rom står avlåst i kroppen min.
Alle tingene dine fins der og avtrykkene
av det korte livet ditt, flyktige
som skygger på snøen i måneskinnet.
Nøkkelen har jeg og går inn
med sekunders mellomrom. Jeg tar på alt
og taler uten ord med tomheten,
en kronisk lytter.

Jeg lengter etter deg
også fordi du var likest meg. Uten deg
går jeg alene med vranglynnet mitt.
Alt som var fint i meg og nå falmer
bar du som en tidlig sommerdag, et flott
langtidsvarsel. Også lavtrykkene mine
langt vest i deg kunne hope seg opp.

Av og til

kolliderte vi og værlagene våre. Skybrudd
og solgangsbris tørnet sammen. Men oftest
hang dagene våre sammen som enige
søskenperler på kjedet.

Lengter etter deg.
Hverken vær eller dager løper mer.
Og tomheten svarer aldri.

Kolbein Falkeid

lørdag, januar 08, 2011


Onsdag grytidleg morgon vakna me at eit kjempesmell. Lyn og torden tenkte eg, og snudde meg rundt for å drøye morgonen enno ein time.

Dagen etter kommer naboen over og spør: Du høyrde om pytonslangen som var utanfor huset ditt i går? Hmmm... Det hadde eg ikkje.

Kjempesmellen dagen før viste seg altså å vera ein svææær, feit pytonslange som gjorde innbrot i transformatoren. Mogleg han fann ei rotte der, men sjølv enda han opp med ein godt svidd hale.

Kikker litt ekstra nøye oppe i trea no om kveldane. Sjølv midt i Bangkok hender det altså at me får eksotisk besøk.

fredag, desember 31, 2010

Det var d!


Me har hatt ei gooood jul! Og for interesserte - her er ei lita oppsummering:

For å starte med det viktigaste fyrst: Minstemann i familien vart 3 år i går! Det vart feira med bowling og karaoke. Lite med pakkar, sidan han enno var i gaverus etter jula, men Gabriel var storfornøgd med kake + det faktum at det var hans eigen"bussdag".

Desember er som vanleg ein hektisk månad, julegudstenestene starta tidleg i år. I tillegg er det "julesynging", "julemesser", pakkeutdelingar i aust og vest, pynting osb. Jenny og mamma klarte t.o.m å snike inn eit lite Lucia-tog den 13. på skulen til jentene!

Atter ein gong har me hatt godt besøk frå Hillevåg. Sverre, Åsmund, Annette og Lars Petter sin 2.Thailands-tur denne gongen vart det òg thai-julefeiring! Tusen takk for gode dagar saman - de gjorde jula vår meir skinande, meir aktiv, meir norsk og ikkje minst svært minnerik!

tirsdag, desember 21, 2010


Click to play this Smilebox newsletter
Create your own newsletter - Powered by Smilebox
Create your own newsletter

torsdag, november 11, 2010

Kyrkjeleir

Det er 6 år sidan sist ELCT inviterte til leir - og mange hadde heilt rett i at no var det jammen på tide å samle alle tilsette. 3 dagars leir, med masse tid til prat, leiker og avslapping. "One family" var tema - og fellesskapsbygging var altså satt i sentrum.

Prestane og evangelistane kom køyrande sørover til Khao Yai med kone og born (+ nokre til) stuva inn i bilen, alle smilande og glade for å møte kollegar på leir. Dei som var skikkeleg langvegsfarande hadde køyrt i 14 timar.

Innimellom kaffipausane (ekte finsk kaffi og ekte norske vafler) hadde me veldig bra bibelundervisning - det var påfyll for alle! Ungane våre hadde eige barneopplegg - og levde stort sett det glade liv utan oss foreldre. Det er ikkje ofte misjonærbarna møtes, og Signe hadde fått fri frå skulen for å bruke desse dagane til å leike på norsk. Kjekt å sjå at kontakten var der med ein gong - og at vener frå kyrkja var like velkomne med i gjengen.

Under finn det bilete frå leiren; Undervisning, fritid, leirbål og moro.

mandag, oktober 18, 2010

ba-baraba, ba-baraba, ba-barba, ba-baraba, ba-barabaaaa, ba-ba-ba...osv

Var det noko som skjønte at det var brudemarsjen i overskrifta???? Det har nemleg gått i brullup for familien her sist helg. Medan våre misjonærkollegar arrangerte IMPULS i nord, hadde me bryllupsmarsj i øyrene og kinessisk bryllupsmat i magane.

Lørdag ettermiddag var det Muk sin dag. Han er ein av ungdomane i kyrkja vår, og har sidan i vår vore kollega av Arne som ungdomasarbeidar på Lovsangshjemmet. Muk hadde sett jentene våre som brudepiker i eit brullup for ei stund sidan, og ville gjerne låne dei til blomster-piker. Med utsikter til fin kjole, nye sko og frisør-pynting av hår var ikkje Signe og Jenny vanskelige.

Etter middagen og fotografering heiv me oss i bilen og var klar for 6 timars køyring nordover. Dagen etter var det nemlig brullup i Uttaradit - og me hadde gleda oss lenge til å sjå Beng og Ta gifte seg. Og brudepiker? Signe og Jenny, selvfølgelig!

Beng og Ta jobber i kyrkja vår, og er tilsett i eit evangeliseringsprosjekt støtta av NMS, du kan lese meir om det her. Beng er nær knytt til Madla menighet, og snakker litt norsk med stavanger-dialekt ;).

Nyt fine bilete av flotte brudepar.

Og me har i grunnen festa frå oss på ei stund....

onsdag, oktober 06, 2010

Koffår kan du ikkje bare gjer så eg seie?????


Som overskrifta tyder på er dette eit blogginnlegg om det å vera mamma ein sein ettermiddag etter skule og jobb.

Kveldsmaten er unnagjort og det er klart for legging. Eg er ganske "segen", og kjenner at dette ikkje er dagen der lange godnatt-historier vert prioritert.

Så, slik var det altså :
To trøtte vaksne + 3 små inne på eit vaaaaarmt og lite bad. Klær av (jo, alt skal av, t-skjorta òg), do, dusj (varmt vatn? kaldt vatn?), kvar er shampoo, barne-såpe, håndkle? Det er jo ikkje plass til å røre seg her!!! Og: det vert fort mykje lyd inne på eit bad...

Mamma ser at Jenny helst bare vil vaske hender i vasken. "du treng ikkje gjere d, Jenny. Du skal inn i dusjen no". Ingen respons.
"Ikkje, Jenny. Gå inn i dusjen heller". Framleis ingen respons.
"Jenny!! Kvifor fortset du å leike med vatnet når eg seier du ikkje skal???? Du står jo her og ser rett på meg når eg snakkar til deg!!!" KOFFÅR KAN DU IKKJE BARE GJER SÅ EG SEIE?????

"Men, mamma", seier Jenny i det ho skrur av vatnet og går mot dusjen; "Øyrene mine var turned off".

Ja, då så...

torsdag, september 30, 2010

Det er tid for influensa

Rengtida er høgsesong for diverse skumle sjukdomar, mest grunna myggen som trives i vått vær. Influensa kjem ikkje med myggen, men sprer seg overraskande fort likevel i desse dagar. Hjå oss er det Jenny og Gabriel som har hatt kvar si veke med feber, hoste og snørr. Gabriel er no i gang med 2.runde, for å ha gjort det skikkeleg.

Heldigvis er det berre vanleg influensa. Både på skule og barnehage har det vore tilfeller av svineinfluensa no i haust, og 2 av Signe sine venninner (+ ei mamma) har vore innlagt på sjukehus med viruset. Avisene melder om at talet på smitta er aukande, og dei fleste er raske på sjukehuset for prøver om ein vert dårleg.

No i den siste tida har svineinfluensavaksinen vorte tilgjengeleg for alle her i Thailand, òg for dei som må bruke offentleg helsevesen. Er ikkje det sånn ca 1 1/2 år etter Noreg? Det er skilnad på fattig og rik, som me alle veit.

Tysdag reiste tilsette og studentar i kyrkja på legekontoret for å ta sprøyte. Eg sende med kamera, og fekk attende masse bilete frå masse-vaksineringa.

Ynskjer alle ein god og influensa-fri haust!

mandag, september 27, 2010

En ide til etterfølgelse

Hanna fra Nederland er en av venninnene til Signe og Jenny. Hun hadde nettopp bursdag, og feiret sin 7 års dag på en noe annerledes måte.
Hanna inviterte til jenteselskap og smykke-verksted. Kanskje ikke så uvanlig, tenker du. Men, arrangøren for selskapet var en organisasasjon som heter Helping Hands som (i likhet med NMS og Lovsangshjemmet) jobber blant fattige i Klong Tøy slummen.

Helping Hands tilbyr håndverkskurs og -produkter etter rettferdig handel-prinsippet. Til selskapet kom 3 damer og hjalp 15 ivrige jenter med å lage smykker, armbånd og fotlenker. Vi mammaene stod rundt og så på, og hadde egentlig veeeldig lyst til å være med...

Bursdagsjenta selv fikk ingen gaver av gjestene. Hun ønsket seg penger. Hanna har en fjern- fadderjente her i Thailand som hun støtter med skolegang og legehjelp, og alle gaver denne dagen gikk til henne.
Hanna er ei jente med stort smil og et enda større hjerte. Hun bryr seg.

tirsdag, september 21, 2010

Rulleskøyter


Jentene våre har slengt seg på rulleskøyte-bølgen. Vener og nabobarn har alle vore på marknaden og kjøpt fargerikt utstyr. For Signe og Jenny har det hjulpet godt med bestemor og bestefar i nærleiken som villige sponsorer.

Når det no går mot "vinter" i Bangkok er rulleskøyter supert etter ein lang skuledag inne i aircon.

torsdag, september 09, 2010

Månekake


I går kjøpte eg mi aller fyrste månekake.

Månefestivalen nærmer seg i Asia og i år fell sjølve dagen på onsdag 22.september.


Mange, mange i Thailand (og kanskje særleg i Bangkok) reknar seg for thai-kineserar, og er stolte av sine kinesiske aner. Så kinesiske merkedagar vert feira òg i Bangkok.

Dei fleste av våre vener er av kinesisk slekt, så sjølvsagt er me kjende med kinesisk mat, khanom (snop/kaker) og diverse merkedagar. Me har ete månekaker i årevis, med all mulig rare fyll, sidan kakene er populære gåver på hausten og rundt kinesisk nyttår.

I går kjøpte eg altså, heilt aleine, mi fyrste månekake. Stor og rund med fyll frå lotusblomsten og vannmelonfrø. Tradisjonelt sett skal kaka nytast saman med ein kopp kinesisk te. Så kinesisk er eg ikkje, for eg syntes den smakte utmerket saman med ein hasselnøttshake-kaffe og masse krem.

Det slo meg i går at fyllet i kaka minte om mandler. Kanskje eg skal prøve å friste mine vener med kransekake ei dag? I god norsk tradisjon?

onsdag, august 18, 2010

Ein høgtideleg dag

Vegg-i-vegg med hovudkontoret til den lutherske kyrkja ligg Luther Seminary Thailand (LST). Her kan unge kristne frå heile landet ta ein bachelor-grad i teologi eller ta den enklare og kortare bibelskule -varianten. I år er det 12 fulltidsstudentar ved LST, og for mange av dei er dette deira fyrste møte med storbyen Bangkok.

I slutten av juli var det vitnemåloverrekking og feiring på LST. 4 studentar hadde bestått bacholor, og 9 unge hadde fullført 1-årig bibelskule. Thaiar er glade i seremoniar og høgtid, så dette var ein stor dag, med mykje alvor (og store smil).

Sjølv har eg undervist i engelsk dei siste 3 semestra, og eg kjende at eg var så stolt over "mine" studentar som, litt smånervøse, mottok vitnemål frå rektor. Arne var henta inn som fotograf, og fotoseansen ville ingen ende ta; 360 bilete på 3 timar, slett ikkje verst!
Etter fullført bacholor må ein har ha 5 års praksis frå kyrkjelydsarbeid før ein kan ordinerast til presteteneste. ELCT har stor mangel på prestar og leiarar, og vonaleg kan kyrkja om få år ha nye festgudstenester med ordinasjon av prestar.