Happy Halloween, folkens!tirsdag, oktober 31, 2006
mandag, oktober 30, 2006
Den store barnedåpen

Torsdag var det dåp i nord-aust Thailand, nærare bestemt på Tohsang Resort ved Meekong-elva, nær grensa til Laos. Alle 4 jentene i familien Ngamchalad vart døypt i bassenget med full neddykking. Det var ei spesiell og svært rørande oppleving å sjå Bok, Øn, Ingeborg Anna og Hanna Olise kvitkledde og nok litt prega av høgtid, men likevel bestemte på at dei no ville ha Jesus som sin beste ven.
Me fekk lov til å vera fadder for Hanna Olise. Det gled me oss over, og me ser fram til å få følgja henne framover i livet.Er ho ikkje nydeleg, det lille fadderbarnet vårt?
tirsdag, oktober 24, 2006
På utkikk etter bil i Bangkok....?
torsdag, oktober 19, 2006
Sjokoladekake-trøyst

Ingenting er som sjokoladekake og brus når ein har vondt i øyret og er litt sjuk!
Signe og Line fekk servert både kake m/masse god krem, brus og barbie-film i ettermiddag. God trøyst for dei to sjuke små-damene når "alle" andre fekk reisa på skøyting.

Litt sjokolade er ikkje det verste ei lillesyster kan få heller...
Tusen takk, Merete! At me er heldige som har gode naboar kan ikkje seiast for ofte.
tirsdag, oktober 17, 2006
Familien på preikestolen

Her er altså jentene i aksjon frå preikestolen med flanellograf, papirer og bibel. Dei små var meir enn villige til å hjelpa til, og til slutt datt både den rike unge mannen, Sakkeus i treet og Jesus rett i golvet...
Det gjorde ingenting, me får berre øva litt meir til neste gong. Planlegg allereie julefesten der juleevangeliet kan verta fortalt av dei unge i kyrkja, med eigne ord og med bruk av filtfigurane. Trur det kan verta flott! Foreldra verka iallefall veldig entusiastiske over idèn...
Som de nok skjøner; Flanellograf er ein fantastisk ting!
Her på bilete ser det Jenny oppteken bak tavla (rett før ho kom brasande fram og ropa "puppi, puppi")
torsdag, oktober 12, 2006
Flanellograf
Eg har fått meg flanellograf!!!Når ideèn fyrst kom om at flanellograf hadde vore kjekt å hatt til preiker og elles barnearbeidet i kyrkjelyden vår, gjekk det ikkje lenge før eska stod her på stovegolvet. På store flanell-ark ligg alle dei kjende figurane frå Bibelen; Maria, Josef, fariseraane,Jesus, guten med brød og fisk, julekrybba, eslet osb osb. Her er òg masse små stjerner, blomar, vinglas og ein liten hammar...
Så, no sit me å klypper for harde livet. Eg fekk arbeidsskade med ein gong (sår på fingeren), noko som gjorde at eg måtte ta ei lita sjukemelding. Arne, derimot, har vore veldig flink, me
n uttrykt lettare frustrasjon over enkelte englar med bittesmå hender og ”rufsete” vinger.Takk til Stein Gunnar som reiste til Stavanger og handla, takk onkel Alf som brukte heile bagasjekvoten sin (17 kg!) for å få den med på flyet, og tusen takk til mamma og pappa som betalte! Eg gler meg til søndag, då skal flanellografen i bruk. Vonar den vil slå an og spre bibel-glede både hjå store og små!
Anne Brit
søndag, oktober 08, 2006
På møterommet

NMS-folket her i Thailand har hatt fagdagar.
Alle misjonærane var samla til samtale, diskusjon og gruppearbeid kring tema som:
Cellebaserte menigheter
Misjon i Thailand i 30 år - Hvor er vi nå?
Strategi og visjon i misjon
Kyrkja i Laos
Ikkje lett å vera ordstyrar når 13 ivrige og engasjerte NMS'arar hiv seg frampå... Det er ein fantastisk kollega-gjeng me har! Me er veldig ulike, og samstundes har me det så flott i lag!
Sosial samling rundt bassenget for liten og stor vart avlyst. I det siste har det vore mykje
sjukdom, særleg hjå borna (feber, spy og bæsj). Då det òg kan vera ein liten fare for salmonella-smitte, var det ikkje naudsynt å utfordra til enno meir virus-bytting... Helsa til borna våre er absolutt eit bøne-emne. På bilete ser de Kjartan Sørheim som teikner og forteller for oss ivrige tilhøyrarar.
Legg merke til at det kun er ei som flittig tar notater... (flinkaste jente i klassen, eller??)
torsdag, oktober 05, 2006
Ein oktoberdag i regntunge Bangkok

I skrivande stund heng skyene tungt over byen, det er grått ute og liknar mest av alt på ein vanleg haustdag på Vestlandet. Det har regna vel mykje dei siste dagane, og vatnet har runne som elver i gatene. Kjem plutseleg på regnjakka mi heime i Noreg, det er lenge sidan slikt utstyr var naudsynt å ha. Mest som eg saknar regnjakke og paraply i vindskeiv gange over Torgalmenningen...
Minstemann her i huset, Jenny, har slite med oppkast og diare sidan helga. Slitsomt for ein liten kropp som fort vert tappa for krefter når all mat og drikke kjem i retur. Lite søvn og urolege foreldre. Eit virus, sa legen, og i dag satsar me på ein dag der maten får halda seg i den vesle Jenny-magen. Her i Santikham har alle ungane fått sin del no snart, me vonar at Signe slepp unna denne gong...Søndag kveld (frå splitter ny flyplass!) reiste fam Heggernes og fam Fjøren heim att etter 3 veker i Thailand.
Me lånte dei siste helga, og fekk koslege dagar saman. Filip og Elias er akkurat like gamle som Signe og Jenny, og dei vart fort kjempevener. Hyttebygging i stova, tøyse på trampolinen, og hoppe frå kanten av bassenget var dei store prosjekta. No er dei altså heime att på Sotra, men med Thailand-virus med i bagasjen... Vonar Elias snart vert frisk att.No er det snart avgang til fagdagar inne i sentrum. Misjon er utfordrande og spanande, og no får me to heile dagar til samtale og diskusjon. Rapport fylgjer til helga att.
Ha ein fin dag, anten den vert i sol eller regn!
fredag, september 29, 2006
Lutheraner og pinsevenn
Det var pinsevenner, frie venner, Frikirken, metodister, Blå kors og Samemisjon. Katolikker, protestanter, reformerte, Sambandet og indre og ytre misjon... Er det andre som hugsar denne songen til Bjarte Leithaug?
Sist søndag var kyrkjelyden vår Santitham, saman med Pinsemenigheten her i landet, vertskap for ei storsamling i hovudkyrkja vår. Folka i Santitham var på førehand svært spente på kva
mottaking dette ville få. Kva ville lutheranerane tenkje dersom lovsongen vart for intens og armane fòr i vèret? Kva om alle ba kjempehøgt og ikkje sat stille? Ville alle kjenne seg heime i eit slikt fellesskap?Det vart til slutt ei fullsatt kyrkje, med ei god blanding frå begge kyrkjesamfunn. Lovson
gen var intens, høg og inderleg, det var så det ljoma i veggene. Eit stort trekkplaster var nok storkjendisen Khun Dilo, ei filmstjerne som fortalde om då han vart kristen. Det er så viktig med lokale heltar som kan "fronte" kristen tru!!Signe og Jenny var for det meste utandørs og leika med små og store kyrkjevener. Utanfor var òg soldatane på plass. Alle samlingar vert framleis overvaka nøye...

Inne vart samlinga avslutta med bøn for konge og fedreland.
lørdag, september 23, 2006
Ekskursjon Tanks

I dag, på ARC (The Administrative Reform Council) sin 4. regjeringsdag i Thailand, reiste me heile familien + fam. Vidnes (minus Sigve) ned til regjeringsbygget for skikkeleg å kjenna på den nye politiske vinden som bles over landet.
”Ekskursjon Tanks” var tittel for turen, og målet var å få sjå nokre skikkelege soldatar med tilhøyrande køyretøy. Og me vart ikkje skuffa! Rett nok fann me veldig lite action, men det var meir enn nok militært personell og utstyr på plass.
Soldatane fekk roser av folk, og smilte så høfleg og fint til alle oss sivile. Fekk nesten ei kjensle av at me var på open dag i ein militærleir... Det var iallefall ingenting som minna om militærkupp og eit demokrati i fare. Nifst.
Arne og Cathrine gjorde som ekte turistar skal gjera: Hengde kamera på magen og knipsa i veg som best dei kunne. Motiva var mange og gode. Signe var ikkje skvetten og ville ha med seg det meste (var nå likevel godt å ha ha med seg Caja). Mamma’n litt meir nervøs for nærkontakt med så mykje våpen, og ei sterk magekjensle for at våpen og menneske berre fører vondt med seg.
Jenny vart fort eit ettertrakta foto-objekt, og fekk fleire pressefotografar i hælane. Signe prøvde fleire gonger å passa på lillesøster, men det såg ut til at Jenny lika seg svært så godt framfor kamera. Gjett om me skal sjekke alle aviser i morgon!!
Spanande dagar i Bangkok for tida!
fredag, september 22, 2006
The Soldier and I
ARC (The Administrative Reform Council) har no forbode alle politiske samlingar i Thailand med meir enn 5 personar til stades. Eg var i dag tidleg på veg til møte i Field Comittee for den lutherske misjonen, og me er ganske nøyaktig 7 medlemmer... Men, me hadde ingen politisk agenda for dagnes møte, me skulle diskutera misjon og partnerskaps-samarbeid.
Nede på gatehjørnet, rett ved Thong Lo politistasjon (for de som er lokalkjende i Bangkok) stod dei to soldatane, ganske så avslappa, og ”hang” utanfor 7 – 11-butikken. Då eg dro opp kamera, poserte dei villig med eit stort smil...
Mitt fyrste møte med representantar for militærmakta i Thailand vart difor ganske så avslappa. Og det er nett det thaiar flest er når det gjeld militærkuppet, avslappa og rolege. "Det er slik me thaiar ordner opp", var det ein i kyrkja vår som sa, "dette er ein typisk konfliktløysing i Thailand: Ut med den som skaper problem!"
Hmm, av og til er det berre litt for spanande å leva i ein annan kultur.
Nede på gatehjørnet, rett ved Thong Lo politistasjon (for de som er lokalkjende i Bangkok) stod dei to soldatane, ganske så avslappa, og ”hang” utanfor 7 – 11-butikken. Då eg dro opp kamera, poserte dei villig med eit stort smil...Mitt fyrste møte med representantar for militærmakta i Thailand vart difor ganske så avslappa. Og det er nett det thaiar flest er når det gjeld militærkuppet, avslappa og rolege. "Det er slik me thaiar ordner opp", var det ein i kyrkja vår som sa, "dette er ein typisk konfliktløysing i Thailand: Ut med den som skaper problem!"
Hmm, av og til er det berre litt for spanande å leva i ein annan kultur.
onsdag, september 20, 2006
Ein dag i unntakstilstand

Me vakna rett over midnatt av at meldingane på mobilen tikka inn: "Kva skjer i Bangkok? Militærkupp??"
Inga god kjensle å lesa nyhende på internett: Soldatar og tanks rundt i gatene, lov og orden sett på pause og tilråding om å halda seg heime. Plutseleg var me ikkje lenger så trygge i byen vår...
Det vart lite søvn i natt.
I dag tidleg regna det... Det vart erklært offentleg fridag, og skulane var stengde. Innandørs tok det ikkje lenge før Signe og Line byrja kjeda seg noko voldsomt. Det var på tide å finna på eit eller anna: Skal me laga butikk?!
Signe og Jenny har overtatt Caja sin kiosk, og på kort tid vart det kafè i garasjen vår. Utvalet var det ingenting å seie på, og prisane bar preg av foretningssans hjå dei to damene; 1/4 muffin 100 baht, kjeks 10 baht, kaffi 20 baht, vatn 1 baht og te 1 million...Me vaksen fekk snakka litt saman og utveksla siste nytt. Det ser jo verkeleg ut til at det roer seg, og her er på ingen måte teikn til dramatikk i byen. Veldig stille og roleg på vegane, men det er jo ganske herleg til ei forandring...
I kveld er det voksensamling her. Godt å samlast alle kollegar. Me avventer ny medling frå sjefen, men det ser ut til at i morgon er det på ny jobb og skule. Militærkupp eller ikkje, me er klare for kvardag att i morgon!
søndag, september 17, 2006
Tigger og Vanilla

Då det kom kattungar til Santikham var Signe raskt ute med ynskje om å få den oransje pusen. Faren sin overtalte ho lett, og plutseleg var det bestemt; Me skulle få oss katt!
Det var lenge å venta til han vart stor nok til å flytte frå mamma'en sin + læra å tisse i sand. Namnet Tigger var klart og diverse katte-effekter kjøpt inn.
Så kom endeleg flyttedagen for Tigger. Men, det synte seg snart at Tigger-gutt var ein skikkeleg mamma-dalt som slett ikkje likte å bu aleine. Så, dagen etter kom søster Vanilla i hus...Husdyr er ein fin ting. Dei må bare lære seg å kose på fanget!
torsdag, september 14, 2006
Tankar frå Signe
I dag tidleg (medan Jenny og mamma sov så godt, så godt) hadde pappa og Signe ein av sine gode samtalar, sånn i full fart før skulebussen køyrer:
Signe: Eg er storesøster til Jenny, fordi eg kom fyrst ut av magen til mamma.
Pappa: Ja, det er rett det. Den som kjem fyrst er storesøster
Signe: Når eg får baby, og den som kjem fyrst ut av magen min vert storesøster, sant?
Pappa: Ja, når du har vorte vaksen og har ein mann som kan verta pappa
Signe: Ja, det er viktig å ha pappa
Pappa (ganske så fornøgd med utviklinga av samtalen): Ja, det er jo best å ha ein pappa til babyen din
Signe: Me må ha ein pappa til å laga mat, utan pappa kan me dø... For me vert jo svoltne, og får me ikkje mat, så dør me...
Så, det så!
mandag, september 11, 2006
Kyrkja ute i hagen

Den norske sjømannskyrkja og Svenska Kyrkan i Utlandet delte lokaler i Sukhumvit soi 33 i mange år, før Sjømannsmisjonen i fjor bestemte seg for å flytta si verksemd til Pattaya og den store norske kolonien der. Me som er att her i byen kjenner at me saknar presten vår. Men, "Sjømannskyrkja i Bangkok" er likevel ein stad der me trives, mykje fordi det svenske presteparet Lennart og Lis gjer ein flott jobb med å inkludera både oss nordmenn og danskane.
I Thailand kan ein utan problem leggja gudstenestene utandørs, dersom ein startar tidleg på dag eller seint ettermiddag. Norsk kyrkjetid (frå 11 og utover) vert fort for svett både for prest og kyrkjelyd.
Laurdag morgon det gudsteneste m/dåp ute i hagen.Det vart ein varm og fin gudsteneste med dåpsfølge og oss 4 som einaste frammøtte... Vesle Nanna var så søt, så søt i dåpskjolen sin, og me vil nok hugsa litt ekstra på henne i bøn framover.
Signe, og Jenny var rask borte i leikestativet då det interessante (dvs dåpen) var over. Me vaksne fekk, i fred og ro, med oss kjente salmer + tankar kring likninga om Den barmhjertige samaritan som skikkeleg utfordra oss som medmenneske og kristen.
Etterpå var det kaffe og skillingsboller rundt bordene ute i hagen, og meir leik og moro for dei minste.
Kyrkja i hagen er verkeleg ein oase for oss på så mange måtar…
torsdag, september 07, 2006
Å kunne sin ABC

Tysdag kveld var det foreldremøte på St. Andrews International School. Eit nytt skuleår er så vidt i gong, og Signe er ikkje lenge i Nursery, men stor jente i kindergarten. Dei er no 15 i klassen, 5 jenter og 10 gutar.
Mange var møtt fram for å høyra pensum for dette året. Akkurat no er tema ”Who am I”. I klasserommet hang kunstverk på rad og rekkje. Det var malte sjølvportrett, innrama bilete (alle jentene hadde rosa blomar på sine…) og teikningar av familien. Signe hadde teikna mamma, pappa, Signe, Jenny og Line. Me vaksne såg heller sure ut, smilet hang
liksom andre vegen, satsar på at det ikkje har vore oppe til tolkning blant lærarane…Etter at me alle hadde beundra produksjonen til våre små, samla me oss rundt pensumlister og dagsplanar. Det er gym, musikk, vannleik, baking og pianoøving. Masse, masse m.a.o.
Ordet vart fritt, og då heiv foreldra seg frampå: Om ikkje ungane kanskje vart litt undervurdert? Øve på å pusse tennene sjølv? Kva med lesing og skriving?? Dei kan jo enno ikkje alle tala, eller ABC! ”Alle” hadde vener der borna kunne både skriva og lesa ABC i den alderen. Eg trudde ikkje mine eigne øyrer!? Hæ?! Ungane er 3 år, og det er full panikk fordi dei ikkje kan skriva bokstavane!!!!! Skjøna snart av dette var ganske alvorleg, og læraren, Ms Minke, forklarte som best ho kunne om sosial trening fyrst, tenke langsiktig læring og ulikt syn på pedagogikk.
Til slutt sa ho; ”Mamma’en til Signe er ikkje uroa i det heile, for der dei kjem frå lærer ikkje ungane å lesa og skriva før dei er 7”. Alle såg på meg. Var me rare, eller??? OK, så er me kanskje det, då. Men, Signe får ikkje pugge ABC no, eller ha lekser. Er ikkje leik og moro vel så viktig?
mandag, september 04, 2006
Phibun - del 2: På fisketur
Eg har no i eit år lese på Sørheim og Tveten blogg om alt våre kollegaer i nord-aust Thailand opplever i lag med Satad. Det har vore nattlege turar på jakt etter rotter, slangar, fisk og andre småkryp. Bileta på bloggane har vore mange, og synt stolte jaktmenn med våpen og bytte. Då eg kom til Phibun, denne jaktstaden, samla mennene seg torsdag kveld for ein tur til rismarkene.
Og det var fisking eg skulle få vera med på. Utstyrt med gummistøvler og
hodelykt bar det innover på ukjente (og folketomme) stiar. Satad hadde mat med til både fisk og fiskarar: ca 100 pinner med sen og krok på, ei bøtte med feite mark og nokre høns som han hadde slakta i høve turen.
Fyrst måtte me tre mark på krokane og setje pinnane ut i risåkeren. Som den bondesonen eg er tenkte eg det ville gå greit å tre nokre sprelle-mark på krok.Men mange år i urbane Bergen, og seinere no i Bangkok, må ha gjort noko med villmarks-”spiriten” i meg (nokre vil kanskje seia at den har eg aldri hatt...). Eg måtte iallefall ganske raskt melde meg til å setje ut pinnane heller.
Så var det berre å venta..... Maten vår vart tilbereidd og servert. Eit skikkeleg kongemåltid med sticky-rice, grilla høne og sterkt krydra saus.
I skumringa vart det tid for fyrste sjekk; Noko fisk allereie? Lite. Berre å venta litt til.... Utover kvelden vart det mykje meir venting, samt mange og gode jakthistoriar.
Ei lita korg fisk vart med oss heim, og Satad var berre sånn passe tilfreds med resultatet. Eg var derimot veldig fornøgd med turen! Eg hadde fått ein liten smakebit av landsbylivet i Thailand, og eg var ein av gutta med gevær!
Og det var fisking eg skulle få vera med på. Utstyrt med gummistøvler og
hodelykt bar det innover på ukjente (og folketomme) stiar. Satad hadde mat med til både fisk og fiskarar: ca 100 pinner med sen og krok på, ei bøtte med feite mark og nokre høns som han hadde slakta i høve turen.Fyrst måtte me tre mark på krokane og setje pinnane ut i risåkeren. Som den bondesonen eg er tenkte eg det ville gå greit å tre nokre sprelle-mark på krok.Men mange år i urbane Bergen, og seinere no i Bangkok, må ha gjort noko med villmarks-”spiriten” i meg (nokre vil kanskje seia at den har eg aldri hatt...). Eg måtte iallefall ganske raskt melde meg til å setje ut pinnane heller.

Så var det berre å venta..... Maten vår vart tilbereidd og servert. Eit skikkeleg kongemåltid med sticky-rice, grilla høne og sterkt krydra saus.
I skumringa vart det tid for fyrste sjekk; Noko fisk allereie? Lite. Berre å venta litt til.... Utover kvelden vart det mykje meir venting, samt mange og gode jakthistoriar.
Ei lita korg fisk vart med oss heim, og Satad var berre sånn passe tilfreds med resultatet. Eg var derimot veldig fornøgd med turen! Eg hadde fått ein liten smakebit av landsbylivet i Thailand, og eg var ein av gutta med gevær!
mandag, august 28, 2006

Phibun - del 1
Phibun Mangsahan er ein liten by med ca 10 000 innbyggjerar i Ubonprovinsen, nord-aust Thailand. Her er det masse flott natur, god mat og småkryp i alle fargar og fasongar (merk bilete til høgre…).
NMS har vore involvert i evangeliserings- og diakonalt arbeid i Ubon-området over 25 år Det kanskje mest kjende NMS-støtta prosjektet i Phibun er Immanuelhjemmet, som gjev ungdomar frå fattige jordbruksfamiliar ein moglegheit til utdanning.No har NMS tre familiar busette i Phibun. Familiane Sørheim, Tveten og Ngamchalad. Sist veke fekk me det påskòtet me trengde for å ta ei skikkeleg langhelg i Nord-aust; Kyrkjestyret la augustmøtet sitt til Ubon (næraste storby og provinshovudstad), og når me fyrst måtte reisa så langt kunne me like godt gjera turen til ein kjekk familieoppleving i eksotiske omgjevnadar!
Det vart det! Me har storkost oss saman med våre flotte kollegar, og fått kjenna litt på korleis det er å vera misjonær på landsbygda. Me er fulle av beundring over den innsats, pågangsmot og glede dei syner i arbeidet. Fantastisk!
Signe og Jenny fekk lov å gjesta barnehagen til NMS i to dagar. Dei hadde det kjempeflott saman med Kaja (snart 3 år), Henrik(2 år), Ingeborg Anna (3 år)og Hanna Olise (8 mnd). Ingen teikn til at dei sakna foreldrene…Meir av våre opplevingar i eksotiske Phibun kjem i neste blogg.
Kan allereie røpa at det vert innslag frå fisketur i rismark, fotballkamp og glimt frå gudsteneste. Så, følg med, følg med!
mandag, august 21, 2006

Endeleg kom Line heim att!
Signe har venta lenge på at nabo og sin gode venn Line (snart 6 år) skulle kome heim att. Faktisk heilt sidan veka etter at ho og familien reiste til Noreg, byrja Signe å venta. Berre den som er 3 år veit kor vanvittig lenge 4 månader er…
Men, no i helga var me på flyplassen og tok i mot Line, Isak, Marie, mamma Merete og pappa Knut Hallen. Gjensynsgleda var stor, og både Signe og Jenny fekk pakke og snop. Stas!
Det er enno ei veke att til skulestart, og dei to jentene har no gode dagar med masse tid til ingenting. Eller, Signe ville nok kanskje sagt at dei er travle med å jobba. Venninne-idyll råder i alle fall her i Santikham, og me foreldre gled oss over det!
lørdag, august 19, 2006

På immigrasjonskontoret
Hver år, i slutten av august, må vi på vår årlige tur til immigrasjonskontoret i Bangkok får å fornye visumet og arbeidstillatelsen vår. Det er en tur vi voksne ser fram til med blandede følelser; Tid i bilkø frem og tilbake og med timesvis på et venteværelse, går det fort en halv dag. I tillegg må hele familien møte, vi må jo vise at vi virkelig er her alle mann.
Altfor seint fremme pga.”tett trafikk”, som de sier her i Bangkok, møtte vi fredag morgen den alltid smilende Cherry som bare sa ”may pen ray”, det gjør ingenting, bare signer på disse papirene. Cherry er sekretær for den lutherske misjonen her i Thailand, og er den som passer på at misjonærenes papirer er i orden (blant mange andre ting).
Så, etter at dama i luke nr 3 har fått passene våre er det bare å vente.
I år hadde vi forberedt oss godt, tatt med bøker til Signe og Jenny for å aktivisere de noen timer. Den første timen gikk greit, det var kjekt å lese og se i ny fotoalbum. Andre time ble de sultne, og vi fant frem hver si brødskive og ei flaske vann, og følte vi hadde full kontroll. Når det i tillegg ble en tur i kiosken for å snope + leke ”tikken” i gangane så det ut til at årets visumtur skulle gå som smurt .
Men, så var det nok. Etter 2 timer var ingenting gøy lengre, og lydnivået begynte å stige...
Da ble vi redda av nummerskiltet i luka, det var vår tur! Vi syntes å huske at det var slik i fjor også, så neste år skal ungene få skrike og hoppe på stolene fra første stund! Men, det er et helt år til. Vi er nå lovlige innvandrere i kongeriket Thailand frem til 20.august 2007.
torsdag, august 17, 2006

Med naboane på ferie…
Vår gode nabo, Sigve (Vidnes), er vikarprest i sjømannskyrkja i Pattaya i sommar. Han og familien pendlar no i august mellom Bangkok og Pattaya. Sist veke var me så heldige å få vera med Sigve, Cathrine, Talette og Caja sørover, og dei delte raust av både husrom og hjarterom.
Me hadde gode dagar ved bassenget, kjempestor sjokoladekaka i
kjøleskapet, barnesamling og graut på sjømannskyrkja, kjøtkaker på Lindas kafè, shopping på nattmarknaden og tur til ”under-water-world” (det synte seg at Jenny er ein stor fiske-fan).
Saman med gode vener vert det fort seine kveldar, noko som jo er nærast livsfarleg for småbarnsforeldre. Men, Talette var entusiastisk barnevakt, ho stilte klokka kvar morgon kl 6, og henta våre to som då var beinklare for ein ny dag. Me sov lenge og kom skikkeleg i feriemodus.4 ½ dag med sol og sjøbris var akkurat det me trengte no. Takk for oss, kjære naboar, neste ferietur tar me til Hua Hin!
mandag, august 14, 2006

Sommarferie
Heime i Noreg ynskjer ein gjerne sol, strand og sjø om sommaren. Draumen er varme dagar der kleda vert bytta ut med solkrem. Her i Bangkok søkjer me òg det eksotiske no i ferien. Kva er vel då meir fristande enn langbukse,
sokkar, jakke og skøyter? Signe hadde sin debut på skøyter i sist veke. Saman med pappa + Talette og Caja (Vidnes) kosa ho seg nokre timar på isen.”Det var kjempekaldt, og pappa datt” kunne ho rapportera då dei kom heim att. Neste gong må visst me andre to òg vera med.
No ynskjer me oss skøyter til jul både store og små!
søndag, august 06, 2006

Khristadjak Santitham (Peace Lutheran Church)
Santitham er ein av dei eldste kyrkjelydane i den Lutherske Evangeliske Kyrkja (1977) og er vår kyrkjelyd i Bangkok. Me vart plassert her av kyrkjestyret etter endt språkstudie. Anne Brit har ansvaret for preika der ca 2 gonger i semesteret, elles har me ingen andre oppgåver utan å vera medsøsken i kyrkjebenkene.
Sang og musikk (gjerne høg musikk) er sentralt i gudstenesta i Santitham, og skal me vera heilt ærlege så har lovsongen har meir enn ein gong redda gudstenesta for vår del. Bibelspråket på thai er framleis ganske "gresk" for oss, og når me i tillegg spring etter ungar er det dessverre ikkje mykje me får med oss av det som skjer elles. Men, det er viktig å vera ein del av eit kristent fellesskap og det hender ofte at Signe spør når me skal gå i kyrkja att (ho har funne sine vener på søndagsskulen).
Medlemmene i kyrkjelyden bur spreidd over heile byen, og dei tek difor i bruk SMS for kontakt mellom gudstenestene. I går fekk me denne tekstmelding frå evanglisten:
Rop til meg, så vil eg svara deg og fortelja deg store, uskjønelege ting, som du ikkje kjenner til. Jer. 33,3.
Me sender helsinga vidare til deg, kjære blogglesar, og ynskjer ei velsigna god veke vidare!!
Abonner på:
Innlegg (Atom)


