søndag, februar 25, 2007

Hotell HusHat

Me er midt i ein enorm pågang i besøk frå Noreg, det eine besøket avløyser det andre. Og me koser oss ein haug (imellom jobb, sjuke ungar og bombevarsel...)!

Fyrst ute i januar var Siv Ane, venninne frå gymnas-tida i Sandes (som slett ikkje er sååå veldig lenge sidan). Ho var her i 2 veker, og me fekk litt tid saman til shopping, is-spising og tur til vårt ferieparadis, Hua Hin. Godt å verta litt oppdatert på kvarandre sine liv.




Berre dagar etter at ho var reist, var me atter på flyplassen for å ta i mot tante Karin, Erik, tante Nøva og Gunvald. Dei var berre på kort-kort-visitt, men det vart Grand Palace, Bayoke Sky og lit tid saman likevel. Kanskje særleg Signe koste seg med tanter på besøk som både hadde tid til å "jobbe" saman med henne og lese bok.



For tida har me onkel Åge, Bente, Ingunn og Hilde her i landet. Dei kom 2 dagar etter siste pulje var reist. Dei reiste ganske raskt til Hua Hin, og me fekk nokre dagar der med dei no i helga. Kjekt for oss å sjå att Ingunn og Hilde, som "plutseleg" har vorte flotte ungdommar sidan me reiste frå Noreg. Jenny nyt all merksemd ho kan få, og har hatt gode dagar. Me ser fram til å få dei att til Bangkok ein liten tur før dei reiser heim til Osterøy.

No denne veka er det tid for vårt årlege misjonærmøte. Dei dagane me skal ha møter her i Bangkok, låner me vekk gjesterommet til våre gode kollegar Eirin, Kjartan og Kaja. Både store og små har det fint saman! Meir om MM kjem i neste blogg.

I midten av mars venter me bestemor og bestefar på Forsand nedover. Etter det vert det stille og tomt for gjester. I april og mai får me kanskje tid til flytting og enno meir jobbing, før det vert juni og me skal setje oss på flyet til Noreg. Då vert det oss som kjem på besøk!

fredag, februar 16, 2007

Godt nytt år!


I morgon er det kinesisk nyttår og hunden må vika plass for grisen. Overalt er det pynta med søte små grisar. Grisen er vel ikkje akkurat det dyret me i Noreg har dei varmaste kjenslene for, men for thaiane er gris og lille gris koselege kjælenamn på borna.


Me nyttar høvet til å syna fram vår to nydelege nesten-kineserar kledd til feiring på skulen i dag tidleg:



God nytt (grisens)år, alle saman!

søndag, februar 11, 2007

Signe snakkar... Om framtida

Under kveldsmaten her ein kveld fortalte Signe litt om korleis ho ser for seg framtida:



Signe: Mamma, eg skal aldri flytta. Eg skal alltid bu her med deg.

Mamma: Å, skal du det? Det kan jo vera du vil flytta viss du får kjæreste ein gong.

Signe: Nei, eg skal alltid bu her med deg og pappa.

Mamma: Vil du ikkje gifta deg, sånn som mamma og pappa? Og ha baby?

Signe: Eg vil jo ha baby... Men, eg trenge ikkje ha pappa-mann...

Mamma: Skal du passa på babyen din heilt aleina, du då?

Signe (med eit oppgitt sukk): Eg skal jo bu med deg, mamma!

torsdag, februar 01, 2007

"Jeg vil ha en blå ballong" - eller kanskje ein gul?


I Thailand har dei ikkje berre morsdag og farsdag, men òg barnas dag. Andre søndag i januar er dagen då alle barna vert feira, med pakkar og all verdas morosame arrangement overalt.

Me var invitert i bursdagsselskap og karneval. Uheldigvis, for våre ungar, hadde ikkje misjonærane tanke for denne viktige dagen, og la eit seminar til akkurat den helga.

På skulen hadde dei førebudd barnas dag lenge. Dei hadde undervist om barnas rettar, og alle elevane hadde laga ei utstilling basert på det. Kindergarten sitt bidrag var ”Alle barn har rett til leik” (i skikkeleg Tøfflus og Jon Blund stil). ”Eg likar å spela fotball med pappa og venene mine”, stod det på Signe sitt ark. Arne vart bittelitt stolt…

Måndag var det feiring. Alle barna fekk kvar sin ballong med lapp festa på. Så, ute på parkeringsplassen vart ca 100 ballonger sendt avgarde, til stor jubel frå ungane.

Så, finn de ein gul ballong svevande rundt er det kanskje ei helsing frå Signe!?

onsdag, januar 17, 2007

Mae Nam Chao Praya - Kongenes elv


Chao Praya er den store elva som går gjennom heile sentral Thailand. Frå nord til sør i 372 km renn elva gjennom heile 10 byar, inkludert hovudstaden Bangkok. Mae nam Chao Praya er framleis ein viktig transportveg, både for varer og menneske. Her i Bangkok gjev elva eit annleis bilete av storbyen; Med alle sine ferjer, "long-tail"-båtar, taxi-båtar, lekter-skip og små påhengsbåtar minnar Chao Praya om ei travel handlegate. Bilete til venstre syner eit rolegare elve-liv frå byen Nakhon Sawan, nord for Bangkok.

Me hadde ikkje vore mange dagane i Thailand før vår misjonærkollega Anne tok oss med på båttur på elva. For oss vestlendingar hadde jo det aller beste vore ein tur på sjøen, i skikkeleg saltvatn, men me er takksame for det me har: Ei svær og ikkje blå, men brun, elv med masse båtrafikk og menneske. Ein sighteeing på side-elevene er nesten som i Venezia, berre mykje billigare og inkludert slangesafari...

Under fagdagane til NMS-misjonærane i haust var me på "luksus-cruise" nedover elva. God mat, gode kollegar og eit fantastisk skue frå båtdekket gjorde dette til ein flott kveld.

Ein tur på Kongenes elv er eit "must" for alle Bangkok-fararar! Rundt elva ligg historien til byen. Her lever folk i hus ein knapt kan fatta heng saman, her er tempel i haugevis med gull og glitter, og her finn ein dei flottaste hotell, av nyare dato, som brøyter seg fram og fortel si historie om utviklinga i Thailand.

Etter nokre timar i båt (og tempelbesøk) bør det leggjast inn ein kaffe-stopp m/kake på "elve-verandaen" på Hotel Orientel (eit av verdas (?) finaste hotell). Ein perfekt dag for sjølv den mest kresne turist.

onsdag, januar 10, 2007

Fyrste skuledag


No har òg lillesøster Jenny byrja på skulen. Rett nok berre 1 ½ time fire dagar i veka og saman med mamma eller Phi Noy (open barnehage på norsk?), men likefullt; ho køyrer skulebuss, treff Signe og venene ute på leikeområdet, og måndag vart ho ønska smilande velkomen av rektor (”ho er akkurat som ei lita Signe...”).

Sidan blogg frå denne store hendinga har vore etterlyst, publiserer med herved dei fyrste bileta av Jenny skulejente (vonaleg til glede for bestefar og alle de andre).

tirsdag, januar 02, 2007

2.januar i Bangkok


På ny er Thailand på nyheitene verda over, heller ikkje denne gongen er det god reklame for landet. 10 bomber eksplodert i Bangkok på nyårsafta sender ikkje gode signal inn i eit nytt år.

Me var på nyårsfest saman med fam Johannessen og fam Vidnes her i Santikham, og merka såleis lite til dramaet nede i sentrum. Det prega oss likevel, og mange tankar og bøner gjekk til dei som vart ramma.

No melder avisene her at regjeringa skuldar Thaksin-tilhengjarar for bombene, og at dette er motangrepet som ikkje kom i dagane etter kuppet i haust. Thaksin, som er i eksil i Kina, har avvist dette. Kva som er heile sanninga veit me ikkje, men det kan vera fare for fleire bombeangrep og ambassaden bed oss unngå store folkemengder.

I dag tok me ein tur til Central Bangna (vårt næraste kjøpesenter). Der vart bilen bombesjekka både utanpå og inni, og veska mi (full av kluter og bleier...) vart undersøkt ved inngongen. Me syntes alle desse prosedyrene var litt vel i overkant, heilt til me fekk høyra at eit anna kjøpesenter, litt nord for oss, vart bombetruga i dag tidleg.

Aftenbøna til Signe og Jenny fekk ei sterkare tyding for oss foreldre no i kveld:
Kjære Gud Fader i himmelens slott! Takk for i dag eg har hatt det så godt. Send dine englar å passa på, alle dei store og alle dei små. Så kan eg sova så trygt og godt. Kjære Gud Fader i himmelens slott.

Me bed om rolege dagar for Thailand i 2007!

mandag, januar 01, 2007

Godt nytt år!


Èi glede driv hundre sorger på flukt
kinesisk ordtak


Me ynskjer alle eit godt og glederikt år, 2007!

fredag, desember 29, 2006

Bind deg ein blomekrans


Det er late romjulsdagar i Santikham. Både store og små er litt forkjøla, så både humør og krefter har godt av nokre rolege dagar heime.

I dag var dagen for blomekransar. Signe og Jenny har venta med stort tolmod på sine blomesmykker, og Melong har (med like stort tolmod) tredd ein og ein blom inn på kvit sytråd.




Sjå, så fin Signe vart!

søndag, desember 24, 2006

lørdag, desember 23, 2006

Uti vår hage

Fantastisk! Dette vil visst ingen ende ta! På få dagar har me fått både geit og kyllingar, og no altså ein heil liten grønsakshage!

Me siterer:

Vær så god – her har du en grønnsakshage, en grønn gave fra meg til deg! Kanskje du ikke ønsket deg grønnsaker til jul, men visste du at grønnsakshager kan forandre verden?
Grønnsakshagene er med på å gi mennesker i utviklingsland muligheten til å gå mette til sengs. Håper du liker den litt uvanlige gaven.

Vi syntes dere måtte en hage til å ha dyrene i.
God Jul! Hilsen Mamma & Pappa.

Me takker og bukker!

fredag, desember 22, 2006

Dyrene i Afrika (?)



No har me fått kyllingar òg!!!
Tusen takk, Solveig!

torsdag, desember 21, 2006

Geit til jul?




Me har fått geit i julegåve!!!



Ein fantastisk presang som gler oss stort. Tusen takk Stein Gunnar!!! Du er berre helten vår akkurat no!





Til deg, kjære blogglesar: Du kan òg vera med på "gåver som kan endra verda". Dersom du klikkar her, kjem du til Kirkens Nødhjelp og kan kjøpa deg ei geit, kyllingar eller kanskje ei vasspumpe. Kven vil ikkje lika å få det i julegåve?

NMS hjelper deg òg gjerne med idèar til alternative gåver. Alle kan me vera med å "dekke et langbord i verden, som alle kan reise seg mette fra". Dette er livsviktig arbeid!




Her er altså våre tips til gåver som varmer, gåver i ekte "juleånd". Lukke til med shopping, du er berre eit tastetrykk frå å gje andre eit betre liv!

søndag, desember 17, 2006

Villmark og campingliv

I går kom Signe og fortalde at ho og Line skulle sova ute. Knut ordna stort telt ute på plenen, som vart gjort innflyttingsklart tidleg på dagen; 2 sommarkjolar kvar og minst 7 truser låg fint bretta saman i telt-vegg-lomma. Damene var klare for campingliv!

Då kvelden kom, var foreldra ganske så rolege; Det var nok ikkje lenge før dei to uteliggjarane var attende innandørs, nei. Men, så feil kan ein altså ta! Utstyrt med sovepose og hovudlykt inntok dei teltet, og sov der heile natta gjennom!

Eldstejenta vår har hatt si fyrste overnatting ute, og ingenting tyder på at det vert den siste!

lørdag, desember 16, 2006

Ord om venskap

Har du en venn du tror på, besøk ham ofte, for det gror kratt og høyt gress på den vei som ikke vandres.
(frå Håvamål)



Me har hatt 3 fine veker saman med to små og to store vener.
Gler oss til gjensyn!

fredag, desember 08, 2006

Desember i Thailand

Fyrste veka i desember er snart lagt bak oss, og det har vore ei veke fullstappa med adventskos og juleting.

1.søndag i advent fekk me besøk av Anne Margrethe (Hald team frå 2003) og kjæresten Jann. Dei var med på lystenning og gjorde godt i synge-forsterking (korleis var no teksten på "tenn lys"- sangen?). På kvelden var Anne M konsulenthjelp på julekake-baking. Fyrste sort er altså allereie i boks!!!

Måndag kom våre gode venner fam Brattelid/Stige attende frå Hua Hin, brune og med pakkar til oss, som me kunne opna med ein gong! På kvelden samla heile Santikham NMS seg i stova og venta på ungdomane frå kyrkja som skulle koma og syngja jula inn. Dei kom, sang, bad, åt og gjekk. Det var ein flott gjeng med masse latter og lyd som stabla seg inn i bilen att med bæreposar fulle av kake, chips, snop, frukt og brus. For oss som sat att, vart det eit heller magert nachspiel med nokre anansbitar att på eit fat...

5.desember var kongen sin bursdag og farsdag her i landet. Me nytta fridagen til å samla våre misjonærkollegar i Lutheran Mission in Thailand (LMT) til grøt og småkaker ved bassenget. Gjett kven som fann mandelen???

Torsdag var det juelspel på skulen til Signe. Flott historie om ein "bossy king", men som då han fekk sjå Jesus-barnet i krybba ikkje var så sint lenger... Signe og hennar klasse var Betlehems-englar og var så søte, så søte...

I dag er det fredag, og i adventskalendeen hang det lapp om at i dag skal me på tur til Safari-World og sjå på dyr.

Søndag er det gudsteneste og Anne Brit skal preike litt om å "rydde veg for Herren". Etterpå skal me damene (Annette og AB) har juleverkstad for store og små. Meir om det in neste blogg!!

Nokon som har meir julekos enn oss, kanskje??

lørdag, desember 02, 2006

Jenny og Åsmund

Så kjekt å leika i lag med deg, Åsmund. Du er jo ikkje så stor som meg, men veldig grei likevel!








Hallo! Har du tenkt å ta på meg?????









Ikkje! Flytt deg!!








Oiiii, datt du...?????





torsdag, november 30, 2006

No er det jul igjen...

Søndag var det barnas dag m/juleverkstad på sjømannskyrkja i Pattaya.

Dagen starta med felles lunsj og koseleg prat med den norske kolonien i Pattaya. Jammen er det mange kjekke nordmenn i utlandet! Etterpå hadde var det før-julsandakt med opning av ein kjempestor pakke. Den aller største julegåva må jo vera ein kjole, meinte Signe. Satser på at Cathrine fekk korrigert det...

Så var det juleverkstad med glanspapir i alle fargar og storproduksjon av julekort. Signe var ivrig med på klipping og liming.

Jenny, derimot, arbeidde konsentrert ute ved bassengkanten.

Glade ungar gjev blide foreldre, så dette var absolutt ein god dag!

fredag, november 24, 2006

Ferie i Hua Hin


Hua Hin er ein liten by som ligg berre eit par timars køyretur frå Bangkok. Byen vart kjent som Thailands fyrste glamorøse ferie-resort allereie i byrjinga av 1900-talet då kongen, Rama IV, bygde seg eit sommarpalass ved sjøen.

I dag er Hua Hin framleis kjent som feriestaden til dei kongelege (dagens konge, Rama IX, er meir eller mindre busett her), men har òg vorte eit svært så populært feriemål for turistar, og då særleg skandinavar.

Gjennom våre 3 ½ år her i landet har me funne vår vesle oase i Hua Hin. Her er det palmer, strand, vind og sjøluft. Ein god stad å vera!

Vår siste ferieveke for i år nyt me no her ved kysten. Besøket vårt frå Noreg er med, og store som små koser me oss!

Bakover-salto (utan skru)

Her er det liv ved frukostbordet! Det er til tider mykje lyd og (altfor) mykje aktivitet når 4 born i alderen 9 mnd til 4 år + foreldre skal få i seg litt mat ein sein morgon.

Signe skulle berre gå frå bordet på sin eigen måte då heile stolen vippa bakover og ho krasjlandet i glasskap-reolen rett bak. Då me såg at håret hennar plutseleg skifta farge til raudt, skjøna me at her var det meir enn ein liten kul. Godt at me har sjukepleiar-Annette her!

Avgarde til sjukehuset og inn på akutten. Ein heller traumatisk oppleving både for Signe og mamma’n, med ein lege som ikkje var særleg interessert i å venta til bedøvinga virka og heller satsa på sterke sjukepleiarar til å halda ein skrikande unge…

No er det 3 blå sting i hovudet på vesle-jenta vår, og kontroll på sjukehuset kvar dag. Det er vel ein merkedag for alle foreldre fyrste gong ein av dei små må til legen for å sy, ikkje sant?

torsdag, november 16, 2006

Smittsame sjukdomar og krokodiller

I dag tidleg kom Signe til låst dør på skulen. Kindergarten var stengt grunna hand-fot-munn-sjukdomen (har den eit norsk namn?). Med 5 sjuke born dei siste to vekene, fekk dei andre foreldra panikk og holdt borna sine heime frå skulen. Alle unntatt oss, då...

Signe var i grunnen fornøgd med å kome heim att sidan me for tida har besøk av Sverre (4 år). Sverre ferierer saman med lillebror Åsmund, mamma Annette og pappa Lars Petter. I dag hadde dei tenkt seg ein tur i krokodille-parken, og grunna skulefri fekk Signe vera med!

Utstyrt med rosa veske, solhatt, solbriller og ny solkjole var ho klar for tur! Stas å reise sånn utan mamma og pappa! Vel heime att kunne ho fortelje om små krokodiller og store krokodiller og at ho hadde fått is.

No satsar me på at ei eventuell smitte har prella av Signe og at me om ikkje lenge er attende i normale rutinar att.

onsdag, november 15, 2006

Loy Krathong


På fullmånenatt i den tolvte månefase- månaden (som oftast i november), når vatnet i elvene er på det høgaste og månen lyser som klarast, feirer Thailand Loy Krathong, eller "lystes festival".

I Buddhistisk tradisjon er Loy Krathong til ære for elvegudinna, og ein skulle på denne dagen takka for vatnet ho gjev og bed om tilgjeving for forureining etc i elvene. I dag er Loy Krathong kanskje den største nasjonale festdagen her i landet, og store og små deltek i feiringa.

Signe hadde laga krathong (blome-oppsats) både på skulen og saman med Phi Noy, så me var godt utstyrt til feiring! Me møtte våre vener Bo og Viroj + born på ein elve-restaurant litt utanfor Bangkok. Der åt me sjømat i alle variantar og smakar (litt for mykje rart for nokre av oss...), før me tende på lys og røykjelse og sende krathongane nedover elva. Jenny var i grunnen mest oppteken av fiskane nede i vatnet, og Signe vart kjempeskuffa då ho skjøna at den fine krathong'en hennar ikkje kom attende, men forsvann bortover... Eit løfte om is gjorde at me fekk redda dei begge frå å havna i elva.


Me hadde to blide, trøytte og klissete jenter i baksetet på veg heim.

lørdag, november 11, 2006

Trøyst frå gode vener

Kvelden etter gravferda til Vanilla ringjer det på døra. Der står vakta i porten med ei eske... Tigger hadde vore på tur ute i gata, heilt aleine i mørket. Då kom det ein bil i stor fart...

Så, me mista altså begge kattane vår på to dagar.

Talette og Caja (Vidnes) har, med sine 6 år i Thailand, erfart kor kort eit katteliv kan verta, så dei ville gjerne trøsta. Og kva er ei betre trøyst for Signe og Jenny enn ei splitter ny leike med små dubbedingsar og lyd?

Pingvinar i rusjebane vart ein stor suksess. Både store og små har leika saman dei siste dagane. Men, det som jo trøysta aller mest, var omtanken som låg bak. Tusen takk, Talette og Caja! De er to svært viktige personar i våre liv!

mandag, november 06, 2006

Er det kattar i himmelen?


No vonar iallefall me at det er rom òg for kattar i himmelen. Lillepus Vanilla kom nemleg under ein bil i dag og døydde... I ettermiddag var det gravferd,med eit heilt lite gravfølge, bak i hagen.

Dette har gjort at me i dag har fått særs mange spørsmål og undringar kring døden frå Signe. - Kvifor kan ikkje Gud gjera at Vanilla ikkje er død lenger?

Arne og Signe gravde grava tidlegare i dag, og Signe syntes ikkje det såg noko fint ut å måtte ned i jorda. "Kan ikkje Gud berre henta Vanilla før? Må alle dei døde ned i jorda og verta skitne fyrst?" Og, "når kjem eigentleg engelen til Gud og hentar Vanilla? Ser me Han?"

Det fine er at me har Tigger att. Han låg og "lagde lyd" i fanget til Signe no i kveld og var nok til god trøyst.

Og i morgon er det jo atter ein dag, med nye undringar over livets mysterium.

torsdag, november 02, 2006

Heime hjå Noy


Noy er ein sentral person i vårt dagleg liv, ho held orden i huset og passer borna når me vaksne er på jobb. Både Signe og Jenny er veldig glade i Phi (storesøster) Noy.

Noy kjem frå Si Sakhet- provinsen i nord-aust Thailand. Ho reiser vanlegvis heim på besøk eit par gonger i året. Sist veke måtte med ein jobbe-tur til Ubon, og for å koma dit køyrde me gjennom Si Sakhet. Me såg det som eit glimrande høve til å tilby Noy ein ekstra-tur heim og me vart til gjengjeld invitert heim til familien for å helsa på.

Mamma’n til Phi Noy har vore eit bøne-emne for Signe i over eit år. Ho har vore svært sjuk og Signe har bedt Gud om å passa på. Det har Han gjort, og til familiens store undring er helsa hennar no mykje, mykje betre.

Det er sjeldan kost for oss ”by-folk” å kome ut på landsbygda der rismarkene ligg på rekke og rad og bøfflene rusler langs med vegen. Me hadde ikkje vore lenge før det stod tett i tett med ungar utanfor huset; Dei hadde aldri sett ”fahrangar” (vestlige) i levande live før. Jenny sprang ut og gjorde det heile mindre farleg, medan Signe vart kjempesjenert av all stirringa frå alle kantar.

Alle fekk me gåver, heimelaga stoff i thai-silke i nydelege fargar. Her ser de Arne som prøver på tradisjonelt ”manns-skjørt”. Ganske stilig, på ein uvant måte...

Då me køyrde vidare vart me ynskja varmt på gjensyn. Me vonar det vert ein familietur om ikkje så lenge, 6 timar frå Bangkok er ikkje så langt...