

Juletre, julenisser, fantabrus og kvitost
1.søndag i advent var det julemesse i sjømannskyrkja i Bangkok. Me tre jentene reiste avgarde (Arne kvilte febersjuk heime), og programmet var tett: Fyrst gudsteneste, så opning av ny leikeplass i hagen, før julemessa var høgtideleg snorklippa i gong av den svenske ambassadøren. Så mykje fin handlaga julepynt, og så masse kjent og kjær julemat (dog kanskje mest for svenskane...) Julestemninga oste rundt oss, trass i 35 varmegrader og myggbitt. Signe fekk kjøpa fantabrus på boks og var kjempefornøgd, eg åt smørbrød med skikkeleg kvitost og Jenny tok fatt i alt ho kunne kome over. Det var ganske mykje...
Då me stabla oss inn i bilen att hadde me fått med oss 3 små juletre, ein heil familie julebukkar (pappa-bukk, mamma-bukk, signe-bukk og jenny-bukk) og ein pose svensk klissesnop. Julenissane fekk ikkje vera med... Det er definitivt snart jul!