mandag, august 27, 2007

Folket har talt...

Søndag for ei veke sidan var det folkerøysting her i Thailand. Sidan militærkuppet i fjor haust har ein venta med spenning på stega vidare fram til gjeninnføring av demokrati her i landet.

Ny grunnlov og val til parlamentet i desember er viktige i så måte. På sjølve valdagen gjekk det roleg for seg, men ein del klager om valfusk, kjøp av røyster etc har vorte rapportert av obeservatørar. På biletet til høgre ser de ein 78-år gammal mann arrestert fordi han, i frustrasjon, reiv røysteseddelen i to pga totalt forvirrande opplysningar. Slik kan det gå.

Om ikkje anna kan me kalla valresultatet for interessant; rett i underkant av 60% av folket røysta for forslaget til ny grunnlov. Særleg i Nord-aust og Nord-Thailand var motstanden stor. Dette er område der ein framleis finn mange Thaksin-tilhengjarar og det kan nok forklara noko av dei mange nei-røystene. Men, som ein aktiv motstandar sa til pressa; Mange, mange av oss røysta nei rett og slett fordi me er imot militærstyret.

Spanande tider framover, altså. Me nyttar ofte lange taxi-turar (trafikken i Bangkok er verre enn nokon gong) til å høyra siste nytt om kva som skjer. Taxi-sjåførane er oppdatert på det aller meste.

Foreslått valdag til nytt parlament er 23.desember, men den dagan er me vonaleg opptekne med andre ting og har tusla ned på fødeavdelingen...

fredag, august 17, 2007


Me avslutta opphaldet i Noreg med ei flott gudsteneste i Solheim. Hovudpersonen vår familie denne dagen var Signe. Det er 4 år sidan dåpsdagen hennar i Solheim kyrkje, og det vart markert med utdeling av "Mi kyrkjebok" til den store jenta vår. Som de ser på bilete var det ei stolt Signe denne dagen.

Me vil med dette takka gode misjonsvener på Løvstakksiden, Forsand, Hamre, Haus og Randaberg! Tusen takk for gode møte i sommar! Me er attende heime i Bangkok rikt velsigna og takksame for støtte og forbøn.

onsdag, august 08, 2007

Glimt frå ferie i Noreg

Me har gode dagar i heimlandet. Så gode dagar at PCen har fått lov til å samla støv, og både jobb og altfor varme dagar i Bangkok er mest heilt gløymt...

Ingen kan skryta av ein god varm norsk sommar, me har stort sett halde jakka på, og støvlane har vore flittig i bruk. Signe og Jenny synes dei har rare klede i Noreg, me synes jo dei er ganske så søte i fullt regnutstyr.

Når me ikkje har vore ute og trassa vær og vind, har me fått gode gjensyn med gamle og nye vener. Vener er ei fantastisk gåve! Ekstra flott er det når me ser at Signe og Jenny koser seg med våre veners håpefulle. Det er lagt eit godt grunnlag for neste generasjons venskap i løpet av sommaren!



Elles så har Signe no full kontroll på alle onklar, tanter og søskenbarn. Jenny er framleis litt på gyngande grunn når det gjeld kven som høyrer til kven, det er jo så mange! Og alle heiter jo onkel eller tante...
Det er 6 dagar att til det er retur til Thailand. Innan då skal me rekka MAF-møte, fisketur, avskjed med gode vener, bryllup, gudsteneste og feiring av 1-årsdagen til vesle Amalie. No er det innspurt! Og ute regnar det...


Forresten, nokon som lurer å korleis det går med magar og diettar i desse ferietider? Me let bilete til høgre tala for seg...