torsdag, november 30, 2006

No er det jul igjen...

Søndag var det barnas dag m/juleverkstad på sjømannskyrkja i Pattaya.

Dagen starta med felles lunsj og koseleg prat med den norske kolonien i Pattaya. Jammen er det mange kjekke nordmenn i utlandet! Etterpå hadde var det før-julsandakt med opning av ein kjempestor pakke. Den aller største julegåva må jo vera ein kjole, meinte Signe. Satser på at Cathrine fekk korrigert det...

Så var det juleverkstad med glanspapir i alle fargar og storproduksjon av julekort. Signe var ivrig med på klipping og liming.

Jenny, derimot, arbeidde konsentrert ute ved bassengkanten.

Glade ungar gjev blide foreldre, så dette var absolutt ein god dag!

fredag, november 24, 2006

Ferie i Hua Hin


Hua Hin er ein liten by som ligg berre eit par timars køyretur frå Bangkok. Byen vart kjent som Thailands fyrste glamorøse ferie-resort allereie i byrjinga av 1900-talet då kongen, Rama IV, bygde seg eit sommarpalass ved sjøen.

I dag er Hua Hin framleis kjent som feriestaden til dei kongelege (dagens konge, Rama IX, er meir eller mindre busett her), men har òg vorte eit svært så populært feriemål for turistar, og då særleg skandinavar.

Gjennom våre 3 ½ år her i landet har me funne vår vesle oase i Hua Hin. Her er det palmer, strand, vind og sjøluft. Ein god stad å vera!

Vår siste ferieveke for i år nyt me no her ved kysten. Besøket vårt frå Noreg er med, og store som små koser me oss!

Bakover-salto (utan skru)

Her er det liv ved frukostbordet! Det er til tider mykje lyd og (altfor) mykje aktivitet når 4 born i alderen 9 mnd til 4 år + foreldre skal få i seg litt mat ein sein morgon.

Signe skulle berre gå frå bordet på sin eigen måte då heile stolen vippa bakover og ho krasjlandet i glasskap-reolen rett bak. Då me såg at håret hennar plutseleg skifta farge til raudt, skjøna me at her var det meir enn ein liten kul. Godt at me har sjukepleiar-Annette her!

Avgarde til sjukehuset og inn på akutten. Ein heller traumatisk oppleving både for Signe og mamma’n, med ein lege som ikkje var særleg interessert i å venta til bedøvinga virka og heller satsa på sterke sjukepleiarar til å halda ein skrikande unge…

No er det 3 blå sting i hovudet på vesle-jenta vår, og kontroll på sjukehuset kvar dag. Det er vel ein merkedag for alle foreldre fyrste gong ein av dei små må til legen for å sy, ikkje sant?

torsdag, november 16, 2006

Smittsame sjukdomar og krokodiller

I dag tidleg kom Signe til låst dør på skulen. Kindergarten var stengt grunna hand-fot-munn-sjukdomen (har den eit norsk namn?). Med 5 sjuke born dei siste to vekene, fekk dei andre foreldra panikk og holdt borna sine heime frå skulen. Alle unntatt oss, då...

Signe var i grunnen fornøgd med å kome heim att sidan me for tida har besøk av Sverre (4 år). Sverre ferierer saman med lillebror Åsmund, mamma Annette og pappa Lars Petter. I dag hadde dei tenkt seg ein tur i krokodille-parken, og grunna skulefri fekk Signe vera med!

Utstyrt med rosa veske, solhatt, solbriller og ny solkjole var ho klar for tur! Stas å reise sånn utan mamma og pappa! Vel heime att kunne ho fortelje om små krokodiller og store krokodiller og at ho hadde fått is.

No satsar me på at ei eventuell smitte har prella av Signe og at me om ikkje lenge er attende i normale rutinar att.

onsdag, november 15, 2006

Loy Krathong


På fullmånenatt i den tolvte månefase- månaden (som oftast i november), når vatnet i elvene er på det høgaste og månen lyser som klarast, feirer Thailand Loy Krathong, eller "lystes festival".

I Buddhistisk tradisjon er Loy Krathong til ære for elvegudinna, og ein skulle på denne dagen takka for vatnet ho gjev og bed om tilgjeving for forureining etc i elvene. I dag er Loy Krathong kanskje den største nasjonale festdagen her i landet, og store og små deltek i feiringa.

Signe hadde laga krathong (blome-oppsats) både på skulen og saman med Phi Noy, så me var godt utstyrt til feiring! Me møtte våre vener Bo og Viroj + born på ein elve-restaurant litt utanfor Bangkok. Der åt me sjømat i alle variantar og smakar (litt for mykje rart for nokre av oss...), før me tende på lys og røykjelse og sende krathongane nedover elva. Jenny var i grunnen mest oppteken av fiskane nede i vatnet, og Signe vart kjempeskuffa då ho skjøna at den fine krathong'en hennar ikkje kom attende, men forsvann bortover... Eit løfte om is gjorde at me fekk redda dei begge frå å havna i elva.


Me hadde to blide, trøytte og klissete jenter i baksetet på veg heim.

lørdag, november 11, 2006

Trøyst frå gode vener

Kvelden etter gravferda til Vanilla ringjer det på døra. Der står vakta i porten med ei eske... Tigger hadde vore på tur ute i gata, heilt aleine i mørket. Då kom det ein bil i stor fart...

Så, me mista altså begge kattane vår på to dagar.

Talette og Caja (Vidnes) har, med sine 6 år i Thailand, erfart kor kort eit katteliv kan verta, så dei ville gjerne trøsta. Og kva er ei betre trøyst for Signe og Jenny enn ei splitter ny leike med små dubbedingsar og lyd?

Pingvinar i rusjebane vart ein stor suksess. Både store og små har leika saman dei siste dagane. Men, det som jo trøysta aller mest, var omtanken som låg bak. Tusen takk, Talette og Caja! De er to svært viktige personar i våre liv!

mandag, november 06, 2006

Er det kattar i himmelen?


No vonar iallefall me at det er rom òg for kattar i himmelen. Lillepus Vanilla kom nemleg under ein bil i dag og døydde... I ettermiddag var det gravferd,med eit heilt lite gravfølge, bak i hagen.

Dette har gjort at me i dag har fått særs mange spørsmål og undringar kring døden frå Signe. - Kvifor kan ikkje Gud gjera at Vanilla ikkje er død lenger?

Arne og Signe gravde grava tidlegare i dag, og Signe syntes ikkje det såg noko fint ut å måtte ned i jorda. "Kan ikkje Gud berre henta Vanilla før? Må alle dei døde ned i jorda og verta skitne fyrst?" Og, "når kjem eigentleg engelen til Gud og hentar Vanilla? Ser me Han?"

Det fine er at me har Tigger att. Han låg og "lagde lyd" i fanget til Signe no i kveld og var nok til god trøyst.

Og i morgon er det jo atter ein dag, med nye undringar over livets mysterium.

torsdag, november 02, 2006

Heime hjå Noy


Noy er ein sentral person i vårt dagleg liv, ho held orden i huset og passer borna når me vaksne er på jobb. Både Signe og Jenny er veldig glade i Phi (storesøster) Noy.

Noy kjem frå Si Sakhet- provinsen i nord-aust Thailand. Ho reiser vanlegvis heim på besøk eit par gonger i året. Sist veke måtte med ein jobbe-tur til Ubon, og for å koma dit køyrde me gjennom Si Sakhet. Me såg det som eit glimrande høve til å tilby Noy ein ekstra-tur heim og me vart til gjengjeld invitert heim til familien for å helsa på.

Mamma’n til Phi Noy har vore eit bøne-emne for Signe i over eit år. Ho har vore svært sjuk og Signe har bedt Gud om å passa på. Det har Han gjort, og til familiens store undring er helsa hennar no mykje, mykje betre.

Det er sjeldan kost for oss ”by-folk” å kome ut på landsbygda der rismarkene ligg på rekke og rad og bøfflene rusler langs med vegen. Me hadde ikkje vore lenge før det stod tett i tett med ungar utanfor huset; Dei hadde aldri sett ”fahrangar” (vestlige) i levande live før. Jenny sprang ut og gjorde det heile mindre farleg, medan Signe vart kjempesjenert av all stirringa frå alle kantar.

Alle fekk me gåver, heimelaga stoff i thai-silke i nydelege fargar. Her ser de Arne som prøver på tradisjonelt ”manns-skjørt”. Ganske stilig, på ein uvant måte...

Då me køyrde vidare vart me ynskja varmt på gjensyn. Me vonar det vert ein familietur om ikkje så lenge, 6 timar frå Bangkok er ikkje så langt...