søndag, juli 27, 2008

Ei betre framtid...

Onsdag reiste me ein liten tur til nord-aust Thailand, til Isaan. Dei fleste som bur i Isaan er risbønder, men med ein risavling pr år er det svært usikkert kor mykje rismarka gjev av inntekt for familien. Vert avlingen øydelagt grunna for lite regn, noko skjer ofte, er det sikre inntektsgrunnlaget øydelagt for det året. Då må far (og kanskje både søner og døtre) til Bangkok og prøva finna anna arbeid. For dei unge jentene er vegen til go-go barane i storbyen og prostitusjon dessverre altfor kort.

Å betala for vidare skulegong for borna etter 6.klasse er for mange foreldre berre ei ynskjedraum. NMS støtter Immanuelhjemmet, eit internat der det bur 45 born (35 jenter og 10 gutar) som får høve til å gjere ferdig 12 års skulegang.

Me fekk vitje heimane til nong B og nong A, to jenter som bur på internatet. Etter 1 1/2 time på veldig dårleg og smal grusveg (dette var dei som budde nærast fekk me vite...) kom me fram til fyrste landsbyen. Det var barneskulelærarane til nong B og nong A som hadde tipsa Immanuelhjemmet, dei var ein av dei flinkaste elevane og lærarane deira meinte dei burde få ein sjanse til meir skulegang.

Favorittfaget til begge jentene er matte. Nong B drøymer om å verte farmasøyt ein gong i framtida medan nong A vil verte lege. Kvifor? For å hjelpa andre, vel!!!

Vil du lesa meir om Immanuelhjemmet, eller støtte skulegong og ei betre framtid for flotte ungdommar klikk her.

søndag, juli 20, 2008

God sommar!


Om 4 dagar er det ferie! Me gler oss!!!

onsdag, juli 09, 2008

Naboane våre på hjørnet

Me bur vegg-i-vegg på ei lang rekke her i Fantasia. Naboane skiftar stadig ettersom dei fleste er utlendingar som stadig er på flyttefot, både innad i Bangkok og til andre kantar av verda. Familien på hjørnet er derimot ganske stabil. Det er ein ekte thai-familie med bestemødre, tanter, nevøer og nieser "overalt", i tillegg til eit ukjent antal hushjelper. Faktisk så er me ikkje heilt sikre på kven det er som eigentleg høyrer til i huset...

I sist veke rigga dei til med ute-tak, stolar og catering-firma utanfor huset sitt (dvs mesten utanfor vår port òg). Då 3 munkar òg kom etterkvart, måtte me spørje kva dette var for noko. Dette er "boat" fekk me til svar. Alle thai-menn over 20 år bør vera ei tid i tempelet som munk. Kor lenge varierer frå nokre veker til fleire månadar. Enno er det eit krav frå mange foreldre at deira komande svogerson har vore munk iallefall for eit par veker før dei gifter bort dottera si.

Sonen i nabohuset vårt (som me ikkje heilt kan hugse å ha sett før) skulle altså no "vigslast" til munk. Det var ei kjempesvær greie, med masse folk, blomar og mat. På bilete ser de ein av munkane som klipper av dei fyrste hårstråa, eit symbol på at det gamle og ureine vert tatt vekk.

Etterkvart fekk han på seg ei kvit drakt og følget reiste til tempelet for å avlevere gutten. Men ikkje før dagen vart skikkeleg feira med mat, drikke og musikk.