mandag, mai 24, 2010

Sommaren er snart over

Snart er sommaren over... Neste veke startar skulane opp att, etter nesten 2 månadars ferie (vart plutseleg ei ektra ferieveke pga uroen i Bangkok). Me utlendingar er heilt mot strømmen, og har ferie midt i regntida (juli/august). Det betyr jo òg at me jobber i varmetida, noko som faktisk er naturstridig... Det er sååååå varmt. Og det vert varmare og varmare for kvar dag. No er me tett opp i 40 grader i Bangkok, og det merkes! Aircon er eit fantastisk gode, og me prøver å halde oss inne.

For ungane i slummen er verken aircon eller tur til stranda eit sjølvsagt gode. Det vert lange, og varme dagar under motorvegen heile sommarferien. Ettermiddagsaktivitetane på Hop (Lovsangshjemmet) arrangerte sommarleir til sjøen for ikkje lenge sidan. 3 dagar på tur. Motto for leiren var "Friends to friends", og det var mykje fokus på venskap 0g fellesskap både i undervisning og i aktivitetar. Eit minne for livet!


I kyrkja vår prøvde me i år for fyrste gong å invitere til barneleir. Veldig usikre på kor mange som ville kome, no heilt på tampen av ferien. Men, til vår store glede strøyma ungane inn! Siste dagen var det over 30 ungar frå nabolaget som kom, jungeltelegrafen er supereffektiv! "One creator, one world" var temaet, Gud og skaparverket. Me prøvde oss i tillegg på litt miljøvern-tenking, søppesortering og sånt. I løpet av dagane var det kunst, musikk og dans, blomeplanting, kakepynting og kinokveld. Det var utruleg kjekt!

søndag, mai 16, 2010

Nytt frå oss i Bangkok

Kjære alle!
Det er mange som i desse dagar ringer, sms'er eller bruker facebook til å spørje korleis me har det. Bileta frå Bangkok ser ikkje bra ut, og mange sterke ord vert bruka. Her me bur er det stille og roleg. Det er meir politi ute i gatene, men me høyrer ingenting av kampane inne i sentrum. Ungane spør og er nok litt redde, det er mange rykter som går - og små gryter har som kjent ofte store øyrer. Me prøver å forklare at det er ingen "snille eller slemme", men at folk ikkje er einige om viktige ting. For oss utlendingar er det umogleg å skjøne alt i det som skjer, ting er uhyre komplisert.

Men, me les, diskuterer, høyrer, og tenker vårt. Mange tårer og bøner for Thailand no i denne tida.

Kyrkja vår er delt, me har både "røde og gule" sympatisører. Det er tunge dagar for alle, mange har slektningar og vener i rødskjorte-leiren som dei ikkje lenge får kontakt med, medan andre er i militære eller har ektefeller i politiet. Dei ringer og ber om forbøn frå kvar si side.

"Dette er ikkje vår konflikt", høyrde eg ein utlending som sa, og det har han heilt rett i. Samstundes er det litt vår konflikt likevel. Fordi det er menneske me er glade i som er berørt av det som skjer, det er ikkje berre krigsbilete og statistikk lenger.

I vår familie har me bestemt at me ikkje ynskjer å delta i feiringa av 17.mai i morgon. Det kjennes ikkje rett. Vertslandet vårt blør, dette er ikkje ei tid for feiring.