tirsdag, desember 30, 2008

Gabriel er 1 år!

Godgutten vår har bursdag i dag. Takk for eit flott år, Gabriel!

mandag, desember 29, 2008

Vår advents- og juletid

Ja, det har vore både advent og jul i Bangkok òg... For vår del har det berre gått veldig fort unna, og plutseleg var det nesten nyttår!
Me tar det kronologisk og byrjar med det fyrste:
Lucia-feiring i Fantasia. Det har no vorte ein tradisjon at jentene våre går Lucia i nabolaget 13.desember. Saknet av Line (Hallen) var stort i år, sidan Signe brått vart ansvarleg for det meste av synginga, noko som kan Lucia-sangen på engelsk? Amanda frå Finland vart med i år, som i fjor. Nye av året var Pearle og Ploy, men sidan heller ikkje dei kan eit ord norsk, tok me med dvd-spelaren i bakgrunnen. Små, kvitkledde Luciaèr med lys og småkaker er uansett en suksess, og ingen svidde klede eller hårtustar i år heller, heldigvis.
Veka etter fekk me reisa på juleverkstad i Mukdahan. Heile familien storkoste seg, og fekk verkeleg utfordringar i fleng med julepyntlaging. Fletta hjertekorger er framleis eit stort mysterium. På gruppa vår var fam Heggernes som må seiast kanskje streva like mykje som oss. Men frykteleg gøy var det! Til slutt fekk jentene våre vera med på julespel, "Når nettene er lange", som bilete syner; Mykje moro det òg! Takk Kari, Kine og Ann for ein julevarm kveld!

Kyrkjelyden vår kom og sang jula inn kl 2 ei fredagsnatt, rett etterpå kom ungdomsgruppa og åt opp resten av mat, snacks og brus. Ingen jul utan "We wish you a merry Christmas" skrålande ute i porten. Julefeiringa i kyrkja er ei rar blanding av gudsteneste, juletrefest og juleshow. For thaiane er det dette som er jul, 24. - 25.desemeber er vanlege arbeidsdagar for dei fleste. Over her ser de innslaget frå borna. Mannsgruppa hadde eit laaaangt dramstykke om det meste frå julefortellinga, inkludert både Herodes og ein haug med englar (!).
Julekvelden vår var koseleg, varm, kaotisk og livlig. Akkurat slik det skal vera når 5 born under 6 år skal vente på pakkar, ete rar mat, gå rundt juletreet og opne pakkar. Det vart barnas kveld. Eittåringane våre; Mari, Mads og Ragnhild + Haldstudent Else var med og gjorde kvelden ekstra fin for både born og oss vaksne. At Mads handvispa ein liter fløyte til riskrem og waldorfsalat fortener å nemnast, bra jobba! Mari har i grunnen oppsummert julekvelden på sin blogg, sjekk den ut her.

Men, det er jo framleis jul! Me et kakemenner og snop enno, no i Hua Hin. Avsluttar for denne gong med ein varm TAKK til alle de som har sendt julekort, e-post, sjokolade og pakkar. Det har gleda oss stort!

lørdag, desember 13, 2008

Santithum kyrkje på tur!

Sist helg var det tid for den årlege kyrkjeleiren, over 60 stk drog frå Bangkok tidleg fredag morgon ut til kysten sør for Hua Hin. Familien vår hang med så godt me kunne, både store og små. Her er vår rapport:
Leir er rosa! Med myggar store som fuglar måtte myggnettingen opp. Heilt greit for jentene!

Leir er arbeid! 3 timars workshop måtte både planleggjast og gjennomførast. Misjonærkollega Jyrki var med i teamet.

Leir gjev nye vener! Her er Signe og phi Føy

Leir er konkurranse og leik. Dette er, desverre for Arne, ikkje vinnarlaget.

Leir er moro! Sånn skal ein sjå ut etter fullført rebusløp!

Leir er kvile! Nydeleg natur, kjølig temperatur og frisk havbris, godt for oss byfolk!

Leir er fellesskap med Gud og kristne søsken! Søndagsgudstenesta var ei stor oppleving for oss alle. 6 stk tok imot dåp, ein familie på 4 og to ungdomar.
"No er Jesus og englane glade", sa Signe.

mandag, desember 08, 2008

Bryllupsglede

At thaiane er rause med smil er noko alle veit. Me kan fortella at her i landet er dei òg rause med invitasjonane til bryllup! Denne gongen var me godt kjende med både brud og brudgom, noko som har vore heller unntaket i våre bryllupsvandringar...
Cherry og Pae er flotte ungdomar frå kyrkja vår, og me hadde gledd oss til denne dagen lenge. Heilt sidan i vår då Cherry spurde om Signe og Jenny kunne vera rose-jenter i bryllupet. Som erfaren bryllupsgjest visste Signe godt kva det innebar: Fin kjole, pynt i håret og nye sko. Selvfølgeleg ville jentene det!!! Gabriel skulle vera brudesvenn, men ombestemte seg i siste liten og snudde seg for å gå ut heller...

Det var eit lukkeleg brudepar, stolte foreldre, masse gjester og søte brudepiker. Akkurat slik det skal vera!

Me klarte til og med å få våre 3 små til å sitje i ro på kyrkjetrappa i akkurat 30 sekund, slik at me fekk eit bilete (takk til deg, Silje!).

tirsdag, desember 02, 2008

Eit smil frå himmelen

I går kveld fekk me sjå eit fantastisk syn på himmelen: Jupiter, Venus og månen lyste på himmelen og gav oss ei nydeleg smil. Som ein kollega i kyrkja sa: "Det var som ei helsing frå Gud midt i ei vanskeleg tid".

Ganske flott, ikkje sant?

mandag, desember 01, 2008

Kva skjer i Thailand???

Ja, me får mange telefonar, sms og e-post i desse dagar med det spørsmålet; "Alt vel i Bangkok? Kva skjer? Det høyres litt skummelt ut..?".

Takk til alle som tenkjer på oss og ber for misjonærane og Thailand no! Me har det bra! Livet vårt går stort sett som normalt. Det einaste er at me tenkjer oss om ein ekstra gong kor me går i byen, og held oss unna sentrum. Me bur ikkje så veldig langt unna Suvarnabhumi flyplass, og sidan i går har me fått ekstra forsterking i vakthaldet i porten, sånn for å vera på den sikre sida.

Demonstrasjonar, gule og røde t-skjorter, demokrati eller ikkje er samtaleemnene overalt. Mange er redde for rykte til Thailand som eit "smilets land". Det spekuleres vilt i ulike teoriar, men dei fleste (inkl avisene) vedgår at dei rett og slett ikkje forstår heilt kva som skjer, og ikkje aner kva utfallet vil verta.

Me vonar og ber om at det vert ei fredeleg løysing.

onsdag, november 19, 2008

Ei splitter ny kyrkje

Sist søndag var det vigsling av ny kyrkje. Det er ikkje kvardagskost i ELCT, og invitasjonar var sendt ut til dei fleste. Tomtene i storbyen Bangkok vert ikkje selde på billigsal, slik at ei kyrkjetomt innanfor eit rimeleg budsjett må ein dessverre finna litt utanfor sentrum. Vegen var både kronglete og smal (slik seg hør og bør!) før me kom fram til nye Ruampraporn/Blessing Church. Eit flott bygg var det, med klokketårn og greier.

Før kollekt-posane vart sendt rundt fortale evangelisten historia om pengesetlane som snakka saman om kva dei fekk oppleva. 1000 baht setelen fekk sjå seg rundt på dei dyre kjøpesentra, 100 baht setelen var ofte på Lotus og andre marknader, medan den grøne 20 baht pengen var den einaste som vitja kyrkja. Me vart sterkt oppmoda om å introdusera 1000 baht til kyrkjelivet...

Trass i at vinteren nærmar seg vart det ein varm og svett gudsteneste. 3 timar utan aircon (ikkje pengar til slik luksus enno) kan verte i meste laget for dei fleste av oss. Prestane i fullt presteutstyr var kanskje dei som sleit mest: "Eg er nok ferdig kokt no", var svaret eg fekk frå han eine då eg spurde om han var veldig varm. Litt svette tåler me på ein festdag som denne!

fredag, november 14, 2008

Loy Krathongfeiring i Thailand

Feiringa av Thailands store festdag, Loy Krathong, vart i år noko redusert grunna ein nært foreståande kongeleg gravferd. Prinsesse Galyani, kongen si søster, skal kremerast i helga og det er erklært 3 dagars landesorg der alle bør kle seg i sømeleg svart.

skulen hadde dei ei lita markering med borna, alle fekk lage kvar sin krathong (blome-oppstats) og satte den ut i bassenget. Etterpå laga dei enno ein ny saman med Phi Noy, og dei vart så fine at Signe vil spare sin til neste år. Er redd bananblada vert ganske så visne før den tid.


Gabriel og mamma var i Mukdahan, i nord-aust Thailand. Der tusla me ut då det vart mørkt, kjøpte oss ein krathong og sende den nedover Mekongelva (kanskje den enda i Laos?).

onsdag, oktober 29, 2008

Når ein må ha mamma med på jobb...

Gabriel og mamma`n er saman om det meste. Det gjeld òg på lange reiser, små møter eller store samlingar, du finn oss gjerne på bakerste benk - klare til innsats!

Sist helg var me på plass i aulaen på Misjonshøgskulen i Stavanger. Det var leiarsamling i NMS. Landstyret, regionsleiarar, repr frå regionsstyrene, representantar frå misjonsfeltene og diverse leiarar frå hovudadm var samla heile helga.

Me to helt bakerst i salen var passe døgnville, og som ei naturleg følge av det ganske trøtte og sure/grinete store deler av helga. Vår oppsummering av samlinga er difor på ingen måte representativ for det som var programmet...

2 høgdepunkt for oss må nemnast:
1) Me traff ei svært hyggjeleg dame som var med i foreininga Unges Misjon på Birkeland. Dei har oss på bønelista, og dei er på vår info-brev liste. Utruleg kjekt å få eit "ansikt" på våre forbedarar på Sørlandet, men samstundes kjende eg på det ekle, gnagande samvitet; Har me sendt noko infobrev i det heile dette året??? Så, til alle de der heime som venter på brev frå oss (inkl diverse kyrkjelydsblad): Me lovar no bot og betring og eit laaaangt førjulsbrev fra Bangkok til Noreg om ikkje lenge!

2) Gudsteneste på Bogafjell. Ei ganske stor gruppe NMSàrar reiste til Bogafjell søndag føremiddag. Ingen tvil om at prest Rune og hans medarbeidarar gjer ein kjempejobb der. Det krydde av born, mødre, fedre, ungdomar og dei meir vaksne. Faktisk vart det så fullt i gymsalen at det til slutt ikkje var sitjeplass for alle! Gabriel storkoste seg bakerst (!) i kroken saman med andre småtroll. Har Gabriel det bra, har òg mamma det bra. Fekk til og med høyre det meste av preika!

Veka etter var det samling på Strandleiren og møter på HA. Gode dagar. Mange fang å sitje på for ein som gjerne ville delta i diskusjonen...




Særleg på HA hadde mini-representanten frå Thailand det bra. Han sender nok ei ekstra helsing og kos til damene på info-senteret. Ein av dagane der var det Gabriel fekk ein ein klapp på skuldra og spørsmålet: "Må du ha med mamma på jobb i dag òg, du?".

tirsdag, oktober 21, 2008

Lovsangshjemmet på tur

Det er skolefri på thaiskolen, noe som betyr at det er tid for den årlige utflukten for oss på Lovsangshjemmet. Trofaste blogglesere husker kanskje at vi i fjor dro til Dreamworld? I år reiste vi litt lengre, nærmere bestemt til Phetchaburi (nesten til Hua Hin) der vi koste oss på stranden en hel dag.

Også i år, som i fjor, fikk vi hjelp fra Hald-teamet som tok fri fra språkskolen og ble med som voksenledere,

Det var en forventningsfull og spent gjeng som reiste fra Bangkok. Noen hadde vært på stranden tidligere, mens for andre var dette første møte med stranden og havet.
Mange satt hele turen i setene sine og bare så på alt de kjørte forbi: Rismarker, saltmarker, skog, åser og til slutt - havet. Mye nytt å se på for barna som er vokst opp under en motorvei i Bangkok.
De mer reisevante av barna hadde underholdning for resten av oss voksne... Det ble mye tøys og tull.

Vel fremme gikk det ikke lenge før de første var i vannet, sikret med både en og to baderinger! Dette var en opplevelse for mange, og det var noen triste fjes da de måtte gi seg og starte på hjemreisen. Men, gjett om de koste seg så lenge det varte!

















Vi fikk også tid til å besøke et apefjell med halvtamme apekatter før vi retunerte til Bangkok.

Dette var en dag med liv og latter, og jeg tror det er mange som allerede har begynt å glede seg til neste års utflukt.

fredag, oktober 10, 2008

"Syng lovsang hele jorden, syng lovsang for vår Gud"

Det var salmer og lovsong i den Evangelisk Lutherske Kyrkja i Thailand i går kveld. 14 år etter at kyrkja vart grunnlagt kunne medlemmene feira at dei hadde fått si eiga salmebok. Ei salmebok med bidrag frå eigne musikarar og med nylaga salmer til dåp, bryllup, gravferd etc.

På nokre av salmene kunne me sjå thaidans i stolrekkene og det var smil og glede over å få lovsynge Gud på "sin eigen" melodi.

Vår gode kollega Solveig har vore medlem av salmebok-komiteen og har gjort ein kjempeinnsats, i går var absolutt ein kveld å feire!

Under leiing av biskopen bad me om at salmeboka må verte til velsigning og vekst for kyrkja og at Gud må velsigne kva og ein som framover skal bruke boka. Amen til det!

lørdag, oktober 04, 2008

Pensum: Thailand

Det er haust heime i Noreg og oppstart på nye skular og studie er i gong. Det har me her i Bangkok òg fått merka: Ikkje mindre enn to studentgrupper frå Misjonshøgskulen er på studietur til Thailand i desse dagar.

8 teologistudentar på praktikum har vore eit særs hyggjeleg og interessant bekjentskap! God-orda har hagla frå alle som har møtt dei i kyrkja, og familiens jenter her vart sjarmert ganske i senk av nydeleg sang og barnetekke... Studentane har dessverre måtte tåle noko vaklande oversetjingshjelp frå ein stakkars samfunnsvitar som ikkje aner kva som ligg i "pastoral identitet" eller "kontekstuell gudsteneste" verken på norsk eller thai...

Onsdag var det usedvanleg fullt heime i Fantasia-huset vårt. I tillegg til misjonærar og eittåringar var det 12 jenter på interkulturell forståelse- studie (+ sjef Rune) samla. Dei deltek på gjesteforelesingar ved eit universitet her i byen, så me ser kanskje meir til dei framover. Dei fekk litt "sticky rice" og nudler av oss og me fekk sjokolade og kaviar i retur, ein perfekt byttehandel!

Så til sist; Årets Hald-team er på plass! Silje, Hanne, Cecilie og Else skal jobbe her i kyrkja fram til april, to stk i Mukdahan og to her på Lovsangshjemmet i Bangkok.

Trass i kraftig reduksjon av misjonærflokken i Bangkok er me langt frå aleine, altså!

torsdag, september 18, 2008

Vaksne, ansvarsfulle foreldre...


Me har fått skulejente! Brått var Signe 5 år og skulle starte i Year 1. Ny skuleuniform, ny lærar og nytt pensum venta. Noko som kom minst like brått på oss foreldre var alle leksene... 1.klasse og lekser kvar dag???? I tillegg skal det øvast på både piano og blokkfløyte. Me kjenner oss vaksne og ansvaret tynger; No nytter det ikkje sluvre og påstå at me har gløymt å sjekke kontaktboka den siste veka, nei no er det alvor!

Signe hentar fram den eine boka etter den andre frå sekken. Lesing og skriving og leiking med ord. Og det engelske språket vert ikkje akkurat uttala slik det vert skrive...

Men, men, læraren skryt og Signe stråler. Me vil så gjerne at ho skal få ein god start på ein lang utdanningsstige. Om ikkje lenge er det langfri og så skal jenta vår få slappe av i Hua Hin.

Midt oppi det heile har Signe fått to lause tenner! Det høyrer vel kanskje med for ein fyrsteklassing?!

søndag, september 07, 2008

Det var ein gong ein sommarferie...

- og den (sommarferien) er dessverre over no...

Me har hatt gode dagar heime i Bangkok og late, solrike dagar i Hua Hin. I tillegg har me hatt frøken Norge på besøk (masse lukke til i Ukraina, Lene! Du vert neste Miss World!), kjøpt oss grill og Jenny har lært å svømme!

Fyrste helga i august kom Besto, onkel Trond, tante Torhild, Kristin og Elin på sin tredje Thailand-tur. Det var absolutt sommarens høgdepunkt! Saman kjørte me langt, og lengre enn langt, til Chiang Mai og Chiang Rai. Etter fem år her i landet var det på tide at me fekk oppleva nord-Thailand! Flott natur, fjell, svingar og regn - nesten som sommar i Noreg med andre ord! Bilete til høgre seier vel det meste, mykje flott som suser forbi i bilvinduet, treng vel ikkje stoppe, vel?

Før jobb-og skulestart reiste Gabriel og mamma`n til Stavanger for å læra meir om NMS. Mammapermisjonen vart brått avslutta i juni og no jobbes det for fullt, iallfall til utpå nyåret.

Alt var ikkje berre jobbing i Noreg, me fekk òg tid til å møta både tanter, onklar, søskenbarn og vener. I tillegg kom ein splitter ny fetter Jonas ut av magen til tante Laila akkurat i rett tid så me fekk helsa på.

Før flyet gjekk attende i Bangkok avslutta me i Oslo med dåpsfeiring for nydelege Mirjam (til Gunn Jorun og Gideon) og eit svært gledeleg gjensyn med familien Hallen. Godt å sjå at våre tidlegare naboar trives i ny norsk kvardag.