fredag, april 25, 2008

Sawatdii phi may - Godt nytt år!

Enno ei nyårsfeiring (Songkran) er unnagjort, feriedagar er over, og me er attende i varme Bangkok på jobb og kvardag. Her ser de Gabriel i lystig lag i dag føremiddag. Det er styremøte i den Lutherske Misjonen og me feirer at vår australske kollega Simon fekk ei son for eit par veker sidan. Elles så synes Gabriel det var eit lite interessant møte, noko han gav høglytt uttrykk for opptil fleire gonger...

Songkran-dagane feira me stille og roleg ved kysten, hadde mange fine dagar saman med familien Hallen. Gabriel hadde sin debut i svømmebassenget, og syntes det var bare sånn passe kjekt.


Elefantane i Hua Hin vart flittig besøkt, særleg 60 år gamle Bupha, utan tenner, fekk mykje merksemd frå jentene (og mange bananer!), men då det var tid for elefantriding fekk Jenny akutt vondt i handa og kunne ikkje vera med. Ho lurte på om me òg måtte vera der oppe i skogen når me vert gamle og tannlause... Spanande framtidsutsikter.

Det er varmt i Thailand for tida, og det merkes både på humør og energinivå at me ikkje er vand med 35 grader og 90% luftfuktigheit. Me ser fram mot kjøligare dagar når regntida tek til neste månad. Eller, regn har me allereie (heilt mot normalt!); Det regna kraftig i natt med lyn og torden, og i dag tidleg var det full stopp i trafikken... Kvar årstid har si sjarm!

onsdag, april 16, 2008

Tankar frå Signe 5 år


Om neste generasjon:
Hvis jeg får ei jente så skal hu hette Princess Rosella, hvis jeg får en jente til skal hu hette Rose. Åsså hvis jeg får en gutt skal han hette Jonas, også ein som skal hette....Robert. Jeg vil ha to av kvert.

Om giftemål:
Jeg skal iallefall gifte meg. Då trenge jeg ikke ha ungane med meg på jobb.

Om arv:
Denne tegningen skal du få mamma. Men når du bler gammal og dør må du gi den til noen andre. For når du dør skal du vera i himmelen, då bur du ikke lenger i huset vår.

Om livet i himmelen:
Jeg kan jo leke med Line og Amanda i himmelen! (Line og familien flytter heim til Oslo neste måned, etter 4 år som våre næraste naboar)

Om lørdagssnop:
Jeg tenker på sånne bamsar. Jeg husker at me kjøpte di på båten til dansk. Koffår kan ikke bestemor, som er våre venner, ta med sånne bamsar til oss når hu kommer på besøk?