fredag, august 19, 2011

Til minne

Dette blogginnlegget er til minne om ein liten Lua-gutt frå fjellene i Nord-Thailand.

Me møtte Pedro i desember i fjor, på turen vår til kyrkja i provinsen Naan. Han sat på bakerste benk i kyrkja, saman med mor og far, med jakke og altfor stor lue i vinterkulda (utdelt av kyrkja). Dagen etter traff me han i barnehagen. Det var lett å sjå at han ikkje var heilt som dei andre barna, han var liten og tett - men med eit andlete som synte at han eigentleg ikkje høyrde heime der med dei små barna. Det gjorde han ikkje heller, men foreldra kunne ikkje senda han på skulen av frykt for at han kunne skada seg i leik med større barn.
Pedro var fødd med ein alvorleg sjukdom og måtte jamnleg til lege for rensing og påfyll av blod. Næraste sjukehus som kunne hjelpa Pedro ligg 7 timars reise frå landsbyen, og reisekostnadene gjorde at familien måtte selje unna den vesle buskapen dei hadde.

Pedro var sjenert, han leikte mykje aleine, og han levde med mykje smerter i kroppen. Då var det desto meir rørande å høyra latteren hans når han lot seg riva med i leiken.

For nokre veker sidan vart Pedro dårleg, og han bad om å få sleppe endå ein lang og smertefull tur til sjukehuset. Landsbyen var (lik heile nord-Thailand) ramma av flom, og vegane var uframkommelege. Faren tar Pedro på ryggen og bærer han nedover fjellsidene, over ei iskald og stri elv, og håper å nå fram til den lokale legen. Der, på ryggen til faren, dør vesle Pedro, 9 år gammal.

Presten Amonay fortalte meg at mora til Pedro har kome aleine til gudsteneste etterpå. Det er enno for vanskeleg for faren. Plassen ved sida av han i kyrkjebenken, den i armkroken, er no så altfor tom...