lørdag, januar 08, 2011


Onsdag grytidleg morgon vakna me at eit kjempesmell. Lyn og torden tenkte eg, og snudde meg rundt for å drøye morgonen enno ein time.

Dagen etter kommer naboen over og spør: Du høyrde om pytonslangen som var utanfor huset ditt i går? Hmmm... Det hadde eg ikkje.

Kjempesmellen dagen før viste seg altså å vera ein svææær, feit pytonslange som gjorde innbrot i transformatoren. Mogleg han fann ei rotte der, men sjølv enda han opp med ein godt svidd hale.

Kikker litt ekstra nøye oppe i trea no om kveldane. Sjølv midt i Bangkok hender det altså at me får eksotisk besøk.