lørdag, august 04, 2012

Epler og nektariner

Signe har hatt ein dårlig dag, og mamma kjefter....

Her er samtalen vår gjengitt, ganske så ordrett:

Mamma: Du må gjera någe med den måten du oppfører deg på….

Signe: Jeg er skapt sånn. Gud har skapt meg sånn…

Mamma: Nei, det har Gud ikkje…

Jenny: Ikke spis epler, Signe…

Signe: Nei…

Mamma: Hæ, koffår kan hu ikkje spise epler?

Jenny: Adam og Eve spiste epler, og di blei slemme. Mennesker som spiser epler blir bare slemme

Signe: Gabriel spiser epler….

Jenny: Jeg spiser nektariner. Mennesker som spiser nektariner blir ikke slemme. De blir bare glade, sånn som jeg…

fredag, april 27, 2012

Laos



Eg har vore på tur til Laos! Og for fyrste gong fekk eg reise opp i landsbyane. Eg fekk sjå grøftegraving, eg fekk møta smil og takksemd, eg fekk klatra litt i fjellet (opp til vasskjeldene) og eg fekk kjenna på slitne armar som hadde bòre vatn kilometervis dag etter dag, år etter år.

Takka vere eit samarbeid mellom NMS og kyrkja i Laos har mange no fått vatn, levert til brønn midt i landsbyen. No kan dei dyrka grønnsaker rundt husene, og det er tid til veving og anna handarbeid når vatnet kjem rennande inn sjølv. Kvinnene sin arbeidsdag og moglegheit for inntekt er med eitt heilt endra!

NMS misjonær Atle Roger har jobba med desse landsbyutviklingsprosjekta i mest 5 år, og det var inspirerande for ein by-misjonær som meg å få vera med han på jobb.

Laos er det landet i verda som er hardast ramma av miner eller udetonerte eksplosiver. I åra mellom 1964 til 1973 slapp amerikanske bombefly meir enn 2 millioner tonn bomber over Laos. Ein reknar med at over 30 prosent av desse, altså 700 000 tonn, ligg strødd, udetonert, over heile landet og gjer at utvikling av infratruktur og landressurser vert svært vanskeleg (og farleg!).  

Presten som er prosjektleiar for landsbyutviklingsprosjektet fortel korleis det var då han var barn og bombene smalt frå amerikanske bombefly. På turen vår køyrer me forbi det eine krateret etter det andre, nesten 50 år seinare. "Me visste at den tryggaste staden å gøyme seg var i krateret kor den siste bomba smalt, så me heiv oss ned og venta på at det skulle gå over for denne gong". Eg forstår at det er klasebomber han snakkar om, bombene som verda no vil ha forbod mot fordi dei skader så mange sivile i lang tid etterpå.

Så, før ein kan byrje å lede vatn ned mot vassledningar inn til landsbyane må fjellsidene bombe-klarerast, og alle må halde seg til oppmerka stiar. Under ser de bilete av snor-rette grøfter, damer som graver brønn og mennene som støyper vasstank.  


tirsdag, mars 20, 2012

Team Thailand - klart vi kan!


Du skal få være med oss å bygge kirke i Thailand! Gled deg!

Litt om oss:
Byggeleder: Chalom Haug Chuwanon: 5 år og går i 2.klasse i barnehagen. Erfaring fra byggebransjen: Har nettopp flyttet inn i nytt rom i nytt hus som pappa har bygget. Jeg har selvfølgelig vært med i hele byggeprosessen.

Arkitekt: Thanan Haug Chuwanon: 4 år og går 1.klasse i barnehagen. Erfaring som arkitekt: har som byggleder Chalom flyttet in i egentegnet hus + 1 års studie ved en anerkjent kunstakademi i Bangkok (m.a.o. sterk fomell kompetanse innen arkitektur)

HMS-ansvarlig: Gabriel Hustrulid: 4 år og går i Kindergarten. Erfaring fra HMS-arbeid: Generelt opptatt av sikkerhet i arbeidshverdagen og sikrer innemiljø ved alltid å lukke myggnettingdør, + alt snopepapir går rett i søppelet. Passer på at pappa ikke kjører for fort i bilen og sitter selv fint i bilsetet.

Kan NMS bruke oss! Klart de kan!

Kan vi samle inn penger? Klart vi kan!

Vil du hjelpe oss? Klart du vil!

Trykk her - og se hva som skjer!

tirsdag, februar 28, 2012

Når pappa og Gabriel har fri...

"Vinterferien" på internasjonale skular i Bangkok er over, og alle førebur seg nå til sommarvarmen som er på veg.

Ein måndag for nokre veker sidan hadde Gabriel fri, og minte då sin far om at han hadde vore lova ein tur på golfbanen ganske så lenge no. Dei to over til naboen for lån av golfbag - og tidleg morgon var dei to golferane klare på "green'en".

Mogleg at Gabriel ikkje vart så bitt av basillen som faren hadde håpa på, junior-golfaren vart nemleg veldig fort sliten... Men, absolutt ein god start - og ein 10er i stil!

mandag, februar 13, 2012

Aktivitetsdag på Lovsangshjemmets fritidsklubb

Må bare skryte av voluntørene som kommer til Thailand. Av ren idealisme og eventyrlyst kommer de, dekker alle utgiftene selv, og gir ungene i prosjektet uforglemmelige minner. Foreldre der hjemme; Dere kan være sååååå stolte!!!!!

Siste voluntør-gjeng på Lovsangshjemmet nå på nyåret har vært Tom Egill, Jørgen og Kristian. Se under hva de delte av hjerte-glede og svette med ungdommene i Khlong Tøy slummen. Dette er en videosnutt som gleder - prøv!

(og ser dere nøye etter ser dere også min flotte mann med follow-me t-skjorte på fotballbanen)

Aktivitetsdag from Tom Egill Tobiassen on Vimeo.

tirsdag, januar 10, 2012

Bli med oss til Naan!

I desember for eit år sidan reiste me for fyrste gong nordover til Naan - og me falt pladask! For folket, naturen, fargane - det er så ulikt, nydelig og eksotisk! Samstundes er fattigdomen tydeleg og analfabetismen er utbreidd. Heksedoktoren styrer i landsbyen, og kvardagen gjev store utfordringar for mange.

Presten Amonay og hans stab gjer ein fantastisk jobb. Faktisk er det i Naan me no finn den største veksten i kyrkja, det er no nærare 900 døypte blant Lua-folket. I tillegg får mange born støtte til skulegong og klede gjennom prosjektet "Barn og Utdanning", og kyrkja gjer det dei kan for å fokusere på utdanning for dei unge.

Rett før jul reiste me på familietur til fjellene, og var med i Naan-teamet for 3 dagars leir med 60 flotte barn. Her er ei lita minnebok:

Click to play this Smilebox photo album
Create your own photo album - Powered by Smilebox
This photo album customized with Smilebox