mandag, januar 28, 2008

Etter endt arbeidsdag...

Gabriel var heile 4 veker gammal i går, så no var tida inne for å gjere ein innsats for kyrkje, land, folk osv...
I dag var det tidleg opp og avgarde på jobb. Faktisk så tidleg at Gabriel stilte sovande og i pyjamas på sin fyrste dag på kontoret. Men, etter bleie-og klesskift på misjonens pengesafe var han klar for dagen. Medan mamma'n vart oppdatert på siste nytt, vandra Gabriel frå arm til arm og kontor til kontor.
Til slutt vart det nok litt mykje, og ein sliten liten gut sovna på sofaen inne på NMS-kontoret, så utruleg spanande var ikkje rekneskapsavslutning og rapportar.

Vel heime var det to jenter som hadde sakna lillebror; Ingenting er som å kome heim etter ein slitsom arbeidsdag!

lørdag, januar 19, 2008

Thailand i raudt, kvitt og blått

Historia til Thailand fortel om store og sterke riker med mektige kongar som regjerte over store område. I motsetnad til alle sine næraste naboland (Burma, Laos, Kambodjsa og Malaysia) har Thailand aldri vore styrt av ei europeisk kolonimakt. Men, Thailand er ikkje ei land med ein einsarta kultur, landet er stort og famnar om mange ulike kulturar, språk og historie. Å byggja nasjon er ein prosess som aldri tek slutt, og i eit land med mange ulike folkegrupper er det ei ekstra utfordring. Flagget som vaier overalt her i Bangkok, kongehuset, flotte paradar på festdagar og nasjonalsangen som vert spela på radioen 2 gonger til dagen er viktige symbol i nasjonsbygginga.


I Thailand er nasjonalkjensla sterkt knytta opp mot buddhismen og monarkiet, og flagget symboliserer dei tre einingane nasjonen (raudt), buddhismen (kvitt) og monarkiet (blått). Nokon som veit kva fargane symboliserer i vårt norske flagg?? Iallefall, ein tøyser ikkje med flagg, verken her eller i Noreg. På St.Andrews har dei flaggheising kvar dag presis kl 08.00, og kven som får æra av å heise flagget går på rundgang blant elevane. Fredag var turen kome til Signe, og ho stilte stolt og spent på skulen ekstra tidleg (med pappa og kamera på slep). Sidan klassekameraten, som skulle vera med var for seint ute, fekk lillesøster Jenny steppa inn. Stas!


Kongen har erklært landesorg i 100 dagar her i Thailand, grunna dødsfallet av prinsesse Galyani, kongens eldre søster, og ein flaggar difor på halv stang. Det la ingen dempar på entusiasmen til våre to jenter.



torsdag, januar 17, 2008

Mammapermisjon

Kvardagen som trebarnsmamma i permisjon har starta! Arne byrja på jobb att denne veka og skulen har starta for jentene, så no er det berre mamma og Gabriel heime på formiddagen. Heilt aleine er me no ikkje, for i Fantasia er det fleire småtassar og heimeverande mødre.

No i veka inviterte me nokre av fruene (som på ingen måte er frustrerte!) til lunsj og jenteprat. Heile 6 ulike nasjonar er representert i gjengen de ser på bilete; Finland, Storbritania, Fillippinene, Sør-Afrika, Thailand og Noreg. Er me ikkje priviligerte som få bu i eit så fleirkulturelt miljø?!

Elles så har me hatt eit jamnt "sig" av folk på besøk desse to vekene etter fødsel. Me rekna etter og fann ut at over 60 besøk, med stort og smått, har vore innom for å helsa på Gabriel. Litt slitsomt til tider, men så veldig, veldig kjekt òg!

Men, då kyrkjelyden vår ringde sist veke og ville koma ein tur, vart det litt mykje... Me valde då heller å ta med vår vesle engel til kyrkja for å la alle helsa på der. Sidan me òg inviterte på lunsj, hadde dei sjølvsagt laga "fahrang-mat"; Spaghetti og kvitlauksbrød. + ein suppe-dessert som var god for nybakte mamma'er. Så omtenksomt!

Gabriel sov seg gjennom heile gudstenesta, ja, faktisk det meste av søndagen (faren måtte vekka han til slutt), og var tydelegvis litt sliten av å vera ute på tur.

På bilete ser de evangelisten vår som er borte for å helsa på, utan at Gabriel gidder opne augene av den grunn...

Heilt til slutt: Her er eit bilete av den yngste besøkande, Thanan på 7 veker (til høgre), saman med Gabriel. Ikkje verst at han kom reisande heilt frå den andre sida av Bangkok for ein snarvisitt. Me reknar med at Gabriel og Thanan kjem til å ha mykje løye saman i åra framover!

søndag, januar 06, 2008

Helsing frå Gabriel

Hei! Eg er Gabriel!
I dag er eg ei heil veke gammal, men eg veit enno ikkje heilt kva eg syns om livet utanfor magen...

Det har vore besøk her kvar dag, berre for å helsa på meg. Alle seier at eg er veldig "låå", dvs nydeleg/kjekk, også vil dei halde meg litt. Storesystrene mine vil halde meg aller mest, dei skal susse og klemme heile tida òg. Pappa seier at eg er veldig snill som let dei styre i veg.

På fredag var eg hjå doktoren og vegde meg, tok sprøyte og høyretest. Alt vel, og vektkurva mi tok visst heilt av, for eg hadde lagt på meg masse, masse. Det er fordi eg drikk melk heile natta, sova er for pyser!

For at mamma skal laga god melk har ho fått masse rar medisin av dei som har vore på besøk. "Birds nest" heiter det, og er laga av fuglereir som fuglen har bygd med spyttet sitt. Innheld visstnok masse kalsium, jern og andre sunne ting. Yummi, yummi...

Forresten, eg har vorte ganske store, ikkje sant? Tøff bamse eg har fått, eller?? Har de andre ein bamse like stor som de sjølve, kanskje???

fredag, januar 04, 2008

Jula er enno ikkje over...

Før jula er heilt over, og juetreet pakka vekk for i år, må me få med ein blogg om årets store fest i slummen: Lovsanghjemmet sin julefest, 19.desember.


Det har vore fast tradisjon i fleire år at Lovsangshjemmet markerer julehøgtida med ein fest for store og små i nærleiken. Ein ynskjer å gje alle eit innblikk i julebodskapen og la stolte foreldre/besteforeldre få sjå kva ungane deira har lært gjennom året på HoP.

På programmet var det dans-, fiolin-, og sangframføring, i tillegg til at dekorasjonane ute var laga av ungane, ein utandørs kunstutstilling m.a.o. Biskopen var òg med på festen og hadde andakt om kvifor me feirer jul.


Det var gjengen som arbeider på ettermiddagsaktivitetane som hadde ansvaret for arrangementet, og det vart mange planeggjingsmøte og innkjøpsrundar i dagane før.


I alt vart det kjøpt inn gåver til over 250 born i ulike aldrar, 60 sekkar ris måtte skaffast til utdeling til den eldre generasjon, eit passe stort lyd og lysanlegg skulle på plass, og eit variert underhaldningsprogram måtte øvast inn.


Til venstre ser de ei glad lita jente som hadde pynta seg til julefesten, og bilete til høgre syner ei glad bestemor som skal heim med julegåva si; Ein sekk med ris.
Ingen fest utan god mat! Damene i nabolaget tok utfordringa og stod med grytene frå tidleg morgon av. Litt av ein jobb når over 400 menneske skal mettast! Mogleg at kjøkkenet ikkje hadde vorte godkjent av mattilsynet heime i Noreg, men det var ingenting å seie på maten. Den var kjempegod og akkurat slik en festmat skal vera!

Her er matkøen:

Utpå kvelden rusla alle heim, med pakke under armen og godt nøgde med festen. Oppryddinga vart gjort i rekordfart, alle var med og tok sin del. Ingen sak å arrangera fest for så takksame festdeltakarar!


Eg er takksam for å få vera ein del av teamet på Lovsangshjemmet, og å få arbeida med flotte born og unge i Klong Tøy-slummen!


Arne.