onsdag, juni 24, 2009

Avskjed

Det er sommar og i år er det gjensyn med Noreg og famile og vener der. 2 år sidan sist, så ungane er veldig spente på kva opplevingar som ventar.

Juni har òg vorte ei tid for avskjed. For 3.år på rad har me sett nære kollegar og vener pakke saman og førebu heimreise. I år er det våre finske misjonærkollegar og nabo, familien Laulainen, som flytter heim til Lahti. Amanda har vore Signe si gode venninne og dagleg gjest heime hjå oss, og det var hardt for både store og små at ho og dei andre no reiser så langt vekk frå oss i Fantasia.

Dagen før me måtte ta avskjed hadde ville jentene ta masse bilete, så då gjorde me det! Gabriel var linselus og hang med.
Finland og Noreg er jo ikkje så langt unna, så me vonar på gjensyn om ikkje lenge, kanskje allereie neste år. Men, for Signe 6 år er neste sommar så uendeleg lenge til...

onsdag, juni 10, 2009

Endeleg 4 år!

Endeleg var det "Happy Birthday" for Jenny og ho kunne få feira bursdag!

4 år er ein fin ting å feira, syntes både Jenny og me vaksne. Så, me starta like godt feiringa allereie i sist veke.

18 ungar samla på Gymboree til leik og moro, mat og kake.

Bursdagsbarnet sjølv stilte i ny rosa prinsessekjole og strålte gjennom heile feiringa. Dessverre var prinsessa lite villig til å stille opp til fotografering.

Til høgre ser de vårt beste forsøk på eit gruppefoto.

Sjølve Dagen i dag starta grytidleg med sang, lys, pakkar og coco-crunch på senga til jubilanten. Lillebror ordna villig med frokost medan Jenny streva litt med å vakne.

Etter frokostbesøk med enno meir bursdagssang (og kake!) kunne Jenny 4 år ta plass i skulebussen. Med i sekken hadde ho bøker som nett var pakka opp, og som sjølvsagt måtte synast fram for læraren. Men, aller gjevast var nok CD-spelaren. "No kan eg spela musikk på rommet mitt heilt sjøl".


Takk til alle de som har sendt gratulasjonar via telefon, sms og mail. Dei har, kvar og ein, gleda bursdagsbarnet stort!

tirsdag, juni 02, 2009

Regntid i Bangkok

Det regnet i Khlong Tøy slummen i dag.