fredag, desember 31, 2010

Det var d!


Me har hatt ei gooood jul! Og for interesserte - her er ei lita oppsummering:

For å starte med det viktigaste fyrst: Minstemann i familien vart 3 år i går! Det vart feira med bowling og karaoke. Lite med pakkar, sidan han enno var i gaverus etter jula, men Gabriel var storfornøgd med kake + det faktum at det var hans eigen"bussdag".

Desember er som vanleg ein hektisk månad, julegudstenestene starta tidleg i år. I tillegg er det "julesynging", "julemesser", pakkeutdelingar i aust og vest, pynting osb. Jenny og mamma klarte t.o.m å snike inn eit lite Lucia-tog den 13. på skulen til jentene!

Atter ein gong har me hatt godt besøk frå Hillevåg. Sverre, Åsmund, Annette og Lars Petter sin 2.Thailands-tur denne gongen vart det òg thai-julefeiring! Tusen takk for gode dagar saman - de gjorde jula vår meir skinande, meir aktiv, meir norsk og ikkje minst svært minnerik!

tirsdag, desember 21, 2010


Click to play this Smilebox newsletter
Create your own newsletter - Powered by Smilebox
Create your own newsletter

torsdag, november 11, 2010

Kyrkjeleir

Det er 6 år sidan sist ELCT inviterte til leir - og mange hadde heilt rett i at no var det jammen på tide å samle alle tilsette. 3 dagars leir, med masse tid til prat, leiker og avslapping. "One family" var tema - og fellesskapsbygging var altså satt i sentrum.

Prestane og evangelistane kom køyrande sørover til Khao Yai med kone og born (+ nokre til) stuva inn i bilen, alle smilande og glade for å møte kollegar på leir. Dei som var skikkeleg langvegsfarande hadde køyrt i 14 timar.

Innimellom kaffipausane (ekte finsk kaffi og ekte norske vafler) hadde me veldig bra bibelundervisning - det var påfyll for alle! Ungane våre hadde eige barneopplegg - og levde stort sett det glade liv utan oss foreldre. Det er ikkje ofte misjonærbarna møtes, og Signe hadde fått fri frå skulen for å bruke desse dagane til å leike på norsk. Kjekt å sjå at kontakten var der med ein gong - og at vener frå kyrkja var like velkomne med i gjengen.

Under finn det bilete frå leiren; Undervisning, fritid, leirbål og moro.

mandag, oktober 18, 2010

ba-baraba, ba-baraba, ba-barba, ba-baraba, ba-barabaaaa, ba-ba-ba...osv

Var det noko som skjønte at det var brudemarsjen i overskrifta???? Det har nemleg gått i brullup for familien her sist helg. Medan våre misjonærkollegar arrangerte IMPULS i nord, hadde me bryllupsmarsj i øyrene og kinessisk bryllupsmat i magane.

Lørdag ettermiddag var det Muk sin dag. Han er ein av ungdomane i kyrkja vår, og har sidan i vår vore kollega av Arne som ungdomasarbeidar på Lovsangshjemmet. Muk hadde sett jentene våre som brudepiker i eit brullup for ei stund sidan, og ville gjerne låne dei til blomster-piker. Med utsikter til fin kjole, nye sko og frisør-pynting av hår var ikkje Signe og Jenny vanskelige.

Etter middagen og fotografering heiv me oss i bilen og var klar for 6 timars køyring nordover. Dagen etter var det nemlig brullup i Uttaradit - og me hadde gleda oss lenge til å sjå Beng og Ta gifte seg. Og brudepiker? Signe og Jenny, selvfølgelig!

Beng og Ta jobber i kyrkja vår, og er tilsett i eit evangeliseringsprosjekt støtta av NMS, du kan lese meir om det her. Beng er nær knytt til Madla menighet, og snakker litt norsk med stavanger-dialekt ;).

Nyt fine bilete av flotte brudepar.

Og me har i grunnen festa frå oss på ei stund....

onsdag, oktober 06, 2010

Koffår kan du ikkje bare gjer så eg seie?????


Som overskrifta tyder på er dette eit blogginnlegg om det å vera mamma ein sein ettermiddag etter skule og jobb.

Kveldsmaten er unnagjort og det er klart for legging. Eg er ganske "segen", og kjenner at dette ikkje er dagen der lange godnatt-historier vert prioritert.

Så, slik var det altså :
To trøtte vaksne + 3 små inne på eit vaaaaarmt og lite bad. Klær av (jo, alt skal av, t-skjorta òg), do, dusj (varmt vatn? kaldt vatn?), kvar er shampoo, barne-såpe, håndkle? Det er jo ikkje plass til å røre seg her!!! Og: det vert fort mykje lyd inne på eit bad...

Mamma ser at Jenny helst bare vil vaske hender i vasken. "du treng ikkje gjere d, Jenny. Du skal inn i dusjen no". Ingen respons.
"Ikkje, Jenny. Gå inn i dusjen heller". Framleis ingen respons.
"Jenny!! Kvifor fortset du å leike med vatnet når eg seier du ikkje skal???? Du står jo her og ser rett på meg når eg snakkar til deg!!!" KOFFÅR KAN DU IKKJE BARE GJER SÅ EG SEIE?????

"Men, mamma", seier Jenny i det ho skrur av vatnet og går mot dusjen; "Øyrene mine var turned off".

Ja, då så...

torsdag, september 30, 2010

Det er tid for influensa

Rengtida er høgsesong for diverse skumle sjukdomar, mest grunna myggen som trives i vått vær. Influensa kjem ikkje med myggen, men sprer seg overraskande fort likevel i desse dagar. Hjå oss er det Jenny og Gabriel som har hatt kvar si veke med feber, hoste og snørr. Gabriel er no i gang med 2.runde, for å ha gjort det skikkeleg.

Heldigvis er det berre vanleg influensa. Både på skule og barnehage har det vore tilfeller av svineinfluensa no i haust, og 2 av Signe sine venninner (+ ei mamma) har vore innlagt på sjukehus med viruset. Avisene melder om at talet på smitta er aukande, og dei fleste er raske på sjukehuset for prøver om ein vert dårleg.

No i den siste tida har svineinfluensavaksinen vorte tilgjengeleg for alle her i Thailand, òg for dei som må bruke offentleg helsevesen. Er ikkje det sånn ca 1 1/2 år etter Noreg? Det er skilnad på fattig og rik, som me alle veit.

Tysdag reiste tilsette og studentar i kyrkja på legekontoret for å ta sprøyte. Eg sende med kamera, og fekk attende masse bilete frå masse-vaksineringa.

Ynskjer alle ein god og influensa-fri haust!

mandag, september 27, 2010

En ide til etterfølgelse

Hanna fra Nederland er en av venninnene til Signe og Jenny. Hun hadde nettopp bursdag, og feiret sin 7 års dag på en noe annerledes måte.
Hanna inviterte til jenteselskap og smykke-verksted. Kanskje ikke så uvanlig, tenker du. Men, arrangøren for selskapet var en organisasasjon som heter Helping Hands som (i likhet med NMS og Lovsangshjemmet) jobber blant fattige i Klong Tøy slummen.

Helping Hands tilbyr håndverkskurs og -produkter etter rettferdig handel-prinsippet. Til selskapet kom 3 damer og hjalp 15 ivrige jenter med å lage smykker, armbånd og fotlenker. Vi mammaene stod rundt og så på, og hadde egentlig veeeldig lyst til å være med...

Bursdagsjenta selv fikk ingen gaver av gjestene. Hun ønsket seg penger. Hanna har en fjern- fadderjente her i Thailand som hun støtter med skolegang og legehjelp, og alle gaver denne dagen gikk til henne.
Hanna er ei jente med stort smil og et enda større hjerte. Hun bryr seg.

tirsdag, september 21, 2010

Rulleskøyter


Jentene våre har slengt seg på rulleskøyte-bølgen. Vener og nabobarn har alle vore på marknaden og kjøpt fargerikt utstyr. For Signe og Jenny har det hjulpet godt med bestemor og bestefar i nærleiken som villige sponsorer.

Når det no går mot "vinter" i Bangkok er rulleskøyter supert etter ein lang skuledag inne i aircon.

torsdag, september 09, 2010

Månekake


I går kjøpte eg mi aller fyrste månekake.

Månefestivalen nærmer seg i Asia og i år fell sjølve dagen på onsdag 22.september.


Mange, mange i Thailand (og kanskje særleg i Bangkok) reknar seg for thai-kineserar, og er stolte av sine kinesiske aner. Så kinesiske merkedagar vert feira òg i Bangkok.

Dei fleste av våre vener er av kinesisk slekt, så sjølvsagt er me kjende med kinesisk mat, khanom (snop/kaker) og diverse merkedagar. Me har ete månekaker i årevis, med all mulig rare fyll, sidan kakene er populære gåver på hausten og rundt kinesisk nyttår.

I går kjøpte eg altså, heilt aleine, mi fyrste månekake. Stor og rund med fyll frå lotusblomsten og vannmelonfrø. Tradisjonelt sett skal kaka nytast saman med ein kopp kinesisk te. kinesisk er eg ikkje, for eg syntes den smakte utmerket saman med ein hasselnøttshake-kaffe og masse krem.

Det slo meg i går at fyllet i kaka minte om mandler. Kanskje eg skal prøve å friste mine vener med kransekake ei dag? I god norsk tradisjon?

onsdag, august 18, 2010

Ein høgtideleg dag

Vegg-i-vegg med hovudkontoret til den lutherske kyrkja ligg Luther Seminary Thailand (LST). Her kan unge kristne frå heile landet ta ein bachelor-grad i teologi eller ta den enklare og kortare bibelskule -varianten. I år er det 12 fulltidsstudentar ved LST, og for mange av dei er dette deira fyrste møte med storbyen Bangkok.

I slutten av juli var det vitnemåloverrekking og feiring på LST. 4 studentar hadde bestått bacholor, og 9 unge hadde fullført 1-årig bibelskule. Thaiar er glade i seremoniar og høgtid, så dette var ein stor dag, med mykje alvor (og store smil).

Sjølv har eg undervist i engelsk dei siste 3 semestra, og eg kjende at eg var så stolt over "mine" studentar som, litt smånervøse, mottok vitnemål frå rektor. Arne var henta inn som fotograf, og fotoseansen ville ingen ende ta; 360 bilete på 3 timar, slett ikkje verst!
Etter fullført bacholor må ein har ha 5 års praksis frå kyrkjelydsarbeid før ein kan ordinerast til presteteneste. ELCT har stor mangel på prestar og leiarar, og vonaleg kan kyrkja om få år ha nye festgudstenester med ordinasjon av prestar.

torsdag, juli 29, 2010

Det er ferie!


Ingen tur til Noreg i år, og ingen iskald vestlandssommar å nyta ;). I staden har me hatt gode feriedagar m.a. i Hua Hin:
- rikelig med sol og varme
- 1 stk hus ved sjøen
- 1 stk svømmebasseng i hagen
- 1 stk sandstrand med passe store bølger,passe små krabbar, bananbåt og fruktshaker
- 1 par besteforeldre
- litt ansiktsmaling
- 1 stk isbil innom i porten kvar dag
- 1 - 3 nattmarknad like ved + diverse andre marknader med uavgrensa tilgong på vesker, smykker, pynteting, såper etc, etc



Når alt dette så vart krydra med gode vener (familien Merete og Knut Hallen er attende på gamle trakter), vert det deilige dagar for både store og små!

onsdag, juni 30, 2010

Graduation

Jenny hadde sin siste dag i barnehagen i dag. Som seg hør og bør vart det markert med sang, høgtidelig overrekking av vitnemål frå rektor, og tale frå lærar ms Allison. "Funny hats" (som Jenny sa) var òg ein del av det heile.


Gratulerer, Jenny!

Du har allereie byrja gleda deg til hausten; Til 1.klasse, ny skule og alle bøkene du skal lesa.

fredag, juni 25, 2010

Misjonær til Taiwan


Den evangelisk lutherske kyrkja i Thailand sender i desse dagar ut sin fyrste misjonær! Slett ikkje verst, med tanke på at ELCT vart etablert for bare 16 år sidan.

Adjarn Wannee er ei flott dame, ein sterk leiar og ein brennande evangelist. På førbønsgudstenesta no i veka fortalte ho om sitt fyrste møte med ein kristen thai og om korleis forbøn og omsorg frå m.a ein finsk misjonær hadde forandra livet hennar. Ho ville bli misjonær, men kva er det - og korleis vert ein det?

Åra gjekk, og Wannee gjorde ferdig skulen og teologistudier. Ho har no i fleire år leia ei av kyrkjelydane i Bangkok og er ei av dei markerte kvinneleg leiarane i kyrkja. Slik sett er det leit å sjå henne reise, men me gler oss saman med Wannee over at draumen hennar om misjonsarbeid no vert realisert.

Ho vert teken imot av kyrkja i Taiwan og skal ha hovudfokus på dei mange arbeidsinnvandrarane frå Thailand.

Kjære misjonsvenn i Noreg; Takk og be for Wannee, vår nye thai-misjonær i Taiwan.

søndag, juni 13, 2010

Ein hyllest til Jenny

Jenny har blitt 5 år! Torsdag var endelig den store dagen, og det var ei fnisande Jenny som fekk kake og pakkar på senga tidleg morgon. Endelig var det hennar tur til å ha bursdag!

Etter endt skuledag kom 15 naboungar og vart med på feiring. Det var eggeløp, stolleken, tegne-hale-på-grisen og pinata. Jenny strålte heile dagen og bare eeeeelska å få vera i sentrum.

Det er godt å vera i lag med Jenny, det er lett å la seg smitta av ein trillande latter, lett å la seg gleda over eit nydelig smil, og godt å kjenna varmen i ein god klem.


Det er ingen som du, jenta vår!

GRATULERER MED 5 ÅR!

mandag, mai 24, 2010

Sommaren er snart over

Snart er sommaren over... Neste veke startar skulane opp att, etter nesten 2 månadars ferie (vart plutseleg ei ektra ferieveke pga uroen i Bangkok). Me utlendingar er heilt mot strømmen, og har ferie midt i regntida (juli/august). Det betyr jo òg at me jobber i varmetida, noko som faktisk er naturstridig... Det er sååååå varmt. Og det vert varmare og varmare for kvar dag. No er me tett opp i 40 grader i Bangkok, og det merkes! Aircon er eit fantastisk gode, og me prøver å halde oss inne.

For ungane i slummen er verken aircon eller tur til stranda eit sjølvsagt gode. Det vert lange, og varme dagar under motorvegen heile sommarferien. Ettermiddagsaktivitetane på Hop (Lovsangshjemmet) arrangerte sommarleir til sjøen for ikkje lenge sidan. 3 dagar på tur. Motto for leiren var "Friends to friends", og det var mykje fokus på venskap 0g fellesskap både i undervisning og i aktivitetar. Eit minne for livet!


I kyrkja vår prøvde me i år for fyrste gong å invitere til barneleir. Veldig usikre på kor mange som ville kome, no heilt på tampen av ferien. Men, til vår store glede strøyma ungane inn! Siste dagen var det over 30 ungar frå nabolaget som kom, jungeltelegrafen er supereffektiv! "One creator, one world" var temaet, Gud og skaparverket. Me prøvde oss i tillegg på litt miljøvern-tenking, søppesortering og sånt. I løpet av dagane var det kunst, musikk og dans, blomeplanting, kakepynting og kinokveld. Det var utruleg kjekt!

søndag, mai 16, 2010

Nytt frå oss i Bangkok

Kjære alle!
Det er mange som i desse dagar ringer, sms'er eller bruker facebook til å spørje korleis me har det. Bileta frå Bangkok ser ikkje bra ut, og mange sterke ord vert bruka. Her me bur er det stille og roleg. Det er meir politi ute i gatene, men me høyrer ingenting av kampane inne i sentrum. Ungane spør og er nok litt redde, det er mange rykter som går - og små gryter har som kjent ofte store øyrer. Me prøver å forklare at det er ingen "snille eller slemme", men at folk ikkje er einige om viktige ting. For oss utlendingar er det umogleg å skjøne alt i det som skjer, ting er uhyre komplisert.

Men, me les, diskuterer, høyrer, og tenker vårt. Mange tårer og bøner for Thailand no i denne tida.

Kyrkja vår er delt, me har både "røde og gule" sympatisører. Det er tunge dagar for alle, mange har slektningar og vener i rødskjorte-leiren som dei ikkje lenge får kontakt med, medan andre er i militære eller har ektefeller i politiet. Dei ringer og ber om forbøn frå kvar si side.

"Dette er ikkje vår konflikt", høyrde eg ein utlending som sa, og det har han heilt rett i. Samstundes er det litt vår konflikt likevel. Fordi det er menneske me er glade i som er berørt av det som skjer, det er ikkje berre krigsbilete og statistikk lenger.

I vår familie har me bestemt at me ikkje ynskjer å delta i feiringa av 17.mai i morgon. Det kjennes ikkje rett. Vertslandet vårt blør, dette er ikkje ei tid for feiring.

mandag, april 26, 2010

Welcome to Thailand- We just want democracy

- Dette er henta frå banneret over scenen i rødskjorte-leiren midt i Bangkok. Det er no snart 7 veker sidan rødskjortene frå landsbygda kom til byen, og dei har verkeleg sett spor etter seg. Dei største (og dyraste!) kjøpesentra i byen er stengt fordi dei har valgt å setje leir utanfor dørene der (neppe tilfeldig), og det vart innført unntakstilstand i byrjinga av april.

Det er no forbode å samlast meir enn 5 personar til politiske møter.
Det er ulovleg å rapportera nyhende i radio, aviser, TV eller via internett som kan oppfattast som støtte til demonstrasjonar.
Og, myndigheitene har lov å halde personar arrestert/fengsla i inntil 30 dagar utan å informere nokon eller gje dei rett til juridisk hjelp.
Vår kvardag går sin vante gong; Ungane går på skule og me reiser på jobb.

Eller, det er kanskje ikkje heilt sant: Sjølvsagt ligg situasjonen i minnet heile tida, så me held oss heime på kveldstid, og reiser ikkje ned til sentrum utan at det er heilt naudsynt. Me er stadig inne og sjekker nyhende og aviser, og kjenner klumpen i magen på at dette kan ende heilt galt for Thailand.
Eg var nede i leiren til rødskjortene i sist veke, og bileta er henta frå besøket mitt der.