lørdag, mars 30, 2013

Skjærtorsdag kveld

Tradisjonen tru kom kyrkjelyden vår til påskemåltid og fotvask Skjærtorsdagkveld.

Lite i Thailand som minner om påske, og trafikken er som vanleg ein vekedag. Då dei endeleg kom til oss var det 1 1/2 time seinare enn planlagt, og me var alle overstadig svoltne. Arne hadde laga lammesteik, som kona i huset fekk mykje skryt for ;), og det var uhyre eksotisk med utanlandsk mat.
Så samlast me i stova; i sofa, stol og på golvet. 1 stort og 13 små stearinlys vart tent på "alteret", eit kvar for Jesus og hans tolv læresveinar. Så i lysskimmeret gjekk bibellesinga på rundgang, og me følgde Jesus gjennom hans siste måltid, fotvasking, opp til Getsemane, aleine i bøn og fram til han vart krossfest.




Så vert det festgudsteneste i kyrkja på søndag - heile dagen....