søndag, juni 29, 2008

Skal du på GF?

Generalforsamlinga til NMS er i år "heime" i Bergen. Der er dessverre ikkje me. I sommar skal me vera turistar i Thailand og garantert ha sol i ferien... Men altså, GF 2008, "Guds Draum" startar neste veke i Bergenshallen på Landås. Ingen tvil om at region Bjørgvin har gjort ein kjempejobb med programmet. (trykk her om du vil veta meir om det).

Ein liten bit Thailand vert det òg, sidan evangelisten Sim frå Mukdahan er invitert gjest og opptil fleire av våre misjonærarkollegar er påmelde.

Dersom du no i neste veke er i Bergenshallen, eller i området rundt, og kjem til å få auge på ein flott og fargerik banner med GF-logo, då skal du veta at den òg kjem frå "Smilets land". Vår gode ven, Viroj, har sørga for at over 30 bannerar i ulike fargar er å finna på GF. Me har prøvd å forklara etter beste evne kva som ligg i temaet "Guds draum", om logoen er fisk eller blom, eller begge deler, eller noko heilt anna...

Denne veka vart siste versjon endeleg ferdig, i heile 8 fantastiske fargar. Me er ganske stolte! Kva farge likar du best? Hjå jentene her i familien er den mørke rosa ein klar favoritt...

tirsdag, juni 24, 2008

Midtsommar

Sist veke kom det inn ein e-post med invitasjon til midtsommarfest. Ja, akkurat, me vart invitert til St.Hans-fest i Bangkok! Det var våre finske misjonærkollegar, fam Markkanen, som ville halde på tradisjonen heimefrå og markere at sola snur.

Me hadde grilling og svidde pølser, akkurat som heime. Potetsalat og thousand island, akkurat som heime. Me fekk til og med rullekake med multesyltetøy! Grillmaten vart ete innandørs sidan det var altfor varmt ute, og det var kanskje ikkje akkurat som heime...

Her er små glimt av St Hans i Bangkok:
Merkeleg det der; Gutta samlast alltid rundt grillen...
Dei yngste jentene er fornøgde med pølse og mais. Som de ser; Jenny har pynta seg for feiring!

Kveldens vertinne ved kakebordet. Ekte finske multer og blåbær! Mmmm...

Dei fleste av oss åt sjølvsagt altfor mykje. Kanga måtte legge seg ned å "kvile magen". Kaffeservering er undervegs...

søndag, juni 22, 2008

Ein grøn oase

I dag har me vore på tur! Til "fredens hage", ca ein times køyring heimefrå. Ein nydeleg grøn oase, med vatn, bekkar, bruer og mykje tre og blomar! Fantastisk! Eit katolsk reatreat-senter innimellom rismarkene. Skjønt, det vart ikkje mykje retreat i dag. Kyrkjelyden vår er ikkje av dei mest stillfarne, og lovsongen ljoma godt utover.

Dagen planlagt med masse aktivitetar frå byrjing til slutt, å reisa på tur er noko thaiar likar! Fiskestengene var med og vart raskt sett på plass med ein brødbit som lokkemat. Trur dei satsa på fisk til kvelds.



Me reiste heim utpå ettermiddagen, då var dei godt i gang med både gruppeleiker og bibeltime.

Våre 3 små hadde då fått meir enn nok av å vera på "kjedeleg møte med bare guttar å leike med".
I tillegg hadde Gabriel vandra frå fang til fang sidan tidleg morgon, og var klar for å få returnera til mamma og melkelukt.




søndag, juni 15, 2008

Endeleg bursdag!

Vår vesle Tingeling hadde venta lenge, lenge på bursdagen sin. Kvelden før Dagen var det umogleg å sovne, og etter mykje nattevandring vart det endeleg morgon! Sjokoladekake med lys på senga (tradisjon me har kopiert frå Even og Ida) og pakkar gav ein skikkeleg sukker-kick-start på dagen!

Heile Nursery-klassen var invitert, i tillegg til andre små vener, på Gymboree-feiring. Jenny storkoste seg og fekk springa og herja så mykje ho berre orka. Perfekt!

Bursdagskaka var lilla, akkurat slik ho skulle vera, og smakte fortreffeleg!

No, mest ei veke seinare, synes Jenny det er på tide å starta planleggjinga av 4-årsdagen. Ho gler seg sjølvsagt masse, masse allereie!

tirsdag, juni 10, 2008

Arne og damene

Barnehagar og aktivitetssenter for små barn er stort sett bemanna av damer. Lovsangshjemmet (Home of Praise) er intet unntak. Det mannlege innslaget er Arne. No tenkjer kanskje nokon av dykk "Stakkars, Arne", men det er det ingen grunn til! Etter som kona hans forstår har Arne det som plommen i egget, og trives veldig bra med damene på jobben.


No før sommarferien tek til har både studentar og Hald team reist heim. Snart reiser òg langtidsvoluntøren Hilde og "eittåring" Anne.

I går var dei to sistnevnte på besøk hjå oss i Fantasia, og det var ein særdeles hyggjeleg kveld!

lørdag, juni 07, 2008

Støtt Burma - kjøp ei t-skjorte!


I dag kom dei første forsendingane med naudhjelp fram til Burma i den NMS-støtta aksjonen. Du kan gi di gåve til konto 8220 02 85030, merk med 643 484. Eller kjøp ei gul aksjonsskjorte for 100 kr ved å ringa 51 51 61 00. På bilete til venstre ser de ei veldig gul Anne Brit på veg til kontoret i si nye t-skjorte. Vil du vere like "fashion" så løp og kjøp!

Så langt er det komme inn cirka 80 000 kroner i innsamlingsaksjonen til syklonofre i Burma. I tillegg har Det Norske Misjonsselskap gjort ei ekstraordinær løyving på 25 000 USD til aksjonen. Mottakarapparet er organisert av Lutheran Church of Myanmar. Dei første forsyningane kom fram til det aktuelle området i Burma denne veka. Midlane frå NMS vil gå til å forsyna 200 familiar med mat, klede og andre basisartiklar i løpet av ein to månaders periode.


Ein måned etter at syklonen Nargis ramma Burma, har berre halvparten av dei overlevande fått hjelp, ifølgje vl.no. Det betyr at 1 million menneske framleis ikkje har fått grunnleggjande hjelp.
Det har likevel skjedd ei tydeleg forbetring i hjelpearbeidet etter den internasjonale givarkonferansen i Rangoon for halvanna veke sidan. Forsyningar og hjelpearbeidarar kjem nå fram i stadig større grad. Kring 78 000 menneske drepne og 56 000 er sakna i syklonen.