søndag, mai 31, 2009

LO-misjonær

LO er for tida "i vinden" i kyrkja vår, ELCT. Ikkje Landsorganisasjonen og fagforeiningar altså, men leiarutvikling og organisasjonsbygging. Eg er LO-misjonær og jobber med den 3. B'en til NMS (Budskap, Bistand og Bygging). I desse dagar arbeider me for fullt for å få ferdig ein aktivitetsplan for dei neste to åra. Fokus vert på lokal-kyrkjene, lekfolk og ungdom. Torsdag fekk eg presentera planen for medarbeidarane i ELCT og responsen var mykje større enn forventa. Eg vart rett og slett litt overraska over alle kommentarane og spørsmåla. Så, no gjeld det å smi mens jernet er varmt, og halda kontakten med kyrkjelydane framover.

Bileta her er henta frå seminaret LO-misjonærane (Tore Heggernes og eg) hadde for diakoniavdelingen for eit par veker sidan. Temaet der var rapportering; Kva, kvifor, korleis. Veldig kjekt. Men etterarbeidet etter slike seminar er ikkje så gøy... Mange rapportar som skal lesast og rettast. For den som måtte lure: Ja, thai er vanskeleg! Og særleg når deltakarane er så ivrige at dei leverer side etter side med tettskrive presentasjon av prosjektet sitt. Som bileta syner jobba dei hardt med gruppeoppgåvene.

Snart er me klare for lang ferie heime på Vestlandet, men til hausten ser eg fram til masse spanande arbeid! Ja til LO!!

mandag, mai 25, 2009

"My dad ate all the chips", by super Star Jenny

Jenny (3) kom heim frå skulen i dag med denne rapporten frå helga:
Som de ser er illustrasjonen svært detaljert og i tråd med teksten.

torsdag, mai 21, 2009

Tiger-reka vår

Signe er glad i vatn. Ho sym butterfly, crawl, bryst, rygg og andre ting som me foreldre ikkje får til.

I januar fekk ho plass på skulelaget, TigerPrawns, og øver no 2 dagar i veka. Signe vil helst slutte med symjing og byrje på turn i staden. Men, sidan turnlaget har laaaaange ventelister vert det rekene ei stund til framover.
I går var det svømmestevne for alle 1.klassingane på skulen. Det var litt for mykje konkurranse syntes Signe sin mamma, men Signe sjølv storkoste seg! Ho fekk verkeleg synt at øving gjer meister, og symde frå dei fleste. Bra jobba, Signe!

fredag, mai 15, 2009

Sommerskule

På måndag opnar skulane att, den to månadar lange sommarferien er over og eit nytt skuleår tar til. Butikkane er fulle av uniformar, sko, skulesekkar og tilbod som skal friste elevar og foreldre før klasserommet inntas.

No er ikkje sommarferien berre ferie. Dei aller fleste ungane, iallefall her i Bangkok, har vore på sommarskule eller leir (eller rett og slett tatt ekstratimar dersom dei strauk i faget før års slutt).
Mange born som til dagleg bur hjå besteforeldra på landsbygda, får lov å besøkje mamma og pappa i Bangkok nokre dagar i ferien. Det er elles i året ikkje ofte det skjer.

I ELCT har omtrent alle kyrkjelydane arrangert ein eller annan form for barneleir eller ekstra aktivitet for born no i sommar.

Immanuel kyrkje har hatt sommaråpent på Lovsangshjemmet, med utvida tilbod på dagtid. Mellom 35 -40 ungar har vore innom 3 dagar i veka. Sommarvarme (37 ++) til tross, ungane koste seg. Det gjorde forsåvidt ein ganske så svett Arne òg.

I eit nystarta evangeliseringsprosjekt midt i Bangkok (les meir om dette her) hadde evangelist Elle barneleir for ungane i nabolaget. Eg stakk innom ein dag og hadde engelskundervisning. Ca 15 ungar som gjerne ville læra "fahrang-språk", men som enno ikkje kunne anna enn thai bokstavar. Så, me laga vafler og serverte nysteikte hjerter til biskopen og andre i kyrkja. Det var gøy det òg!

fredag, mai 08, 2009

Bangkok-trafikken

Etter 6 år med bilkøyring i Bangkok hadde eg i går mitt fyrste krasj. På veg til jobb og morgonmøte med kollega Tore, med nyinnkjøpt kaffe mocca i bilen, svingte eg inn i gata til kontoret. Det vil seie; Eg prøvde å svinge, men fekk brått ein heil motorsykkel m/sjåfør inn i bakskjermen.

Ei svært lite hyggjeleg oppleving, men heldigvis gjekk det betre enn det såg ut til der og då i gata. Etter at stakkaren hadde fått blodet tørka opp, diverse flenger sydd og brukne bein retta, kunne alle vera einige om at det kunne gått så mykje, mykje verre. Hjelm er stort sett berre til pynt for sjåførane, og lite til nytte når uhellet er ute. Eg var ganske så skjelven resten av dagen, så etter møte med forsikringsselskapet, forklaring på politistasjonen og sjukehusvisitt til den skadde var det godt å kome heim att (i taxi!).

Eg har lært at:
- aldri gå nokon stad utan mobiltelefon
- ikkje flytt bilen vekk frå krasjplassen før politiet seier det
- skader ser ofte verre ut enn dei er
- eg hugsar ingenting av alle førstehjelpstimane på skulen
- motorsykkel-taxiar er proffe på uhell - og veldig, veldig hjelpsame
- omtrent ingen på motorsykkel har skadeforsikring, så eit uhell vert fort dyrt for alle som er innblanda.

Ca 30 000 menneske døyr i Bangkok-trafikken kvart år, dvs ca 10 stk kvar dag. Eg er vanvittig glad for at han som møtte bilen min i går ikkje enda opp i den statistikken.