mandag, august 28, 2006


Phibun - del 1

Phibun Mangsahan er ein liten by med ca 10 000 innbyggjerar i Ubonprovinsen, nord-aust Thailand. Her er det masse flott natur, god mat og småkryp i alle fargar og fasongar (merk bilete til høgre…).

NMS har vore involvert i evangeliserings- og diakonalt arbeid i Ubon-området over 25 år Det kanskje mest kjende NMS-støtta prosjektet i Phibun er Immanuelhjemmet, som gjev ungdomar frå fattige jordbruksfamiliar ein moglegheit til utdanning.

No har NMS tre familiar busette i Phibun. Familiane Sørheim, Tveten og Ngamchalad. Sist veke fekk me det påskòtet me trengde for å ta ei skikkeleg langhelg i Nord-aust; Kyrkjestyret la augustmøtet sitt til Ubon (næraste storby og provinshovudstad), og når me fyrst måtte reisa så langt kunne me like godt gjera turen til ein kjekk familieoppleving i eksotiske omgjevnadar!

Det vart det! Me har storkost oss saman med våre flotte kollegar, og fått kjenna litt på korleis det er å vera misjonær på landsbygda. Me er fulle av beundring over den innsats, pågangsmot og glede dei syner i arbeidet. Fantastisk!

Signe og Jenny fekk lov å gjesta barnehagen til NMS i to dagar. Dei hadde det kjempeflott saman med Kaja (snart 3 år), Henrik(2 år), Ingeborg Anna (3 år)og Hanna Olise (8 mnd). Ingen teikn til at dei sakna foreldrene…

Meir av våre opplevingar i eksotiske Phibun kjem i neste blogg.
Kan allereie røpa at det vert innslag frå fisketur i rismark, fotballkamp og glimt frå gudsteneste. Så, følg med, følg med!

Hei Bestefar!

Bestefar på Forsand er nok den mest trufaste blogglesaren vår. Han fyller år i dag, og Signe og Jenny sender varme kos til bursdagsbarnet. Gratulasjoner kjem òg via Skype så fort Signe er heime etter skulen.

Gratulerer med dagen!

mandag, august 21, 2006


Endeleg kom Line heim att!

Signe har venta lenge på at nabo og sin gode venn Line (snart 6 år) skulle kome heim att. Faktisk heilt sidan veka etter at ho og familien reiste til Noreg, byrja Signe å venta. Berre den som er 3 år veit kor vanvittig lenge 4 månader er…

Men, no i helga var me på flyplassen og tok i mot Line, Isak, Marie, mamma Merete og pappa Knut Hallen. Gjensynsgleda var stor, og både Signe og Jenny fekk pakke og snop. Stas!

Det er enno ei veke att til skulestart, og dei to jentene har no gode dagar med masse tid til ingenting. Eller, Signe ville nok kanskje sagt at dei er travle med å jobba. Venninne-idyll råder i alle fall her i Santikham, og me foreldre gled oss over det!

lørdag, august 19, 2006



På immigrasjonskontoret

Hver år, i slutten av august, må vi på vår årlige tur til immigrasjonskontoret i Bangkok får å fornye visumet og arbeidstillatelsen vår. Det er en tur vi voksne ser fram til med blandede følelser; Tid i bilkø frem og tilbake og med timesvis på et venteværelse, går det fort en halv dag. I tillegg må hele familien møte, vi må jo vise at vi virkelig er her alle mann.

Altfor seint fremme pga.”tett trafikk”, som de sier her i Bangkok, møtte vi fredag morgen den alltid smilende Cherry som bare sa ”may pen ray”, det gjør ingenting, bare signer på disse papirene. Cherry er sekretær for den lutherske misjonen her i Thailand, og er den som passer på at misjonærenes papirer er i orden (blant mange andre ting).

Så, etter at dama i luke nr 3 har fått passene våre er det bare å vente.

I år hadde vi forberedt oss godt, tatt med bøker til Signe og Jenny for å aktivisere de noen timer. Den første timen gikk greit, det var kjekt å lese og se i ny fotoalbum. Andre time ble de sultne, og vi fant frem hver si brødskive og ei flaske vann, og følte vi hadde full kontroll. Når det i tillegg ble en tur i kiosken for å snope + leke ”tikken” i gangane så det ut til at årets visumtur skulle gå som smurt .

Men, så var det nok. Etter 2 timer var ingenting gøy lengre, og lydnivået begynte å stige...

Da ble vi redda av nummerskiltet i luka, det var vår tur! Vi syntes å huske at det var slik i fjor også, så neste år skal ungene få skrike og hoppe på stolene fra første stund! Men, det er et helt år til. Vi er nå lovlige innvandrere i kongeriket Thailand frem til 20.august 2007.

torsdag, august 17, 2006


Med naboane på ferie…

Vår gode nabo, Sigve (Vidnes), er vikarprest i sjømannskyrkja i Pattaya i sommar. Han og familien pendlar no i august mellom Bangkok og Pattaya. Sist veke var me så heldige å få vera med Sigve, Cathrine, Talette og Caja sørover, og dei delte raust av både husrom og hjarterom.

Me hadde gode dagar ved bassenget, kjempestor sjokoladekaka i kjøleskapet, barnesamling og graut på sjømannskyrkja, kjøtkaker på Lindas kafè, shopping på nattmarknaden og tur til ”under-water-world” (det synte seg at Jenny er ein stor fiske-fan).

Saman med gode vener vert det fort seine kveldar, noko som jo er nærast livsfarleg for småbarnsforeldre. Men, Talette var entusiastisk barnevakt, ho stilte klokka kvar morgon kl 6, og henta våre to som då var beinklare for ein ny dag. Me sov lenge og kom skikkeleg i feriemodus.


4 ½ dag med sol og sjøbris var akkurat det me trengte no. Takk for oss, kjære naboar, neste ferietur tar me til Hua Hin!

mandag, august 14, 2006


Sommarferie

Heime i Noreg ynskjer ein gjerne sol, strand og sjø om sommaren. Draumen er varme dagar der kleda vert bytta ut med solkrem. Her i Bangkok søkjer me òg det eksotiske no i ferien. Kva er vel då meir fristande enn langbukse, sokkar, jakke og skøyter? Signe hadde sin debut på skøyter i sist veke. Saman med pappa + Talette og Caja (Vidnes) kosa ho seg nokre timar på isen.

”Det var kjempekaldt, og pappa datt” kunne ho rapportera då dei kom heim att. Neste gong må visst me andre to òg vera med.

No ynskjer me oss skøyter til jul både store og små!

søndag, august 06, 2006


Khristadjak Santitham (Peace Lutheran Church)

Santitham er ein av dei eldste kyrkjelydane i den Lutherske Evangeliske Kyrkja (1977) og er vår kyrkjelyd i Bangkok. Me vart plassert her av kyrkjestyret etter endt språkstudie. Anne Brit har ansvaret for preika der ca 2 gonger i semesteret, elles har me ingen andre oppgåver utan å vera medsøsken i kyrkjebenkene.

Sang og musikk (gjerne høg musikk) er sentralt i gudstenesta i Santitham, og skal me vera heilt ærlege så har lovsongen har meir enn ein gong redda gudstenesta for vår del. Bibelspråket på thai er framleis ganske "gresk" for oss, og når me i tillegg spring etter ungar er det dessverre ikkje mykje me får med oss av det som skjer elles. Men, det er viktig å vera ein del av eit kristent fellesskap og det hender ofte at Signe spør når me skal gå i kyrkja att (ho har funne sine vener på søndagsskulen).

Medlemmene i kyrkjelyden bur spreidd over heile byen, og dei tek difor i bruk SMS for kontakt mellom gudstenestene. I går fekk me denne tekstmelding frå evanglisten:

Rop til meg, så vil eg svara deg og fortelja deg store, uskjønelege ting, som du ikkje kjenner til. Jer. 33,3.

Me sender helsinga vidare til deg, kjære blogglesar, og ynskjer ei velsigna god veke vidare!!