torsdag, september 18, 2008

Vaksne, ansvarsfulle foreldre...


Me har fått skulejente! Brått var Signe 5 år og skulle starte i Year 1. Ny skuleuniform, ny lærar og nytt pensum venta. Noko som kom minst like brått på oss foreldre var alle leksene... 1.klasse og lekser kvar dag???? I tillegg skal det øvast på både piano og blokkfløyte. Me kjenner oss vaksne og ansvaret tynger; No nytter det ikkje sluvre og påstå at me har gløymt å sjekke kontaktboka den siste veka, nei no er det alvor!

Signe hentar fram den eine boka etter den andre frå sekken. Lesing og skriving og leiking med ord. Og det engelske språket vert ikkje akkurat uttala slik det vert skrive...

Men, men, læraren skryt og Signe stråler. Me vil så gjerne at ho skal få ein god start på ein lang utdanningsstige. Om ikkje lenge er det langfri og så skal jenta vår få slappe av i Hua Hin.

Midt oppi det heile har Signe fått to lause tenner! Det høyrer vel kanskje med for ein fyrsteklassing?!

søndag, september 07, 2008

Det var ein gong ein sommarferie...

- og den (sommarferien) er dessverre over no...

Me har hatt gode dagar heime i Bangkok og late, solrike dagar i Hua Hin. I tillegg har me hatt frøken Norge på besøk (masse lukke til i Ukraina, Lene! Du vert neste Miss World!), kjøpt oss grill og Jenny har lært å svømme!

Fyrste helga i august kom Besto, onkel Trond, tante Torhild, Kristin og Elin på sin tredje Thailand-tur. Det var absolutt sommarens høgdepunkt! Saman kjørte me langt, og lengre enn langt, til Chiang Mai og Chiang Rai. Etter fem år her i landet var det på tide at me fekk oppleva nord-Thailand! Flott natur, fjell, svingar og regn - nesten som sommar i Noreg med andre ord! Bilete til høgre seier vel det meste, mykje flott som suser forbi i bilvinduet, treng vel ikkje stoppe, vel?

Før jobb-og skulestart reiste Gabriel og mamma`n til Stavanger for å læra meir om NMS. Mammapermisjonen vart brått avslutta i juni og no jobbes det for fullt, iallfall til utpå nyåret.

Alt var ikkje berre jobbing i Noreg, me fekk òg tid til å møta både tanter, onklar, søskenbarn og vener. I tillegg kom ein splitter ny fetter Jonas ut av magen til tante Laila akkurat i rett tid så me fekk helsa på.

Før flyet gjekk attende i Bangkok avslutta me i Oslo med dåpsfeiring for nydelege Mirjam (til Gunn Jorun og Gideon) og eit svært gledeleg gjensyn med familien Hallen. Godt å sjå at våre tidlegare naboar trives i ny norsk kvardag.