søndag, mars 22, 2009

Unity in diversity - Enhet i mangfoldet

Sist helg var det samling for alle misjonærane i den Lutherske misjonen i Thailand (LMT), og overskrifta var tema for helga. Me er misjonærar frå 6 land, spreidd i ulike kyrkjelydar frå Bangkok og nordover, så det er ikkje akkurat for ofte me samlast. Det var sett av 2 dagar til samtale, gjennomgang av 2008, og masse tid til berre å vera saman.

"LMT-barna", nærare 30 stk, reiste til Safari World og såg på sjiraffar og løver, medan me vaksne las rapportar og drakk kaffe. Perfekt! Alle koste seg, og ungane var passe utslitt til kvelden. Noko som passa bra sidan dei måtte tidleg i seng, me foreldre skulle nemleg på middagscruise nedover Chao Praya-elva. Nydeleg mat, hyggjelege finske kollegar og fantastisk utsikt over elva som renn gjennom Bangkok. Flotte bilete, eller? (litt stolt over mine små foto-eksperiment...).



Søndag var det engelsk gudsteneste i Christ Church der fleire av ungane fekk ringa i klokkeneog lunsj ved bassenget heime hjå Solveig og Dag. Vår japanske kollega, Naoki, reiser heim til Japan no etter 7 år i Thailand. Behovet for prestar er stort i den japanske kyrkja, og dei har difor kalla han heim til ein kyrkjelyd i Osaka. Etter lunsjen vart det avskjedstale og bøn for ein kjær kollega. Me var naboar og språkstudentar saman med Naoki og kona Hiroko den fyrste tida vår i Thailand. Etter det har me jobba saman i LMT i fleire år. Det er veldig vemodig og trist at dei no reiser, og det har gått opp for oss at me snart er for misjonær-veteranar å rekne...

Så, i veka var det tid for vår siste jentekveld på byen saman med Hiroko. Ho er ein flott kunstnar, og har hatt fleire utstillingar både her i Thailand og i Japan. Arbeidet hennar har verkeleg vore til velsignelse og glede for mange. Sjekk gjerne heimesida hennar her.

tirsdag, mars 17, 2009

På tur med sjefen

For ei veke sidan reiste eg på tur, heilt aleine uten Gabriel, til Nord-Thailand. Me skulle møte kyrkjeleiinga i Laos Evangeliske Kyrkje. Sjefen vår, Dag, er attende i jobb og like energisk som før, så me fekk jobba oss gjennom ein masse tema i løpet av reisa.

Alltid spanande å møte NMS sin samarbeidspartner i Laos. Å arbeide i eit kommunistisk land har sine klare utfordringar. Laos er eit av dei landa med mest utbreidd kristenforfølging, og altfor mange i kyrkja har erfaring frå harde møter med politi og fengselsopphald.

Me vart henta på flyplassen og kjørt til grensebyen Nong Khai, ca 1/2 times køyring frå hovudstaden i Laos. Det var eit varmt gjensyn mellom Dag og presten. Både kyrkjepresidenten og prosjektleiaren hadde konene med seg, dei var på handling. "Det er jo så billig i Thailand!" Har aldri tenkt på at laoterane har "svenske-handel" i Thailand...!

Andre ting som satte sitt preg på dagen:
- Telefon frå Arne om ei alvorleg (dengue feber) sjuk lita jente på Lovsangshjemmet
- Ødelagte flybremser
- Melkespreng og stoooooort sakn etter Gabriel-vennen
- Mykje venting på flyplassen
- Oppgradering til business-seter på flyet heim
- Flytur midt på natta med stor fart og nervøse passasjerar: Vil bremsene halde ved landing?

Om ei veke er det ut på ny reise, til Mukdahan og opning av ny kyrkje. Det vert stas!

søndag, mars 08, 2009

Heftig festing i helga

Jenta vår Signe har hatt bursdag. 6 år er absolutt verd ei markering, og det har me hatt - til gangs!

Fredag var NMS-folket invitert til kake og kaffi. Det vart nesten voksenselskap, for det er ikkje mange misjonærbarn i Bangkok for tida. På bilete til venstre ser de Signe saman med Chalom, som var ein av VIP-gjestene.

I går var den store bursdagsfesten. Heile klassen var invitert + litt andre vener. Når ein inviterer til fest i Thailand er det umogleg å veta kor mange som kjem, ein må bare ta utgangspunkt i at det alltid kjem fleire enn kva ein trur (og som strengt tatt er invitert). Det var fest, latter, høg musikk og mat i 4 timar. Og rydding og vasking for foreldra i minst like mange timar etterpå...

Etter ynskje frå Signe hadde Arne hadde laga pinata til festen. Dessverre var det ein veldig solid pinata, som iallefall ikkje bursdagsgjestene fekk slått hol på. Då heller ikkje ei slagkraftig mamma-gjest fekk til så mykje som eit lite merke i papp'en, måtte kniven fram. Så veit me det til neste år; ca 15 lag mindre avispapir er meir enn nok!

Masse snop gjorde at både Signe og Jenny levde på sukker-kick til langt utpå kvelden... Bilete under syner kloven Satino saman med bursdagsbarnet og mange av gjestene. Sidan det var komplett umogleg å få samla alle, stadig nokon som fresa rundt etter mat og snop, vart dette bilete det beste me fekk til.
Òg i kyrkja vart bursdagen markert. Sang og bøn for jenta vår under kunngjøringane + blåse ut lys på kaka.

No, seint søndag kveld, er bursdagsbarnet vel i seng og me foreldre skal ha ein bit kake og slenge beina på bordet. Det har me verkeleg fortent!

mandag, mars 02, 2009

Filmpremiere til sommaren!

Me har ein heilt ekte proff film-lagar/fotograf blant kollegane våre dette året. Mads frå Trøndelag er svært opptatt i desse dagar: Alle misjonærane vil ha infofilm om sin arbeidsstad, og helst ferdig redigert til sommaren. For då skal me til Noreg og besøkje Thailandvener!

No etter jul har Mads vore nede i slummen og filma på Lovsangshjemmet. Arbeidet der er ein del av prosjektet "Barn og utdanning i Thailand", som me veit mange av dykk støtter.
Så, kjære vener i Bergen, Osterøy og Forsand: I sommar vert det filmpremiere! Gled dykk!