onsdag, juni 30, 2010

Graduation

Jenny hadde sin siste dag i barnehagen i dag. Som seg hør og bør vart det markert med sang, høgtidelig overrekking av vitnemål frå rektor, og tale frå lærar ms Allison. "Funny hats" (som Jenny sa) var òg ein del av det heile.


Gratulerer, Jenny!

Du har allereie byrja gleda deg til hausten; Til 1.klasse, ny skule og alle bøkene du skal lesa.

fredag, juni 25, 2010

Misjonær til Taiwan


Den evangelisk lutherske kyrkja i Thailand sender i desse dagar ut sin fyrste misjonær! Slett ikkje verst, med tanke på at ELCT vart etablert for bare 16 år sidan.

Adjarn Wannee er ei flott dame, ein sterk leiar og ein brennande evangelist. På førbønsgudstenesta no i veka fortalte ho om sitt fyrste møte med ein kristen thai og om korleis forbøn og omsorg frå m.a ein finsk misjonær hadde forandra livet hennar. Ho ville bli misjonær, men kva er det - og korleis vert ein det?

Åra gjekk, og Wannee gjorde ferdig skulen og teologistudier. Ho har no i fleire år leia ei av kyrkjelydane i Bangkok og er ei av dei markerte kvinneleg leiarane i kyrkja. Slik sett er det leit å sjå henne reise, men me gler oss saman med Wannee over at draumen hennar om misjonsarbeid no vert realisert.

Ho vert teken imot av kyrkja i Taiwan og skal ha hovudfokus på dei mange arbeidsinnvandrarane frå Thailand.

Kjære misjonsvenn i Noreg; Takk og be for Wannee, vår nye thai-misjonær i Taiwan.

søndag, juni 13, 2010

Ein hyllest til Jenny

Jenny har blitt 5 år! Torsdag var endelig den store dagen, og det var ei fnisande Jenny som fekk kake og pakkar på senga tidleg morgon. Endelig var det hennar tur til å ha bursdag!

Etter endt skuledag kom 15 naboungar og vart med på feiring. Det var eggeløp, stolleken, tegne-hale-på-grisen og pinata. Jenny strålte heile dagen og bare eeeeelska å få vera i sentrum.

Det er godt å vera i lag med Jenny, det er lett å la seg smitta av ein trillande latter, lett å la seg gleda over eit nydelig smil, og godt å kjenna varmen i ein god klem.


Det er ingen som du, jenta vår!

GRATULERER MED 5 ÅR!