torsdag, desember 29, 2005

3 dagar julefeiring i Santikham

22.desember:
Tante og onkel kom i går. I dag var det julegåveinnkjøp før roen senka seg og me kunne opna eska med julepynten. Juletreet vart pakka ut, 200 lys hengt på og alle var med på pynting. Jenny var mest med som heia-gjeng...

23.desember:
På kvelden kom kyrkjelyden vår, Santitham,på Cristmas caroling. Ca. 30 stk stod utanfor huset vår og sang jula inn... Nydeleg. Etterpå var det frukt, kaker, sjokolade og norske kakemenner.





Då me sat og åt restar etter før-julsbesøket, fann me ut det var på tide med den siste finish'en på julepyntinga; eit skikkeleg vintervindu! Ut for å kjøpa snø på boks (døgnopne butikkar er ein fin ting...) og tape opp plastfolie på vinduet, det får fram frosteffekten. Eit fantastisk resultat!


24.desember
Signe synes det var litt nifst med nissen som skulle kome om natta, og ville helst ikkje hengje opp sokk i det heile... Det var derimot gløymt morgonen etter då ho fann sokken full med "lørdagssnop", nisselue og engel...


Her er mine tre nissar samla julafta morgon.




Etter skandinavisk julegudsteneste var me samla 15 stk for julegraut m/mandel og ursyning av "3 nøtter til Askepott" (nett fått DVD frå Noreg).


Etter at halvparten av grauten var ete (mykje att til riskrem...), og Askepott fått sin prins, var det tid for juletregang. Her i heimen hadd me øvd mest på O, jul med din glede og Rundt om en enebærbusk. Så, me fekk trimma litt før julemiddagen.

Endeleg tid for julepakkane. Onkel Odd Olav las og Signe delte ut.
Det gjekk stort sett i to haugar...

Då våre to minste nissar var vel i seng, sette me vaksne oss til bordet. Pinnekjøtet var akkurat slik det skulle vera, og me åt oss akkurat litt for mette for dessert, slik me plar gjera. Etterpå var det Tufte IL. Me lo oss langt inn i dei små timar....

søndag, desember 25, 2005



Julekos med onkel og tante

Her er eg nisse, og koser meg med tante og onkel! Ganske kjekt med sånn jul... Nisseklem, Jenny
Lykken er... Ein rosa sykkel


Venter spent på kva det er pappa skal henta.
Kikker ikkje....



Kva er dette? Er det ein hest, tru...



Jippi! Ein sykkel!!!!! Rosa!
Det er ein rosa sykkel!!!


Sjå! Eg kan sykla!!!!

mandag, desember 19, 2005



Før-julsgleder

Her er Signe! Siste dag i barnehagen før ferien med sjølvlaga juledekorasjon. Berre 5 dagar att til jul!

Engler daler ned...

Preiketeksten for 4.søndag i advent her i Thailand var om engelen Gabriel som kom til Maria med bodskapen om Jesusbarnet. I vår kyrkjelyd, Santitham, set dei opp liste over kven som får lov til å preike. Eg (Anne Brit) var sett opp to søndagar denne hausten, og i går var det på ny min tur. Må innrømma at eg framleis skuldar på at eg er jo så ny, og får såleis lov til å bruka engelsk... I går prøvde eg iherdig å formidla noko om Guds nåde til oss og at ingenting er umogleg for Gud.



Sidan òg ein engel var sentral i teksten, og det nærmar seg veldig jul, hadde me ein bitteliten juleverkstad etter gudstenesta. Arne hadde kjøpt inn pappatallerkar og glitter, og alle fekk i oppdrag å laga englar. Dette slo verkeleg an! Store og små teikna og limte. Òg biskopen sette seg på golvet og laga sin glitterengel. Tips til kyrkjekaffi-aktivitet heime? Vart ikkje englane kjempefine?

fredag, desember 16, 2005



Tuppen og Lillemor

Eitt hus bortanfor oss bur Line 5 år. Det Line gjer, det gjer Signe òg. Vil Line ha leverpostei på skiva, er leverpostei det beste Signe veit. Har Line fin kjole, må selvfølgeleg Signe òg ha sånn glitterkjole... Av og til vert Line litt lei av all denne "herminga" og då vert Signe sint. Så spring dei til kvart sitt hus for ei lita stund. Men, det varer aldri lenge før dei på ny er bestevenninner og tøyser rundt som berre små jenter kan. Her har me samla nokre bilete av sjarmtrolla.




tirsdag, desember 13, 2005


I dag er det 13.desember

To flotte personar, som me er veldig glade i, har bursdag i dag: Ine og (onkel) Trond.

Gratulerer så mykje begge to, vonar de får ein fantastisk bursdag!

fredag, desember 09, 2005



Jenny - vesle godjenta vår

Her er Jenny, eit halvt år i morgon! På legekontrollen i dag vart ho målt til 66cm og 7,4kg. Heilt flott etter alle skjema. Med 2 tenner oppe og 3 tenner nede har ho eit ekstra søtt smil, samstundes som ho veit å bite frå seg...

Som dei fleste veit har Jenny hofteleddsdysplasi og har brukt hoftepute til inntil for ein månad sidan. I dag var det tid for ein check-up. Rutine, tenkte me. Men, hoftene til Jenny var ikkje så bra som me trudde. Målingane av venstre foten synte at den enno ikkje var innanfor "normalen". Barnelegen meinte at me burde kontakte sjukehuset i Noreg, "me har så lite røynsle med denne type ting", sa ho. Så, no ventar me på å få høyre frå Barneklinikken/Haukeland. Me vonar Jenny ikkje treng meir behandling, at ho no kan få sparka fritt med beina og øve på kryping. Kanskje det berre treng litt meir tid... Uansett, me veit at ho vert heilt fin og at ho er i gode hender. Det er godt å veta. Takk til alle de som tenkjer på oss og ber for oss. Kanskje me treng det litt ekstra no i desse dagar...

mandag, desember 05, 2005




Farsdag

Det er kongen sin bursdag i dag, 5.desember. Dermed òg farsdag og off. fridag. Her er vår pappa som skal feirast i dag, pynta og fotografert av Signe. Ho meiner bestemt pappa må få kake med lys på... Gratulerer med farsdagen, Arne! Gratulasjonar til alle andre pappa'er òg!

søndag, desember 04, 2005



Christmas caroling i thaistil
Christmas caroling er vorte ein tradisjon i den lutherske kyrkja her i Thailand. Kvar kyrkjelyd reiser rundt og "syng jula inn" til sine medlemmer. I går kveld var det vår tur: Ungdomsgruppa i kyrkja hadde i god tid sendt ut brev og bedt om å få kome og ynskje oss god jul. Bangkok er sein stor by, og det er vanleg at denne caroling-turneen tek heile natta. Me var difor budde på å vente... Men, kl. 23 høyrde me julesong ute i hagen. Der stod 13 ungdomar med gitar, kubbelys og store smil. Thai-versjonen av "Bjelleklang" var jo ei oppleving! Etterpå var det inn i stova til meir roleg sang og bøn for familien og heimen vår. Ein liten pakke fekk me òg. Enkel servering vert forventa, og våre julevener var svoltne! NMS kollegar (og naboar) Merete og Knut var med, og gjorde sitt til at stemningen var upåklageleg. Etter litt måtte ungdomane vidare, det var enno mange som venta. Det vart nok ei lang natts ferd mot dag... Me vinka dei vel avgarde (13 stk stua inn i ein Toyota pickup) og rusla inn att. Det kjendes godt å vera i Bangkok og få vera del av det kristne fellesskapet her. Måtte desse unge, sprudlande kristne verta rikleg velsigna slik dei i går velsigna oss andre!