mandag, mars 31, 2008

Bryllup

29.mars er bryllupsdagen vår og i år kunne me til vår undring rekna at det var heile 11 år sidan 1997, har me verkeleg vore gifte så lenge???? Slett ikkje verst!

Me var invitert til heile to bryllup denne helga. Evangelisten vår, Mio, gifta seg med si Føn i Udon Thani (nord-Thailand) og fredagskveld gjorde me oss klare til avreise frå Bangkok. Me hadde ein 7-timars køyretur framfor oss, og me ville avgarde fortast råd. Når endeleg dei to minibussane var fullsatt, alle hadde fått i seg mat og dopausen var unnagjort var klokka faretruande nær midnatt. Arne var nær hjerteattakk av all ventinga og somlinga, og ungane bad om å få setje seg og sova i bilen...

Det var overraskande mykje trafikk heile natta, mange store lastebilar, og me passerte fleire alvorlege ulukker. Me hadde mange som bad for oss den kvelden, og me var glade, letta og trøytte då me endeleg kunne sjekka inn på hotellet kl 6 om morgonen.


Bryllupet var ein kjempefest med over 500 gjester, ei nydeleg pynta kyrkje og eit rørande lukkeleg brudepar. Me introduserte riskasting på brudeparet, som vart ein stor suksess (einaste brura var ikkje så "happy" for riskorn i hårpynten...)!



Ved middagen fekk Signe og Jenny sitje på ungdomsbordet, og storkoste seg med fri flyt av cola og is. Gabriel var tøff med skjorte og greier, men sleit i varmen, i nærare 40 grader må ein berre gje ein liten lyd. Arne var bittelitt sveitt han òg...

Heimturen søndag var òg uendeleg lang... Me bur i eit stort land, og skal me på ny langtur bør me nok setja av litt fleire dagar, eller rett og slett aldri meir køyre så langt (jentene i familien stemmer på det siste)!

tirsdag, mars 25, 2008

Påske i Thailand

Sjølv etter snart 5 år i Thailand er det lett at påsken "forsvinn" litt, der den kjem etter kinesisk nyttår og før thai-nyttår. Det er lite gule kyllingar og påskeegg å finna i butikkane og me er garantert ei snøfri feiring! Mars, april og mai er sommar og gradestokken kryp oppover mot 40.
Me siterer frå mail sendt frå representanten vår her i Thailand:
Det er varmt ute for tiden, så om noen har tenkt seg ut på tur så husk at ”det er aldri for sent å snu” ….og heller holde seg inne med air-condition på fullt, en god påskekrim, appelsiner og ”Kit Kat” (som likner nesten på ”Kvikk Lunsj”, bare ikke like godt). Ha en god påske!
Me har gjort som sjefen sa, og ikkje vore ute på dei lange turane, heller kost oss på "hytta" i Hua Hin, og i staden for dårleg amerikansk sjokolade fekk me ekte norsk snop å fylla i påseke-egga, jippi!!

Ein liten billedkavalkade over vår påske 2008:
Skjærtorsdags-gudsteneste på LST (Luther Seminar in Thailand, tidl LITE) med fotvasking. Alle fekk prøva seg; etter at føtene var reine måtte ein ned på golvet og vaska neste fot i rekka. Det var stille i den store kyrkja og me fekk god tid til litt "påskemeditasjon" for det var mange føter som ville vaskast denne torsdagen. Ei fin innleiing til påskehøgtida.

Langfredag: Me kortar ventetida på påskesnopet med egge-maling. Her i Thailand er egga brune (brune høner???) og tåler litt hardhendt behandling. Då gjer det ingenting at Jenny sitt egg datt i golvet i pynte-påsketre-iveren...
Påskeafta: Påsekeegg!!!! Med masse snop!!!! Heile to påskeegg vart det på jentene i år! Tusen takk til bestemor og bestefar for eventyrsjokolade (prinsessesjokolade var knallkjekt!) og stor takk til familien Vidnes for kjempe-pakke til store og små NMS'arar her i Bangkok!

1.påskedag: Internasjonal gudsteneste på Hilton hotell i Hua Hin. Godt å skjøne absolutt alt som vert sagt.
På ettermiddagen fekk med gjester, koseleg Kjersti og Hilde! Me fann fram påskeserviettane og gul mango (ikkje akkurat som appelsin i skiløypa, men smakar like godt!).
2. påskedag: Kvardagen har byrja, men me tviheld litt på høgtida og inviterte Hald-teamet ++ innom på middag og medbragt brownies-kake. Toro-posar og Hald-team er ein fantastisk kombinasjon! Lise, Miriam, Hege og Karin - de er flotte jenter! De er høgt beundra av Signe og Jenny!

torsdag, mars 20, 2008

Bestemor og bestefar

No har me fått låna bestemor og bestefar ein heil månad! Me har feira Gabriel sin dåp saman, bestemor sin 60 års dag (er ikkje ho ein flott 60-åring?!), og hatt gode, late dagar i "sommarhytta" i Hua Hin.

I går kveld var me samla heile gjengen til avskjed på flyplassen. "Koffår skal dei reisa igjen?", sa Jenny, "det er urettferdig for meg...".

Og i grunnen er det ganske urettferdig at Noreg er så langt vekke frå Thailand...

onsdag, mars 12, 2008

Prinsesse Signe 5 år!

Så kom endeleg dagen då Signe vart 5 år, ho hadde venta leeeeenge....

Dagen vart feira med barneselskap på søndag.

Bursdagsjenta hadde lenge ønska seg klovn til selskapet sitt, så klovn vart det! Han underholdt både vaksne og ungar og laga ballongar til alle som ville ha. "Klovnen har jo pysj på seg", sa Jenny og holdt seg i trappa med god avstand frå den rare mannen.

Med 23 små gjester, mødre, fedre og "nanny'ar" vart det høg stemning og sterk kaos-faktor! Bilete til høgre gjev ein god illustrasjon på det.

Mamma'en til ei i klassen hadde laga rosa bursdagskake med prinsesesskrone som var stor suksess. Signe koste seg med alle vennene sine, og då gjorde det ingenting om ho måtte vente heilt til slutt med å opne alle dei flotte presangane.

Dette var fyrste bursdagsfeiring utan Caja, Talette og Bettina (de er sakna, ja!), men Ingeborg Anna og Hanna Olise frå Mukdahan kom - og det var kjekt!

No pustar me ut og ladar opp til neste bursdagsfeiring, heldigvis er det lenge til juni!

fredag, mars 07, 2008

Lykken er ein amulett..?!

Thai-buddhismen er ei blanding av Buddhas lære, åndetru (animisme) og diverse andre kulturelle tilpasningar. Dei fleste thaiar eig ein eller fleire amulettar som skal bringa lukke, rikdom eller tryggleik, mange har òg magisk (usynleg) tatovering på kroppen. Amulett-industrien har ein årleg omsetnad på mest 2 milliarder kroner! Dei dyraste og beste amulettane er dei som er velsigna av ein konge eller ein høgt respektert munk.

Ved byrjinga av 2008 kunne me lesa i avisa at 4000 soldatar som er stasjonert i Sør-Thailand hadde fått ordre om å alltid ha på seg ein amulett frå "Kongens soldatar"-samlinga.

"Amuletten gjer at eg kjenner meg trygg, sjølv om eg ikkje har skuddsikker vest", er eit sitat frå ein soldat. Dei som ikkje følgjer ordre og har på seg amuletten, risikerer fengsel i 3 dagar. Denne spesielle amuletten vart ein del av uniformen etter at ei busskolonne med soldatar vart utsett for eit bombeåtak. Femten soldatar vart skada og det synte seg at desse soldatane ikkje hadde amuletten på seg, men hadde den gøymt i ryggsekken...

Kva er den "magiske amuletten" i det norske samfunn? Kva er det me nordmenn stoler på skal gje oss eit lukkeleg liv og fri oss frå farer? Berre eit fåtall meiner lenger at "Vår Gud Han er så fast ei borg...". Kanskje vår "amulett" er eit vakkert ansikt, ein veltrent kropp, eit stort hus med tidsriktig interiør??? Kva er det me trur kan gje oss lukke i livet??