torsdag, november 11, 2010

Kyrkjeleir

Det er 6 år sidan sist ELCT inviterte til leir - og mange hadde heilt rett i at no var det jammen på tide å samle alle tilsette. 3 dagars leir, med masse tid til prat, leiker og avslapping. "One family" var tema - og fellesskapsbygging var altså satt i sentrum.

Prestane og evangelistane kom køyrande sørover til Khao Yai med kone og born (+ nokre til) stuva inn i bilen, alle smilande og glade for å møte kollegar på leir. Dei som var skikkeleg langvegsfarande hadde køyrt i 14 timar.

Innimellom kaffipausane (ekte finsk kaffi og ekte norske vafler) hadde me veldig bra bibelundervisning - det var påfyll for alle! Ungane våre hadde eige barneopplegg - og levde stort sett det glade liv utan oss foreldre. Det er ikkje ofte misjonærbarna møtes, og Signe hadde fått fri frå skulen for å bruke desse dagane til å leike på norsk. Kjekt å sjå at kontakten var der med ein gong - og at vener frå kyrkja var like velkomne med i gjengen.

Under finn det bilete frå leiren; Undervisning, fritid, leirbål og moro.